Utdrag frå Innaumnesingen 1951-1964

Innaumnesingen var Emblem Ungdomslag sitt handskrive medlemsblad, og vart lest opp på ungdomsmøta. Bladstyraransvaret varierte, men nokre tok på seg dette ansvaret oftare enn andre. På denne undersida vil du finne utdrag som har noko med bygda å gjere. Det vil seie at tekstar som dikt og utdrag frå bøker og slikt som ikkje er skrive av forfattarar frå vår eiga bygd er utelatt. Det vil seie at det hovudsakeleg er humorstoffet som vert publisert her. Noko av stoffet er skrive slik at berre dei godt vaksne veit kven det er snakk om.

Kven var for eksempel "fotballspelaren" i 1951? Meininga er ikkje å henge ut nokon, men å syna litt av det som vart skrive og lest opp i full offentligheit til glede å moro hjå forsamlinga. Er det derimot noko i tekstane som du ønsker at eg skal ta bort, så er det berre å seie frå på e-post til meg på sveostrem@hotmail.com. Sjølv om eg ynsker å vera varsam, så kan det vera hemlege kodar eller hentydningar i tekstane som eg ikkje kan forutsjå eller forstå sidan dette var før mi tid.

Frå første nummer den 4. februar 1951

Bygdenytt!

Fra Spiketrebygdas U. Sl. Klubbs utsendte medarbeider

Laurdagskvelden den 30. des. 1950 rak vi etter landevegen. Men til vår store undring var det nesten ikkje ungdom å sjå. Det gjekk ikkje lang ykta før vi fekk fretta kva som var i gjære. Etter få minutters forløp var vi på plass ved den angitte staden. Jau dette var nok ikkje til å take feil av. Etter nokre byks var vi på plass ved ein store haug like ved stova. Der ser vi sositeten av bygdens ungdom sit samla. E.S.K.´s populære f. spiller, og årets populære skiløper samt fjorårets skiveteran og ikkje til å forgløyma vertinnens høyt elskede fiskermann og en flysoldat.

Det svake kjønn representert fra alle bygdens kanter. Etter som vi forstod var f. spellaren og soldaten i ferd med å friske opp minner fra moen. Dei andre gjestane dreiv tida med barnespelet «Ludo». Det såg ut som alle hadde god matlyst. Vi forlot staden kl 1/2 1 og vi var fornøgd med turen vår. Men som dei seier, «han er ikkje teken bak ei pølsevogn.»

Laurdagskvelden den 13. jan -51 vart det halde lign. Gilde. Vi hadde vor utkikspost på rundegarden like ved huset. Det var dei same her, men etter ønske fra ein av gjestane i siste gilde var også (..) og k-løperen også innbuden. Gilde der i garden gjekk føre seg, etter som vi såg sat dei i hard diskusjon heile kvelden. Fjordårets skiveteran braut opp ein time før dei andre. Men laurdagskvelden den 27. jan. fekk vi høyre at det skulle vera it nytt oppløp. Det skulle visst nok vere berre eldre til stades. Ved dette gilde var også platespeleren til stades samt tre andre av det svake kjønn. Der hadde vi vår utkjikspost på marken nedenfor huset. Det såg ut som den nye stjernen var gjenstand for stor undring, der ho sat i skinet av måneskinnslampen. Den populære fotball spelaren såg over naturleg smilande ut når han fekk den unge stjerne ved sin v. side ved bordet. Dei braut tidleg opp antageleg p.g. Av skirennet neste dag og gjekk kvar for seg.

Innsendt!

Smådans

I den seinare tid om laurdagskveldane har det vore heldt smådanser i Spiketrebygda. Det var visstnok meininga at den yngre årgang av bygdens ungdom skulle lære seg denne runddansen dei kalla. Det vert vanlegvis begynt så i 10-11 tida og det skjer på følgende måte: Gutane kjem først inn, musikken begynner, gutane setter seg på scenekanten og klør seg i nasen eller ein annan plass. Å kjem gjentene dei har visst sett seg som mål i livet å stire hol i veggane i huset. Så kjem ein av gutane med eit innlegg: det var dårleg gli idag og kronglete løype, og så har vi desse sportsidiotiske diskusjonane i full gang. Gjentene begynner å danse, då vanligvis to og to inntil ein tar etter vetet å går heim, då er kveldens moro over.

To innsendte meldinger

Straks etter nyttår vart 4 skillsmissesøknader innlevert og svaret foreligger nå, de er innvilget!

Noen av bygdens eldre damer har vert fraværende i det siste, det fryktes at grunnen kan vere sjalusi. Men frykt ikke dere eldre, de fleste yngre har endå ikke nått den kriminelle lavalder

Innsendt

Bladstyrar Ola Emblem

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...

24.10 | 16:33

Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett