Nerigar bruksnummer 1

Tunet på Nedigard. Det er det same huset som står der i dag f.v. Nils Hesseberg, kona Dina (Regina Frøland) frå Hjørundfjorden, sonen Lars, Nils si søster, Karen Hesseberg og mor deira, Johanne Hesseberg. Lars vart fødd i 1909, så året kan vera omlag 1915. Det er utlånt frå Peter Blindheim

Nils Peter Karlson Hesseberg (1873-1960) og Randine (Dina) Jakobsdotter Frøland (1877-1937) frå Hjørundfjorden. Dei gifte seg i 1907. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim

Dette er truleg eit barndomsbilete av Lars Nilson Hesseberg. Han var den eldste sonen til Nils Karlson Hesseberg og Johanne Hesseberg. Biletet vart teke hjå fotograf Sponland i 1910, og Lars vart fødd 14. juni 1909. Han gifte seg seinare med Sofie Hesseberg og tok over Nerigar etter foreldra sine. Lars og Sofie budde på Nerigar fram til slutten av 1980-talet. Då flytte dei inn på dei nye eldreboligane på Garsendhaugen på Emblem. Lars døydde i 1996.

Biletet har nok hengd på veggen i Nerigard hos Lars Hesseberg i si tid. Den tilhøyrer no Peter Blindheim. Det ser ut som om det kan vere Olav Frøland som er brudgommen. Ein med det namnet bestilte i allefall dette biletet hos Fotograf Sponland i Ålesund 1916. Eg fann ei avfotografering av orginalplata på følgande stad i Fylkesfotoarkivet: https://foto.fylkesarkivet.no/photo/AM-95003/032320a/13/200

Dette er Andreas og Johanne (f. Vågnes) Frøland med barna Minny og Alma. Han var fra Sæbø, og Johanne var frå Langevåg.Både Minny og Alma bodde i Ålesund heile livet. Opplysningane er gjeve av Andreas og Johanne sitt oldeborn, Ragnhild Eide. Orginalplata finst i Fylkesfotoarkivet og er tatt av Sigvald Moa 1912. Her er lenka til avfotografieringa i Fylkesfotoarkivet: https://foto.fylkesarkivet.no/photo/FAKf-100530/251859/0/200Biletet er frå Nerigard og tilhøyrer i dag Peter Blindheim.

Andreas Martinus Johan Karlson Hesseberg hos fotograf Moa i 1914. Han var ein tur på besøk i heimlandet. Den unge kvinna i lys kjole er ukjend, men kvinna lengst til høgre er søstera Karen Karlsdotter Hesseberg. Andreas kom etter kvart heim att, gifta seg med Petra og tok over på Brennhaugen. Han hjalp også Karen med pengar til å bygge seg hus i Nylandvegen 17 i Spjelkavika. (Foto: fylksefotoarkivet.no)

Dette biletet syner tresking av korn og er frå Bottineau før 1917. Det er mogeleg at det var eit slikt bilete som Andreas Hesseberg sende heimatt til foreldra sine, og at veslebroren Daniel fekk sjå, før han bestemte seg for å reise nettopp hit til bror sin i 1912. Kontrastane var i alle fall store samanlikna med Nerigar på Hesseberg.

Karen Karsdotter Hesseberg til høgre på biletet var glad i å gå til fotografen. Her er ho fotografert saman med ei førebels ukjend dame hos fotograf Moa i 1915 (Foto: fylkesfotoarkivet.no)

Konfirmasjonsbilete av Johanne Hesseberg ca. 1925. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim

Tingar: Karen Hesseberg. Karen Karlsd. Hesseberg (f.1892) er den yngste kvinna på dette bildet, og det er flere bilder av henne i fylkesfotoarkivet. Den eldre kvinna er mora Johanne Hesseberg (1849-1938). Orginalplata tilhøyrer Fylkesfotoarkivet: AM-95003.039508 og fotografen er Johannes Sponland

Portrett av Karen Karlsdotter Hesseberg, signert Sponland i 1919. (Foto: fylkesfotoarkivet.no)

Jakob Hesseberg (f. 1922). Biletet tilhøyrer Peter Blindheim

Johanne Hesseberg og truleg Marie Frøland. Kan dei ha vore søskenborn? Biletet tilhøyrer Peter Blindheim

Solveig Hesseberg Vatne. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim

På dette kartet kan du sjå Ragnar Øverlid si teikning av Hesseberg frå 1960-talet. Der syner også restar av gamleløa, som kan ha vore kårløa på slutten av 1800-talet. Spor av den gamle kårstova er på dette tidspunktet borte. (Kjelde: Bygdebok for Borgund Band IV)

Hesseberg var ein samla gard i 1603, og kan ha vore det i tidlegare tider også. Dette året var det Peder Hesseberg som var bygselsmann, og det er også første gong ein finn garden i nyare skriftlege kjelder. Eg har tidlegare skrive ein del om om eigarar og forholda i teksten om matrikkelgarden Hesseberg, så eg skal ikkje gjenta meg sjølv. Eg vil difor gå rett på dei ulike brukarane og den næraste familien deira.

I 1607 var Størker Justsen den første som vart nemnd som bygselsmann på eit todelt Hesseberg. På denne tida nemleg vart garden delt i to like store bruk (i dag kjend som Nerigar og Oppigar). Slik har det vore sidan den gongen, sjølv om sonen Anders Størkerson Hesseberg var einebrukar i ein periode i 1640-åra. Han tok over etter far sin ein gong på 1630-talet og dreiv bruket til ca. 1650. I 1617 gifte han seg med Ingeborg Pederdotter Magerholm, men bygdeboka gjev desverre ingen informasjon om han utover dette. I bygdeboka for Skodje finn eg derimot fleire spor. Lenger aust, på garden Gudmundset, rusta Niels Gudmonsetter i 1611 Størk Jøsten Hesseberg og Erik Heggebacke ved utskrivinga til Kalmarkrigen (1611-1613) mellom Danmark/Norge og Sverige. På den tida var det mogeleg å betale unggutar eller husmenn for å reise i staden for å møte opp sjølv. Størker overlevde krigen og gjekk truleg i den samme soldatopplæringa som den vidkjende «Store-Rasmus».

I skattematrikkelen for Valle skipreide frå 1647 finn me to brukarar. Dette er «Enchen» og «Jffuer» som både to var underlagd «Presten paa Ørschouf». Sidan garden var kyrkjegods, og Uttalen på gardsnamnet har ei ubunden form, så skal ein ikkje sjå bort frå at det har vore busettnad der sidan vikingtida. Dei to brukarane er truleg Enka på Oppigar og Iver på Nerigar. Namnet på denne enka kjenner me ikkje, og namnet på en avlidne ektemannen er også usikker. Iver på Nerigar stemmer derimot med opplysningane i bygdeboka for Borgund, for der er nemnd ein med dette namnet på 1650-talet. Om Iver var i slekt med brukarane før han, eller om han kan ha vore inngift, har eg ingen prov på. På den andre sida så veit me litt om etterslekta hans, for sonen Berttil Iversen Hesseberg (ca 1635-1709) tok over bygselskontrakta og dreiv garden til han døydde. Bertil var gift med Brite Rasmusdotter. Eg har også funne ein Olle Iversen Hesseberg som døydde på sjøen i 1717. Han var utkommandert som soldat under Den store nordiske krig frå 1709-1719. Det må ha vore ein yngre bror av Bertil, for eg kjenner ikkje til nokon husmannsplassar på Hesseberg på denne tida.

Bertil Iversen Hesseberg si slekt busette seg i all hovudsak i nærleiken av heimgarden. Kyrkjestaden var på den tida inne på Sjøholt, og her kunne ein dermed finne seg passande gifteemne på kyrkjebakken etter preika om ein var heldig.

Sonen Peder Bertelsen Hesseberg (f. ca. 1665) gifte seg i 1699 med enka Gjertrud Knudsdotter (ca. 1665-1724) i Apalvika. Peder fekk ingen born sjølv, men dei to stesønene Guttorm og Jørgen tente hjå kapellanen i Ørskog. Peder hadde også eit kvennhus i nærleiken av Svarthølen i Solnørelva. Dette likte Ole Olsen på Solnør heller dårlig og det endte med rettsak mellom dei.

Iver Bertelsen (død 1720) gifta seg i Kristiansgarden, bruksnummer 3, inne i Vaksvika. Kona Kirsti Justsdtr. (1664-1734) hadde vorte enke 2 gongar tidlegare. I arveoppgjeret etter han var det søskena hans som var arvingar. I tillegg til den tidlegare nemnde Peder var dette to brør som heitte Ingebrigt Bertelsen. Dette var noko uvanleg. Den eine var registrert som soldat i 1720, medan den andre tok over Nerigar på Hesseberg. Han skal eg kome attende til.

Ved arveskiftet finn eg også to søstre. Dette var Anne og Eli. Dei var ikkje nemnd med anna etternamn, så dei kan ha vore ugifte på dette tidspunktet. Det kan verke litt rart for i arveskiftet etter søstera Tyri i 1713 var dei registrert som 30 og 28 år gamle. I 1720 kunne dei altså ha vore 37 og 35 år, noko som var ein godt vaksen alder i dei dagar. Det er difor ei viss mogelegheit for at dei anten ikkje vart nemnde med giftermålsnamn, eller at dei var ugifte heile livet. Søstera Tyri var i alle fall ikkje ugift, for i 1709 gifte ho seg for andre gong med enkemannen Erik Larsen på garden Øvste Skar i noverande Skodje kommune. Han hadde eit born frå sitt tidlegare ekteskap, men eg veit ikkje om han fekk fleire etter at han gifte seg oppatt med Tyri.

I tillegg fann eg ein Engebr. Bertelsen Hesseberg som soldat i den millitære utskrivinga frå Bergens stift under den Store nordiske krig frå 1709 til 1719. Eg veit ikkje heilt kor det gjekk med han, men han vart i alle fall reistrert i Kristiania den 15. september i 1717, så det er mogeleg at han overlevde. Det er mogeleg at han ikkje vart nemnd i arveskiftet etter Tyri fordi han var utskriven som soldat i krigen på dette tidspunktet, og det er også mogeleg at han anten var soldat framleis ved arveoppgjeret i Vaksvika i 1720, eller så var han avliden på dette tidspunktet.

Den tidlegare nemnde broren, Ingebrigt Bertilsen (f. 1685), tok altså over garden og dreiv den til omlag 1740. Det vart nemnd at han var «svag i øinerne» i 1701-tellinga. Eg veit ikkje kven han gifte seg med, men bygdeboka for Borgund fortel at det kan ha vore svogeren Knut Knutsen som tok over etter han kring 1740. og då må ho i så fall ha hatt Knutsdotter til etternamn.

Ingebrigt hadde minst ein son. Dette var Bertel Ingebrigtsen Hesseberg (ca. 1700-1786). Han tok ikkje over etter faren, men gifte seg til Nedste-Skar i 1741 og gifte seg med Berte Størkersdotter Klokset (ca. 1706-1761). Der vart etterkommarane hans buande fram til 1808. Det kan verke merkeleg at onkelen tok over på Hesseberg på omlag den same tida.

Det er også mogeleg at Berthe Hesseberg var dottera til Ingebrigt. Ho var før 1753 hushalderske på Fri og Fattigskulen ved prestegarden i Borgund. Borna budde på skulen det meste av tida, og då vart det mange born å ta seg av for Berthe. Hausten 1749 vart Ingebrigt Glomset tilsett som lærar. I løpet av dei vel tre åra han underviste der vart dei glad i kvarandre. Det endte med at han «Gik fra skolen» den 20. juli 1753, ifølge rekneskapsboka. Berthe vart med «den faldne skoleholder» vart følgande inntekt registrert i den same rekneskapsboka: «De ved provstedom leiermålsbøder af den faldne skoleholder Ingebrigt Glomset og husholdersken Berthe Hesseberg tilsammen 18 rigsdaler.» Dette må det ha vorte folkesnakk av i samtida.

Eg veit ikkje når Knut Knutsen vart fødd. I Skodjeboka er det skrive om ein enkemann som heitte Jens Knudsen Hesseberg (1711-1776) i Nordigaren på Håhjem. Dette må ha vore sonen til Knut og kona Mali Iversdotter. Det tyder difor på at både Mali og Knut må ha vore jamnaldringar med Ingebrigt Bertilsen Hesseberg. I tillegg til jens, fekk dei også sonen Knut Knutsen kring 1740.

Knut Knutsen d.y. (f. ca. 1740) dreiv agarden i omlag 40 år til 1780, og vart i 1801-tellinga omtala som kårmann og 60 år gamal. Ein skal ta opplysningar frå denne folketellinga og dei folketelde si oversikt over eigen nøyaktige alder med ein klype salt, men namna på dei registrerte familiemedlemmane i 1801 er til god hjelp for ettertida.I tidlegare tider var det stortsett mannen i hushaldninga som vart registert i skriftlege kjelder, som folketellingar og kyrkjebøker. Men utover 1800-talet får me med eitt langt fleire opplysningar over borna i desse familiane.

Nok ein gong var det ein svoger som tok over bygselsseddelen på bruket. Lars Nilsen (d. 1821, ca 74 år gamal) kom frå ein av nabogardane, Nonsvika. Han dreiv garden fra 1780 til 1812 og gift med søstera til Knut, Margrete Knutsdotter Knutsen

Den neste brukaren, Iver Arnesen (1786-1866), skal ifølge Bygdeboka for Borgund band IV ha kome frå Norddalen og gifta med Anne Ågnesdotter som den same gardsoga oppgjev som truleg frå Stette. (ca. 1788-1840). Eg har likevel mine tvil, for i 1865-tellinga er Iver Arnesen registrert som fødd i Skodie Prestegjeld, og det meste tyder på at han skjølv har gjeve desse opplysningane. Det stemmer også med Ministerialboka for Ørskog Prestegjeld for perioden 1810-1816 der «Ung karl» Iver Arnesen på Hesseberg døypte dottera Berte Margrete den 15. mars 1812. Mora var «Pigen» Anne Severine Aagnesd. Blindem og dåpen vart halde i Søchelven Kirke. Iver og Anne var med andre ord ikkje gift på dette tidspunktet.

Om Iver vaks opp i Hesseberg, tvilar eg på, men han løyste i alle fall byggselsetel på garden hjå handelsmann Joachim Niccolay Krey (1787-1811) på Gamlem. I det same dokumentet finn eg at Krey var formyndar av Margrethe Præbende, eller Giskegodset, som det stort sett vert kalla i våre dagar. Han forplikta seg samstundes til å gje kår til forgjengaren Lars Nilsen. Teksten er sopass utydeleg at eg ikkje finn noko om festeavgifta, men pliktarbeid var der nok av. Han skulle i alle fall ha til saman 23 dagar pliktarbeid per år, delt i 12 dagar per halvår i dei viktigste onnene, og 6 dagar som truleg var til fri benyttelse for jordeigaren. Eg har enno ikkje klart å finne ut kor mykje bygselsavgifta og årsavgifta var på, men talet på pliktdagar kan tyde på at Iver anten ikkje hadde så mykje å betale med, eller så var Krey mest interessert i gratis arbeidskraft. Jochum N. Krey døydde også dette året, så dokumentet vart skrive etter fullmakt frå Jochum. Eg finn talet 60 i dokumentet, og det er ei viss mogelegheit for at dette er bygselssummen, målt i Speciedalar.

Dei hadde minst tre born. Lars Karl Iversen Hesseberg (1816-1856) gifte seg i 1840 med Karen Petrine Iversdtr. Glomset (1822-1874) i Nonsvika. Lars vart seinare også svigerfar til den vidkjende «Sjurs-Ole» i Sjursgarden på Emblem. Ein annan son, Karl Martinus Larsson, vart seinare vart brukar i Nerigarden. Den tredje sonen, Peter Daniel Iversen Hesseberg (1824-1903), gifta seg i 1853 med Kristofa Kristofferdotter Strømme (f. 1833). Dei vart foreldre til mellom anna Lars Karl (f1855) som gifte seg på Magerholm og Petrine Kristofa Strømme (f.1867) som gifte seg med Johan Olsen Nedregotten på Skaret.

Dottera Margrete Iversdotter Hesseberg (1818-1893) tok over farsgarden etter att ho gifte seg med Nils Ananiasen Flisnes (ca.1812-1887), som var sonen åt Ananias Rasmussen Eikenos (f. 1781). Faren hadde gått fallitt det året då Nils vart fødd. Det hadde vorte eit dramatisk år med både glede og djup sorg. Nils miste mor si det same året som han vart fødd. Det vart dermed ikkje nokon pengar eller gard å ta over der ute, så han måtte freiste lykka og finna seg ei jordajente. Heldigvis fann han ei inne på Nerigar. Nils og Margrete fekk mellom anna eldstesonen Johan Nilsen Akslen (1845-1926) som gifte seg i vaksen alder i Høla på Emblem. Johan vart fødd det same året som foreldra fekk skøyte på Nerigar frå Iver den 18. desember 1845. for 160 Speciedalar. Det same året løyste Iver kårbrev hjå Nils.

Takka vere 1865-tellinga så veit vi enno litt meir om denne huslyden. På denne tida hadde Johan flytta heimanfrå, og det er ei viss mogelegheit for at det kan ha vore andre søsken som hadde gjort det same, men eg finn i alle fall 5 heimeverande born på garden dette året. Hans Nilsen var 20 år og hjalp far sin med gardsdrifta. Johanne var 17 år og den som skulle ta over garden. Attåt dei eg allereie har nemnd finn eg Nikoline Nilsdotter på 11, Ludvig Nilssen på 8 og attpåklatten Lars Nilssen på 1 år. Bestefaren Iver Arnesen på 82 år levde framleis som kårmann og enkemann på bruket. Eg finn ikkje nokon opplysningar om drifta og talet på husdyr i denne tellinga.

Dottera Johanne Marie Jakobine Nilsdotter Hesseberg (1849-1938 ) tok over bruket og gifta seg med Karl Larsen Glomset (1846-1917 )som kom våren 1873. Den 14. april skreiv dei under på skøytet på garden frå Nils Ananiasen Hesseberg. Nerigar var på dette tidspunktet skyldsett til 1 daler 1 ort og 23 skilling. Skøytet omfatta alle husa på bruket, med unntak av «den ældste Stuebygning og en liden fjøsbygning». Det tyder altså på at Nerigard hadde minst to hus og ein litan kårfjøs attåt dei vanlege driftsbygga med stabbur, fjøs, sauafjøs, smalefjøs og høystål. Det kunne på den tida variere om alt var slått saman i eit bygg eller fordelt i fleire mindre bygg på tunet. Kjøpesummen var på 450 Speciedalar, der 350 allereie var betalt, medan dei resterande 100 skulle kome seinare og skriftleg bevis for dette løftet vart framlagd. I det samme skøytet vart kår til foreldra til Johanne sett til 182 Speciedalar.

Den same dagen vart også kårbrevet underteikna. Frå dette dokumentet kan me lesa følgande krav:

1) Eit markastykke som heitte «Noven» skulle vere til fri benyttelse for kårfolket i resten av deira levetid. Der låg truleg også åkeren som vart kalla «Sjøageren». Dette markastykket låg sørvest for hovedhusa på garden. Stykket skulle avgrensast av to «Birketroer og paa vestre av Byttelinjen mellem begge Gaardbrug i Heseberg, medens det paa søndre Side gaar fra et afmerket Punkt i nævnte Byttelinje til et Silie...».2) «Et Markstykke Nøstneset kaldet, beliggende østenfor Nøstet».Videre skulle kårfolket ha plass til lagring av tømmer og ved, samt eigen plass til kløyving av veden. 3) Dei skulle ha skogstykket som heitte «Blomliteigen». Denne skogsteigen vart begrensa i vest av «Raastberlaupa», i nord av «Hankerhaugen», i aust mot et almetre i gjerdegarden. Hesten på garden skulle stå til disposisjon for kårmannen når dette ikkje medførte ulempe for brukaren.4) Kårfolket hadde krav på « 4 Vog Byg, 8 Vog Havre og 3 -tre tønder Poteter, alt af Gaardens beste Avling i forsvarlig tilvirket Stand. Foring, Havning, Husrom, Røgt og Tilsyn hele Aaret samt om tiltrængne melkning» og tilverkning av mjølka på vanleg måte. Vidare skulle kårfolket ha for og rett på ei halv ku, tre geiter og tre sauer. Kårkontrakta var særleg detaljert og det finst til og med overslag på kor mykje parafin dei skulle ha. Dette er berre eit lite utdrag, som var vald på grunn av at der fanst fleire lokale namn frå garden.

Ein finn att Karl og Johanne i 1900-tellinga på Nerigar. dei dreiv framleis garden, og som gardbrukarar flest på denne tida, var også Karl fiskarbonde. Mange av bøndene i Emblemsbygda var på utror og førjulsfiske på den tida folketellinga vart gjennomført. Ein finn dei dermed som busatte i Ålesund, nærare fiskefelta, sidan dei aller fleste nytta åpne båtar og trong å kome seg i land før mørkret kom. I desember var det lite dagslys og difor var det utenkjeleg å ro heimatt til Emblemsbygda. Andre leigde seg rorbu eller sengeplass ute på øyane, men det var stortsett i vinterhalvåret. Karl derimot var truleg heimeverande og dreiv fiske på heimlege trakter, for i tellinga så var 6 av totalt 7 menneske i huslyden heime ved tellinga. Eldstesonen, Nils, på 28 år var også fiskar og truleg den som deltok på utror frå Nerigar. Han skal eg kome attende til litt lenger ned i teksten.

Karl og Johanne hadde fem born som var heimehøyrande i Nerigar i 1900. Alle var ugifte på dette tidspunktet. Nils var truleg den eldste og i alle fall den som skulle ta over garden. Søskena til Nils var Lars Karlsen (f. 1876), Andreas Martinus Johan Karlsen (f. 1887), Karn Karlsdotter (f. 1892) og Daniel Karlsen (f. 1894).

Daniel var i 1910 dreng på Garden Blindheim Gnr. 4 Bnr. 14 på Vigra, men så fekk han utferdstrong og drog i 1912 frå Southampton i England med S/S Olympic over Atlanterhavet til Amerika. I innreisepapira fortalte han at han skulle til bror sin, Andreas i Bottineau i Nord Dakota. Eg veit ikkje nøyaktig når Andreas drog, men eg finn han i alle fall i den amerikanske 1910-tellinga. Då budd han i eige hus i Eidsvold Township i Bottineau, der han livnærte seg som gardsarbeidar. I følge denne tellinga skal han ha kome kring 1907 til USA, og han valde truleg ei anna rute via Canada, slik at det er vanskeleg å finne han att. Dette kan stemme, for han løyste rodeseddel i 1907.

I 1914 finn eg han att som båtpassasjer på veg til Amerika att etter besøk heime. Daniel fann eg i 1930- og 1940-tellingane i USA. Han busette seg i Rolette Township i nærleiken og fekk seg eigen gard der han dyrka korn. Dei harde 30-åra skulle derimot sette ein melombels stoppar for gardsdrifta, for i 1940 er han kun «farmoperator». Daniel vart gravlagd på Turtle Mountain Lutheran Cemetery i 1971.

I 1900-tellinga vart det også vedteke at Nerigarden skulle bidra med 2 kroner og 7 øre til soknepresten i Skodje, til avlønning av kyrkjesongaren. Denne plikta vart først sletta 30. april 1942 til trass for at Hesseberg då hadde vore del av Borgund kommune i mange år.

I 1910-tellinga er det 6 som bur på garden. Det verkar som om Karl og Johanne dreiv framleis bruket, men no var det saman med sonen Nils Petter Karlsen Hesseberg (1873-1960) og den nye gardskona Randine Jakobsdotter Frøland (1876-1937 frå Hjørundfjorden, som han hadde gifta seg med i 1907. I følge pantebøkene så stemmer ikkje dette. Nils og Randine underteikna skøytet på Nerigard i 1909 og betalte 1800 kroner til foreldra til Nils. På samme tid vart kårkava avtalt. Her finn me mellom anna 180kg. Blandkorn, 180kg. Havre, 4 hektoliter potet. Vidare skulle dei ha mjølk frå 4 kyr. Makta dei ikkje sjølve å hauste, så skulle alt leverast til dei frå ungfolket. Dei gjorde også krav på foring og gjeting av 2 geiter og 3 sauer per år. Kårfolket skulle disponere den vestre del av stabburet på garden og halve naustet. Karl og Johanne skulle få seks vognlass gjødsel til åkerlappen sin og få benytte «Go farageren», som truleg var namnet på gardshesten. Kårteigen i skogen var ei lita bot i «Eitreviken». Denne vedaskogen gjekk frå sjøen og opp mot Lars Magerholm sitt stykke tilhøyrande hovudbruket på Magerholm og Lars Hesseberg sin skogteig for hogst av byggematerial. Eitrevika er truleg omtrent der som elva Eiteråna renn ut i fjorden frå Magerholmdalen.

Den 29. oktober 1915 vart det tinglest ein resolusjon der Hesseberg vart del av Borgund kommune og dermed også Emblemsbygda. Det var eit ønske frå brukarane på Hesseberg. Det var enklare veg til Magerholm, enn til Skodje og vegar vart frå no av mykje viktigare som ferdselsveg enn båten og fjorden.

Lars N. Hesseberg (1909-1996 ) gifta seg med nabojenta Sofie Heggebakk (1912-2002 ) Dei vart truleg dei første sjølveigarane på Nerigar, for Bryggjå var det første bruke som vart køpt til sjølveige på Magerholm i 1900. Panteregisteret som er allmen tilgjengeleg gjev ikkje svar på dette spørsmålet, men det er spor som tyder på at det kan ha vore i 1917. Samstundes vart ikkje forpliktelsane åt Skodje-kyrkja sletta før i 1942, så det kan faktisk ha gått så lang tid. Det kan også stemme, når det ikkje er registrert i eit register som er oppdatert til 1930-talet. Lars og Sofie bodde i mange år på Nedigard og flytta først då dei nye eldreboligane stod klare på Garsendhaugen på Emblem på byrjinga av 1990-talet. 

Garden vart ståande tom nokre år etter at dei flytta derifrå, men no er det atter lys i vindauga og born som leika seg på tunet att. Det er Peter J. Blindheim som har teke over bruket. Lars og Sofie Regine hadde ikkje eigne born, men overlet bruket til slekta på Sofie si side i 2001. Peter er nemleg barnebarnet til søstera Ingeborg på nabobruket bryggå, og oppvaksen litt lenger aust på Heggebakk, der Regine og Ingeborg sjølve vaks opp. Han bygde seg nytt hus nærare fjorden og flytte inn med kona, Ingrid Anja Holmen (f.1976) og borna Louise (f.2005), August Olai (f.2008) og Lina Sofie (f.2012). Det er ingen gardsdrift på bruket lenger. Ein er no i ferd med å utarbeide ein utskiftingsprosess på bruka på Hesseberg. Så vidt som ein har funne ut så har det ikkje vore gjennomført ei fulstendig utskifting her i nyare tid, etter 1800.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Bjørn Aarø | Svar 01.12.2017 17.50

Hallo.

Har mye data om forfedre til Iver Arnesen på Nerigården Hesseberg.
Send meg din epost adresse, får ikkje plass til alt her på denne sida.

Svein Ove Østrem 01.12.2017 22.14

Heisann! Kjekt å høre frå deg. E-postadressa mi er sveostrem@hotmail.com

Harald Honningdal | Svar 21.10.2015 12.46

Spennende å se hva du har funnet ut om Iver Arnesen og hans hustru. De var mine tippoldeforeldre. Sønnen Peter Daniel kjøpte halve Honningdalen. Han var min old

Svein Ove 22.10.2015 00.41

Kona Anne er født Anne Siverine Aagnesd. Blindheim(3) (1787-1840) i Sykkylven. Håper på å få oppdatert teksten i løpet av høsten

Svein Ove 22.10.2015 00.37

Det kommer oppdateringer etterhvert. Bygdeboka stemte ikke helt. Iver ble født i 1788 i ålesund og konfirmert på Skodje. Dødsåret er 1867. Han gifta seg 1812

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.12 | 22:33

Veldig trivelig lesing, takk! Knut Salvesen Tjugen var onkel til min tipoldefar.

...
17.10 | 22:52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
17.10 | 20:35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

...
16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE