KVEN VAR EBBE OLSEN HATLEHOL 

Kven var eigentleg Ebbe Olsen Hatlehol. Det spørsmålet har eg stilt meg ei stund. Eg har merka meg at Ebbe vert nemnd både jamnt å trutt i forbindelse med kjøp og sal i Sjursgarden på Emblem, jamvel i skiftet etter han så er folk med etternamnet Emlem nemnd. Kan det vere slektsforbindingar.

eller andre årsakar til at Ebbe hadde so pass god kontakt med det på den tid velståande sjursgardsfolket? For å forsøke å komme fra til noko forklaring på desse spørsmåla, har eg forsøkt å sjå kva det historiske kjeldematerialet kan fortelle meg. Det var dermed naturleg å starte med å søke etter ei mogeleg innleiing til eit svar i bygdeboka.

Ein Ebbe Olsen Emblem (1795-1855) finst på bruket Hatlehol Indre, bruksnummer 1, som opphaveleg skal ha vore del av Garden Eikenos fram til om lag 1854. Ebbe skal ha vore plassemann og brukar i tidsrommet 1818-1855. Det vert vidare fortalt at han skulle ha vore gift to gonger. Den første kona var Maren Knutsdotter, og den neste var Berte Eriksdotter Kvassnes (f. 1820) Husa på plassebruket skal visst ha vore plassebrukarane sin eigedom opphaveleg, men etter kvart fall dei i staden i gardeigaren sitt eige. Omlag 2 år etter at Ebbe tok over, måtte han bygsle husa også. Det stod då ei stove, stabbur, og fjøs med løe under same tak. Ebbe bygde sidan ei ny stove med kammers, loft, langsval og fordør før han døydde i 1855. Den nye stova vart ved arveoppgjeret i 1855 taksert til 55 Speciedalar. Ebbe Olsen kan med andre ord ha vorte fødd, eller i det minste vore gardbrukar på Emblem før han flytte til Hatleholen. Der endra han etternamnet sitt til namnet på garden han kom til, slik skikken var den gongen. Problemet er at dei då ikkje er like lette å spore for ettertida - særleg om dei flytte fleire gongar og endra namn. Namnet Ebbe varr ikkje så vanleg, og difor er det lettare å spore. Namn som Ole Knutsen og Knut Olsen er verre, fordi det var så mange av dei på den tida. Likevel kan ein truleg seie med sikkerheit at Ebbe ikkje var gift før, for han var temmeleg ung når han flytte til Hatleholen.

Når eg leitar etter mogelege born med namnet Ebbe i Emblemsbygda, så er det kun eit alternativ som dukkar opp. I 1801-tellinga finn eg ein Ebbe Olesen på 6 år i Ebbegarden på Emblem. Ebbe er den fjerde av i alt fem born på denne garden under tellinga. Foreldra var Ole Knudsen på 43 år og Birte Andersdotter på 44 år. Eit nærmare søk i kirkeboka, syner at Ebbe eigentleg vart døypt Ebbe Andreas Olsen Emlem i Borgund Kirke 17. februar 1795. Ein kan desverre ikkje finne anna enn fadderar og farens fulle namn i desse gamle kirkebøkene, så eg kan ikkje seie meir sikkert om kvar mor til Ebbe kom frå.

Fadderane var Knut Ebbesen, Ingebrigt Knudsen, Kolbein, Ellen Nilsdotter og Elen Olsdotter Emlem. Knut Ebbesen er truleg Knut Ebbesen Emlem (f. 1737), som var farfaren til Ebbe. Ingebrikt Knudsen er truleg Ingebrikt Knutsen Nedregotten (1742-1816) på Negarden, medan Ellen Nilsdotter var kona hans. I såfall heitte ho Ellen Nilsdotter Gryta (1760-1809). Den siste eg finn at er Kolbein som var Kolbein Larsen Emlem (f. Lyshol) i Sjursgarden. Det er vanskeleg å seie om far eller mor til Ebbe har hatt noko slektskap til sjursgarden, og eg har ikkje funne noko prov for dette så langt, men det er mogeleg at det kan ha vore eit venskap mellom folket i Ebbegarden og Sjursgarden. Samstundes skal ein ikkje sjå bor ifrå det faktum at faddervalg også kan ha vore ein måte å bygge band mellom brukarane på det gamle Klengetunet på Emblem, der brukarane budde svært tett og var avhengige av hjelp frå kvarandre.

Eg kan med andre ord ikkje påvise noko klart slektskap mellom Ebbe og brukarane i Sjursgarden frå fadder-listene åleine. Det er rett nok enkelte namn som eg ikkje klarar å finne opphavet til, så eg skal ikkje vere for påståeleg, men det ei rimelig stor sannsynlegheit for at det ikkje er snakk om noko nær slekt mellom Ebbegarden og Sjursgarden, utan at ein leitar enno djupare ned i materialet. Likevel finn eg namnet på Ebbe Olsen i fleire av dokumenta frå Sjursgarden. Eit av dei mest omfangsrike dokumenta er skiftepapira etter Knut Olsen Emlem (Kirkebø) i 1941. Ebbe er nemnd fleire gongar, og det kan verke som om han var vitne, eller kanskje medhjelpar i det omfattande arbeidet. Det var i alle fall ikkje skrivekunnskapane som førte til at han fekk oppdraget, for signaturen hans er ført «med påhalden penn», noko som tyder på at han ikkje kunne skrive. Eg har likevel ingen andre dokument som kan tyde på at han tok på seg oppdrag som vitne mot betaling.

På den andre sida så kan det ikkje ha vore så lett å tene til livets opphald på Hatleholen. Kun to år etter at han fekk bygsel på plassen, så måtte han bygsle husa på garden også. Borgundboka nemnde i alle fall at husa tidlegere hadde vore i plassemennenes eige. Det tyder at dei har sett opp husa for eiga rekning. Truleg så var det hus på husmannsplassen før Ebbe si tid. Av ei eller anna grunn, så måtte han byrje å bygsle desse to år etter at han flytte dit frå Ebbegarden. Det kan vera fleire medverkande årsaker til dette. Eit av dei mest nærliggande forklaringane kan vera at det ikkje gjekk så bra, reint økonomisk. Kanskje måtte han ha utpanting eller eksekusjonsforretning på garden, og då var det truleg gjeld til handelsmannen som han kanskje sleit med å betale. Det var vanleg, men likevel forbunde med skam om avling, reiskap eller husa måtte selgast på tvangsauksjon. Slik kan grunneigaren ha kjøpt husa, for så å leige dei attende til plassemannen sin. Byrjinga av 1800-talet hadde ikkje vore så enkel på våre kantar. Napoleonskrigane hadde ført til hungersnød og barkebrødtid i landet vårt. Problemet er at panteregisteret ikkje gjev opplysning om noko slikt. På sett å vis verkar alt som normalt, med unntak av utskiftingsforretning og saksbehandling i forbindelse med auksjon og sal av Hatlehol Indre til Halvor Abelset på Magerholm. Ebbe var ingen sjølveigar og det var difor ikkje noko dramatisk i dette. Det var altså eit eigerskifte i Ebbe si tid, men den kom ein god del år seinare. Det er også interssant at eg ikkje kan finne hald for påstanden om bygsling av husa i 1820. Rett nok er det eit dokument som er registrert i panteregisteret på datoen 1. mai 1820, mellom Ebbe og Kjøpmann Mechlenburg i Vegsundet, men det er nok heller snakk om tinglysinga av husmanskontrakta. Den handskrivne teksten er såpass utydeleg at eg ikkje kan tyde den skikkeleg. Det finst ikkje noko anna tinglysning i 1818 eller 1819, så då er det nok truleg at det er ei slik kontrakt.

Ebbe Olsen hadde ikkje nokon odelsrett, for han var fjerdemann i rekka. Han hadde truleg ikkje vore særleg gamal når han måtte ut i tjeneste for første gong. Det var tydelege forskjellar på å vere gardbrukar eller plassemann på denne tida. Plassemannen kunne ha frå omlag halvparten til under ein fjerdepart av inntekta som ein gardbrukar. Gardbrukar er eigentleg litt missvisande i vår bygd, for her var mange bygselsmenn, og sjølv bygselsmenn på ein større gard kunne slite med å få endane til å møtast.

Eg har har også søkt i digitalarkivet etter teikn på at Ebbe Olsen Hatlehol kunne ha knytt venskap til ein eller fleire i Sjursgarden. Desse gardane låg tett samman i det gamle fellestunet, eller klengetunet som det også vart kalla. Ebbe kan difor ha kjent godt både til gardsfolket og kårfolket. Kolbein var også fadder til Ebbe. Ole Nilsen i Sjursgarden var berre 5 år yngre enn Ebbe, og tok over garden i 1825, men eg kan ikkje finne registreringa av giftermålet til Ole og Andrine Christiane Arnesdotter /1799-1862) frå Skaret på Nedregotten. Andrine gifte seg om att to gongar til, men begge desse kom utanbygds frå, og her er naturleg nok ikke Ebbe registrert som forlovar.

Men det er kring det andre giftermålet med Knut Olsen Kirkebø (1802-1840) frå Lassegarden på Sula at Ebbe vert registrert i dokumenta kring, arveskifte, kjøp og sal i Sjursgarden.

På leitinga etter den manglande biten i puslespelet Har eg søkt i det meste av barnedåpar, giftemål, og andre handlingar der det kan vere mogeleg å finne indikasjon på at Ebbe kan ha hatt nær kontakt med ein eller fleire i Sjursgarden. Ingen av borna til Ebbe, som eg har funne, har hatt fadderar av Sjursgard-ætt. Det er sjølvsagt ei mogelegheit for at Ebbe kan ha fått fleire born enn Agnete Olave Bergithe i 1823 og ein dødfødt gut i 1827. Det betyr at eg ikkje kan seie med 100% sikkerheit at ingen i Sjursgarden har vore fadder for nokon av borna til Ebbe Olsen Hatlehol.

I dei søka eg har gjort kring Ebbe si rolle som forlovar, så har eg kun funne to registeringar i kirkebøkene. Begge funna er frå Kirkeboka for Ørskog. 10. juni 1838 var han forlovar og medhjelpar til Rasmus Halsteinson Ekenaas frå Eikenosa. Bruda var Else Jacobsd. Lande, som hadde den kjende Kirkesanger og læraren Lars Strømme til forlovar. 9. november 1840 var han på nytt forlovar sman med Rasmus Halsteinson Eikenaas frå Eikenosa. Denne dagen Gifte enka Berthe Elene Knutsdotter på 44 frå Vestre seg om att Thore Olaus. Jacobs. På 33 år Frå Lande. Berte var på denne tida bufast i Eikenosvågen.

I jakta etter forbindelse, finn eg etter kvart den første samanhengen mellom Ebbe og sjursgard-ætta. Andrine Cristiane Arnesdotter Nedregotten Emlem gifte seg som kjent til Sjursgarden og vart omattgift to gonger. Andre gongen fekk ho sonen Andreas Ole Johan Knutsen Emlem (1834-1922), som vart odelsgut på garden, og deretter Lars Carolus Knutsen Emlem (1837-1846), som døydde tidleg. Han hadde ein fadder som heitte Olave Olsdotter Nedregotten (1802-1881) frå Skaret. No er ikkje dette særleg revolusjonerande, for Andrine kom frå denne garden sjølv. Mora Laurentze Larsdotter (ca. 1760-1835) var først gift med Arne Ellingsen Åkernes (d. 1798) som var far til Andrine. Men då han døydde, gifte mora seg opp att med Johannes Pedersen, som fekk bygselsbrev på Skaret i 1800. Saman fekk dei sonen Lars Petter Johannesen, som vart bror til Andrine og gift med Olave Olsdotter Emlem. Olave vart med andre ord tanta til dåpsbornet og dermed eit sjølvskrive fadder-emne. Når eg sjekkar fødelsdatoen til Olave i kirkeboka for borgund, får eg meg ein liten overrasking, for Olave kjem frå Ebbegarden, akkurat slik som Ebbe. Dei er begge borna til Ole Knutsen Emlem og difor også sysken. Ebbe vert med andre ord bror til Andrine si svigerinne. Det kan forklare at Andrine og Knut valde Ebbe Olsen Hatlehol til både vitne og hjelpesmann ved arveskiftet etter Knut Olsen Emlem i 1841.

Det dukkar også opp ei anna interessant sak medan eg leita etter slektsbanda. I ein revers frå 1838 på garden Nordre Aakernes er fleire kjende namn innskrive i teksten. Eg har enno ikkje klart å tolke heile teksten, men registrerer at dokumentet er frå Knut Olsen Emlem og Ebbe Olsen Hatlehol. Det er også skrive at Knut er gift med Andrine, så det er sikkert at dette er Knut i Sjursgarden. Vidare finn eg at det er omtala eit skifte etter «faderen Lars Peter Johannesen» (1802-1837). Dette var mannen til Olave Olsen. I tillegg er borna til Lars og Olave, Ole Larsen og Johanne Lisa Larsdotter Nedregotten nemnd i dokumentet. Så vidt som eg kan tolke teksten så vert det skrive ned at Ole Larsen (1832-1923) skulle få skøyte på Skaret etter Besteforeldra sine. Ebbe Olsen tok truleg medansvar for arveskiftet saman med Knut Olsen, på vegne av Olave og Andrine. Ebbe hadde sjølvsagt ikkje krav på noko arv, men det hadde Andrine.

Det fanst altså slektsband mellom Ebbe sin familie og Andrine i Sjursgarden. Han vart likevel ikkje i nærleiken så rik som henne. Dottera til Ebbe, Agnete, vart gift i Negarden på Emblem med Ole Elias Olsen Emlem (1818-1896) Difor vart også kjøpmann Lars Olsen Emlem arving etter Ebbe, som var morfaren hans. Det vart ikkje den voldsomme summen akkurat. Arvebeløpet lydde på 2 ort og 18 1/2 Skilling. Arveskiftet vart signert i februar 1856, nesten eit år etter at han døydde. Soleis har både Hatlehol Indre, Ebbegarden, Skaret, Negarden Indre Åkernes og Sjursgarden ei felles historie. Truleg kan enno fleire emblemslekter finne felles opphav, for eg har ikkje sjekka alle søskena til Ebbe so nøye enno. Dette er også eit døme på kor mykje spanande ein kan finne om ein startar å leite litt og undre seg på iblant.