AKSLABUDA

lillian nedrelid 08.09.2013 17:56

har lest hele siden om aksla/Myrstad buda .har rettet noen feil i en mail til Svein Ove

Svein Ove 08.09.2013 20:57

Takk skal du ha
Nå er dette rettet opp.
Hans Iversen Furset
Hans Iversen Furset
Kan dette ha vore handelsmann H. Maude? Dette er ein web-kopi av orginalen som du finn i fylkesfotoarkivet (www.fylkesfotoarkivet.no) under namnet Henrik Maude. Truleg er det han som seinare vart handelsmann på Sjøholt seinare og døydde der i 1944.
Biletet er signert Fotograf Johannes SPonland i Ålesund 1909
Kan dette ha vore handelsmann H. Maude? Dette er ein web-kopi av orginalen som du finn i fylkesfotoarkivet (www.fylkesfotoarkivet.no) under namnet Henrik Maude. Truleg er det han som seinare vart handelsmann på Sjøholt seinare og døydde der i 1944. Biletet er signert Fotograf Johannes SPonland i Ålesund 1909
Fra Sunnmørsposten 13.1.1934
Fra Sunnmørsposten 13.1.1934
Antonette Knutsdotter Akslen (1888-1957) Ho var søster til Lars K. og Knut K. Akslen som hadde kjøpt butikken og huset. Ho fekk det nybygde huset på Magnusbakken i gåve nokre år etter at det stod oppattbygd med eigne leiligheiter i 1936.
I daglegtalen vart ho kalla "Anti" og var ein populær husvert og godt likt av ungane ikring.
Antonette Knutsdotter Akslen (1888-1957) Ho var søster til Lars K. og Knut K. Akslen som hadde kjøpt butikken og huset. Ho fekk det nybygde huset på Magnusbakken i gåve nokre år etter at det stod oppattbygd med eigne leiligheiter i 1936. I daglegtalen vart ho kalla "Anti" og var ein populær husvert og godt likt av ungane ikring.
biletet syner kaffikos bak butikken på Korshaugen. Anti sit med løfta kafikopp lengst til høgre. I midten sit Lillian Emblem (g. Nedrelid) og mora Anna Hundeide (g. Emblem) med yngstedottera Marianne Emblem (g. Andersen) på fanget, dels skult av ei pute. Jenta i framgrunnen er enno ukjend. Biletet er truleg frå 1948 og utlånt av Lillian Nedrelid, som også har gjeve opplysningar om biletet.
biletet syner kaffikos bak butikken på Korshaugen. Anti sit med løfta kafikopp lengst til høgre. I midten sit Lillian Emblem (g. Nedrelid) og mora Anna Hundeide (g. Emblem) med yngstedottera Marianne Emblem (g. Andersen) på fanget, dels skult av ei pute. Jenta i framgrunnen er enno ukjend. Biletet er truleg frå 1948 og utlånt av Lillian Nedrelid, som også har gjeve opplysningar om biletet.
På fotostatkopien har elevane frå Emblem skule skrive Karl, men det er truleg Lars som er på dette biletet.
Biletet er utlånt av Emblem Skule
På fotostatkopien har elevane frå Emblem skule skrive Karl, men det er truleg Lars som er på dette biletet. Biletet er utlånt av Emblem Skule
Aksla-Buda kring 1984. Posten har flytta til nybygget ved sidan av S-laget litt lenger aust, medan kjellaren på Magnusplassen vart nytta til videoutleige under firmanamnet "Videoposten". Biletet er utlånt av Sigurd Langleite/Emblem Skule
Aksla-Buda kring 1984. Posten har flytta til nybygget ved sidan av S-laget litt lenger aust, medan kjellaren på Magnusplassen vart nytta til videoutleige under firmanamnet "Videoposten". Biletet er utlånt av Sigurd Langleite/Emblem Skule
Aksla-Buda i 1987. Då var Posten flytta til nybygget ved Samvirkelaget lenger aust i bygda, og Torill Berge hadde starta opp med kiosk og videoutleige i kjellaren under namnet "Videoposten".
Foto: Sigurd Langleite
Aksla-Buda i 1987. Då var Posten flytta til nybygget ved Samvirkelaget lenger aust i bygda, og Torill Berge hadde starta opp med kiosk og videoutleige i kjellaren under namnet "Videoposten". Foto: Sigurd Langleite
Den nye Aksla-Buda fotografert i 2007, før den brann for andre gong i 2008- Det er interessant å merke seg at den første brannen starta 12. januar i 1934, medan den andre brannen starta 14. januar i 2008. Biletet tilhøyrer Svein Ove Østrem
Den nye Aksla-Buda fotografert i 2007, før den brann for andre gong i 2008- Det er interessant å merke seg at den første brannen starta 12. januar i 1934, medan den andre brannen starta 14. januar i 2008. Biletet tilhøyrer Svein Ove Østrem

Aksla-Buda fekk ei heller kort levetid i bygda vår. Eg har likevel forsøkt å samle det eg har klart å finne ut om dette handelslaget. Det aller meste er basert på livsminne og intervju med Harry Akslen. Mykje kunnskap har desverre gått tapt i åras løp, men takka vere innsatsen til Karl O. Emblem, Sigurd Langleite, Emblem Skule og opplysningar frå Lillian Nedrelid, Jofrid Emblem, Mauritz Akslen, Laura Ramsvik, Annie Hesseberg, Hatlebakk Lars og Harry Akslen, så kan eg likevel makte å gje eit lite riss av det som ein gong var.

Ei still og klar januarnatt i 1934 braut elden laus på Emblem. Aksla-buda på Magnusbakken brann heilt ned til grunnmuren. På nokre timar forsvann nær alle spor av det som hadde vore eit av dei første handelslaga i bygda vår. Dei siste åra før brannen heitte butikken eigentleg «Ths. kristoffersen Landhandleri», men namnet «Aksla-buda sat framleis att i daglegtalen. Før eg går nærare inn i Aksla-Buda si historie, vil eg sjå fortelle litt om dei handelsmenn som gjekk føre og la grunnlaget for det som skulle verte Aksla-Buda, eller «L.K. Akslen»

Handelslagshistoria i bygda vår tok til på Elvarum i 1900. Lars Olsen Emlem hadde kome heim frå utanriksfart og fått seg frådelt eit stykke av farsgarden, Negarden. Han hadde starta butikken som filial for handelsborger Børre Berli i Ålesund, men vart seinare ein sjølvstendig handelsmann. I tillegg var han poståpnar, meieribestyrar, gardbrukar og politiker. Lars hadde fått utmerkelse for oppdyrkingsarbeidet sitt, og han var også pådrivar for å få bygd dampskipskai i bygda. «Negards-Lars» dreiv butikk i kjellaren på huset sitt fram til 1921. Jofrid Emblem og Mauritz Akslen minnest frå sin barndom at høgtidstundene i bygda var annleis den gongen. Julehandelen hadde heilt andre dimensjonar enn no, men litt ekstra vart sjølvsagt handla inn. Dette var det karane som skulle gjere. Helst skulle ein vente til siste liten på julaftan før dei gjekk på butikken. Dei hadde med seg handleliste og det var spente born som sat heime og venta på kva dei hadde kjøpt med seg heim. Ein 17. mai var det handelsmannen sjølv som spanderte. Mauritz minnest ein gong at Lars sette sveivegramofonen ut i vindauget og spela nasjonalsongar. Etterpå delte han ut ein pose med sukkerbrød til kvar av ungane som hadde høyrt på.  Lars fekk ikkje drive handel åleine så mange åra før den neste landhandelen dukka opp.

Skorene ligg litt lenger vest for «Lars-buda» på Elverum. Iver Karlsson Furset frå Stranda hadde flytta til denne vesle plassen i bygda vår i 1878. Iver, eller «Kjøt-Iver» som han vart kalla, slo seg raskt opp som slaktar, gardeigar og var truleg også den første med torgrett i Ålesund. I 1896 hadde han kjøpt Eikenosa og flytta dit. Kring 1906 hadde sonen Hans Iversen Furset starta si eiga handelsverksamheit, med eigen landhandel i den vestre stova på Skorene. Du kan finne meir informasjon om denne butikken i Karl O. Emblem sitt foredrag om butikkane på Emblem her på www. Emblemsbygda.com. Hans skulle få stor betydning for butikkane som kom etter han. Det er grunn til å tru at Aksla-Buda ikkje ville verte nokon realitet utan at Hans starta opp. Broren Karl Iverson Furset vart også handelsmann, men han etablerte seg på Høybråten. Det vert fortalt at også Sverin Emblem frå Negarden, som seinare skulle verte drivaren av Sevrinbuda, det største landhandleriet i distriktet, skal ha vorte inspirert til å verte handelsmann når han arbeidde for onkelen Hans Iversen Furset.

Butikken på Skorene vart etterkvart i minste laget, og difor kjøpte han ei tomt frå Ole Knutsen Emblem i Steffågarden, og bygde ny butikk på «parcellen Korshaugen» på Magnusbakken. Tomta vart skylddelt 23.10.1920. Oppmålingsbrevet vart underskrive 6 dagar etterpå og tinglest 10. november 1920. Butikken stod ferdig kring 1921. Den nye butikken vart dermed liggande berre omlag 100 meter frå konkurrenten, men han visste truleg at Lars var i ferd med å gje seg, og at det ikkje var nokon som skulle overta. Kanskje var dette årsaka til at han valde å utvide handelsverksamheita også? Samstundes så kan han ha visst at faren ynskte å selge Eikenosa og flytte attende til Skorene, slik at det ikkje var ein verande stad i lengda. På kort tid hadde han i alle fall bygd ein ny butikk i Emblemsbygda og samstundes kjøpt opp det første Kooperative handelslaget i Spjelkavika.

Spjelkavikbygdarane hadde danna samvirkelag under NKL i 1915 og bygd eige forretningsbygg i 1918. Men så kom den økonomiske nedgangen etter Første Verdenskrig og medlemmane vart engstelege for å miste innskota sine. Dei var skremde av alle konkursane, og fleire var overbevist om at det samme skulle skje med dei også. I 1920 vart laget avvikla og forretningsbygget vart seld til furset-Hans. Han var neppe engsteleg for framtida, og han klarte seg temmeleg godt. Han hadde allereie gifta seg med butikkdama Inga Amalie Hjelle frå Eikrem den 1.7. 1917, og busett seg i Spjelkavika. Han byrja no å nytte etternamnet Iversen, og dreiv handel i fleire år etter 1920. Men i 1925 valde han kun å satse på butikken i Spjelkavika. Buda på Magnusbakken vart difor seld i til ein som i salspapira kun kalla seg H. Maude. Det fulle namnet er Henrik Maude (1884-1944). Han flytta vidare til Ørskog og starta med handel der i staden. Han gifte seg med Hanna Eide (1893-1970) og begge er gravlagd i Ørskog. Sjølv om han ikkje vart verande i Emblemsbygda særleg lenge, så fortsette han å eige tomta og huset. Etter at han gjekk bort var det kona Hanna som fortsette å leige ut huset til butikk og boligformål. Huset vart nemleg bygd opp att med fleire etasjar og husvere etter ein brann nokre år seinare. Det skal eg kome attende til. Sjølve landhandelen vart leigd ut til to brør frå Øvste-Aksla, og det er den historia om «Akslabuda» eg hovudsakleg skal fortelle om her. Det vil seie at eg ikkje går så djupt inn i historia om Myrstad filial og Samvirkelaget si historie i dette huset.

Lars Kornelius Knutsen Akslen vart fødd 15. januar 1884. Han var den nest eldste sonen til Knut Hansen Akslen (1849-1927) og Lisa Larsdotter (1854-1936). Lars vaks opp på farsbruket «Øvste-Aksla», som var bruksnummer 1. Faren dreiv garden heilt frå 1871 til han døde i 1927, og når han gav seg så var det eldstebroren som hadde førsteretten, så noko håp om å få overta farsbruket hadde han nok ikkje. I motsetning til mange andre born i bygda, så var fadderane til Lars rekrutterte utanbygds frå. I dåpsregisteret fin ein ungkaren Lars Edvardsen Koldvig, gardbrukaren Iver Rassmussen Voldsdal med kone og heilt til slutt sambygdingen Hans Tidemandsen Røssevold med kone. Den 2. oktober 1898 vart Lars konfirmert i Borgund Kirke, men det er ikkje noko teikn på at han skilde seg særmerkt ut. I alle fall så gjekk det ikkje så veldig godt på overhøyringa hjå presten. To år seinare finn ein den 16 år gamle Lars som heimebuande på Aksla, der han «sysler med jordbrugsarbeide» I denne folketellinga er det 7 heimebuande søsken på Aksla. Lars sin tre år eldre bror bur mellombels i Ålesund, der han livnærar seg som «Snedker og fisker». Opphaveleg var det ei storesøster også, men ho finn eg ikkje att nokon stad.

Det var ikkje så mykje å ta seg til for det veksande antalet med ungdomar i Emblemsbygda. Kring 1900 var det som regel tømraryrket, utanriksfart eller fiske som var alternativa for den som ikkje hadde nokon gard å ta over. Men nokre få år seinare valde ei rekke av bygdeungdomane å forlate bygda. Målet var tømmerhogst i Amerika, og særleg i California, Washington, eller Arizona. I 1910-tellinga finn eg Lars og storebroren Knut som arbeidere ved sagbruket i Albion, California. Dette er ein stad ved kysten nord for San Fransisco. Staden var neppe tilfeldeg vald, for av dei 8 ungdommane som var i Amerika dette året, var 7 av dei i Albion. Lærarsonen Kristian Furset var den einaste som var på ein annan stad, men han var utnemnd til arbeidsforman i Tacoma, som låg litt lenger nord. i staten Washington. Ein kan ikkje sjå bort frå at han også hadde vore i Albion tidlegare. Dei fleste av ungdomane hadde vore i Amerika i omlag eit år og stort sett var det snakk om ungdommar frå dei større gardane i bygda, slik som Steffågarden, Aksla, Magerholm og Mattisgarden, men det fanst også unntak, for to av ungdommane kom frå husmannsplassen Vestrem, medan sistemann var son av den pensjonerte læraren Knut Furset, som også var bror til Kjøt-Iver på Eikenosa og hadde fått rydda seg eit nytt gardsbruk i Emblemsbygda. Kjøt-Iver var i slekt med Aksla-folket og gutane på Vestrem ved giftermål. I tillegg var fleire av dei som drog til Amerika mellom 1909 og 1911 jamaldringar eller naboar også.

Med unntak av den vaksne gardbrukaren Ole i Steffågarden, så var det enten unge gutar eller jenter i arbeidsfør alder, ugifte var dei óg. Målet var San Fransisco og Lars hadde dessutan bestemt seg for å utvandre då han drog. Begge oppga at dei var fiskarar og på jakt etter arbeid der borte. «White Star Line» hadde agentar i vårt eige land og var truleg populere fordi dei sette opp rutebåtar heilt frå Trondheim, Kristiansund og Ålesund. Båtane gjekk som regel via Bergen til Hull i England, men dei kunne også tilby ein totalpakke med togreise mellom Hull og Newcastle, samt videre båtreise til New York. For ettertida er dette selskapet truleg mest kjend for båten Titanic som sank i 1912.

Lars og storebroren Knut reiste over Atlanteren med White Star Line den 18. mars 1909.  Eg har desverre ikkje noko oversikt over kor lenge Lars Akslen var i Amerika, men det var nok slik at han enten var borte i fleire år av gongen, eller så gjorde han som Ole i Steffågarden og var borte i omlag eit år av gongen. Ole arbeidde også i Albion ei tid. Det som i alle fall er sikkert, er at både Lars og broren Knut kom attende til bygda vår, og desse to ungkarane hadde klart å spare opp pengar også. Ein gong kring 1925-26 leigde dei butikken på Magnusbakken. Namnet vart «L.K. Akslen» og stod truleg for Lars og Knut Akslen. Broren Karl var nemleg lam etter ei ulukke i løa då han var gutonge. Knut fekk etterkvart nok å gjere med gardsdrifta på Øvste-Aksla, medan Lars tok hovudansvaret for den daglege drifta. Arbeidserfaringa frå butikken til Hans Furset vart no til særs nyttig kunnskap for Lars. Men samtidig må han på dette tidspunktet ha merka at helsa ikkje var den aller beste. Det kan ha medverka til at amerikaturane tok slutt.

Om utforminga av butikken

Eg har ikkje funne noko bilete av Butikken slik den vart bygd av Hans Furset og videreført som Akslabuda, eller L.K. Akslen, men Harry Akslen har ein imponerande hukommelse og evne til å hugse detaljar. Han har fortalt korleis denne butikken såg ut i hans barndom.

Det var eit kvitmåla hus på halvanna etasje og loft. Grunnflata var omlag den same som på det huset som står der i dag. Det var på den tida ingen som budde der på denne tida, for der var ingen bustadrom.. På langveggen mot bygdevegen var det ei dør på midten og eit vindauge på kvar side, nett som i dag. Inngangsdøra hadde overbygd tak, og det var inga ark eller liknande utbygg på loftet og det bodde heller ingen der. Lageret var eit tilbygg med skråtak (halvetak) på baksida (mot sør). Det låg litt høgare i terrenget og difor var det ei trapp med to trinn frå butikken og opp til lageret. Om lagerert vart bygd samstundes som huset, er eg mindre sikker på. Det er godt mogeleg at den kom til seinare , men før 1923 var det i alle fall på plass. Mot aust var det også ei lagerdør frå utsida av butikken.

Inne på Akslabuda var det benk under vindauget på venstre side av inngangsdøra. Disken laga av tre og var forma som ein hestesko i brunmåla panel. Det var ein klaff på disken mot vest som kunne slåast opp slik at ein kom seg bakom. På ekspeditørsida var det store skuffer som inneheldt mjøl, sukker, gryn og slikt, mens det store sirupsfatet stod på lageret. Butikkdama tok med eit spann og tok ut korka på fatet, så sirupen starta å renne sakte ut. Ho sprang fleire gongar og såg etter heilt til ønska mengde var oppi spannet. Sirupen vart for det meste nytta til brødbakinga på gardane. Kaffi, parafin til lampane, og kanskje noke søtt slik som kandissukker eller sjokolade var populære saker. Seinare kom det også eit glasskap på disken med sjokolade og wienerbrød. Ein kan tenkje seg at sjokoladen vart temmeleg mjuk om somrane. Nokre populære sjokoladesortar var Korsika- og Malta lys nøttesjokolade sjokolade frå Nidar Bergene. Sorten var til sals også på 1950-talet. I tillegg var det rullar med innpakningspapir på disken og noke skarpt som ein kunne riva av papiret mot.

Det var hyller på tre av veggane, med unntak av nordsida der vindauga og inngangsdøra var. Der var også eit lite kontor med ei glasrute, slik at ein kunne sjå ut i butikken frå kontoret.  Andre viktige ting var sjølvsagt kassaapparat, vekt og spyttbakke.  På benken til venstre innafor døra brukte han Os-Hans å sitte når han var heime frå Amerika (Hans Nikolaisen Emblemsvåg frå Oshaugen) Ebbe-Elias brukte å sete der óg. Han Elias var god til å fortelle, og ein som ungdommane likte å høyre på. Medan han fortalde historier frå den tida han hadde motorbåt og var på fiske, så karva han og stappa pipa si, slik at ho var ferdig til å sette til munnen. Når han skulle til å tenne pipa, mens han fortsette å fortelle, så gjekk det mange fyrstikke. Han tende først ei fyrstikk, men gløymde å putte den mot pipa. Dermed brende han seg på fingrane når fyrstikka hadde fått brenne ei stund, og så var det å finne tak i ei ny.

Åpningstidene var også litt anna enn dei vi er vande med i dag. Det var helst ettermiddagane at karane samla seg. Midt på dagen var det heller lite handel. Ungane vart ofte sendt på buda for å handle, medan karane først og fremst kom for å frette nytt, eller slå av ein prat med dei andre frammøtte. Gamlekarane var nok dei mest trottuge, og møttest dei ikkje på buda så hadde dei ei rekkje andre stadar som «Børsen» ved telefonsentralen på Reset, Emblemskaia eller på kårlofta på gardane i bygda.

Når det nærma seg jul, så skulle den beskjedne julehandelen helst utsettast i det lengste før karane endeleg la i veg på sjølve julaftan. Alt kom i laus vekt eller store kvanta og måtte målast og vegast. Kunden følgde nøye med på vektskålene medan butikkdamene åpna skuffene i disken og fylte oppi den mengda som vart bestilt. Etterpå vart mjølet, smøret, kaffi-bønnene, lampeveikane eller lampeoljen pakka eller fyllt i spanna. Ungane hadde fått streng beskjed om å passe seg så oljen ikkje kom oppi maten, eller det nye lampeglaset knuste. Var dei heldige, så kunne det verte ein gratis bit kandissukker attpå handelen også. Oldemora mi, Marta Dale, frå Dalsbygda i Norddal var butikkdame på butikken til Negards-Lars nokre år tidlegare. Ho hadde ei og anna artig historie frå denne tida. Den eine skulle ha vore om Ivar Flydal. Han hadde hendene fulle med varer, men ho meinte at han truleg fekk plass til ein liten godbit som han kunne putte i lomma om ikkje anna. Søtsaker var alt anna enn kvardags for ein gutonge den gongen, men han avslo tilbudet, for han hadde to store lommer, men begge var det høl i. Ho lo godt når ho fortalde om han som takka nei til godteri.

No var ikkje denne vesle historia frå Aksla-Buda, men den kunne like godt ha vore det, og det er truleg mange slike historier som me i ettertida har gått glipp av. Eg fortalde tidlegare i teksten at Lars Akslen hadde registrert seg som utvandrar ved avreisa til Amerika i 1909. Kva som fekk han til å endre meining er eg ikkje sikker på, men det er ei interessant opplysning som kan vere med på å forklare kvifor. Harry Akslen fortel at han hugsar Lars som arbeidde og pusla med å fylle på varer den siste tida, men det var tydeleg for dei handlande at han var sjuk. Den 4. desember 1929 døydde landhandlar Lars K. Knutsen Akslen av «tæring», eller Tuberkolose som det vert kalla i dag. Lars gifta seg aldri og hadde difor ingen nære arvingar. Broren Knut var medeigar i butikken, men det var Thomas Kristoffersen som var bestyrar og som stod for den daglege drifta.

Thomas såg moglegheiter i det meste. Når Ålesundarane byrja å nytte Emblemsfjellet til fjellturarar, så var det mange som kom ned på Emblem søndagskvelden og skulle ha skyss ut att til byen. Andreas Spjelkavik hadde starta passasjerrute allereie i 1924, og det var han eller sonen Hans Bigton som det vart sendt bod etter. Emblemsruta var enno ikkje oppretta, og då kunne det verte lenge å vente. På denne tida hadde dei ein fem- og ein sjuseters drosjebil, før dei fekk seg ein 10-12 seters Bedford. Vegane var dårlege, og var det påske og teleløysing attpå så vart det særs lenge å vente for den som ikkje fekk plass på den første turen. Harry fortel at dei også hadde behov for grindagutar, for grinder var det ein god del av på denne tida, og særleg når det var beitesessong. Petra Indreberg, dottera til Peter Indreberg var ei av desse «grindagutane» Det var ikkje plass til henne inne i bilen, så ho måtte stå på stigbrettet og halde seg fast på utsida. Det var ikkje mykje sikkerheit å snakke om, men farta var heller ikkje så stor. Det vart fortalt om ein som kom heilt opp i 40 km/t. ein gong, men normalen låg nok mest på 20-talet og opp mot 30.

Turen til Ålesund vart med andre ord dryg i forhold til dagens tidsaspekt. Kristoffersen bestemte seg dermed for å bygge eit påbygg med skråtak mot vestveggen på utsida av butikken. Her innreia han kafé med kakao, wienerbrød frå Molnes Bakeri og sjokolade til slitne turistar. Dermed kunne dei sitte lunt og godt medan dei venta, og Thomas kunne tene ein ekstra slant attpå. Han hadde i tillegg opna opp veggen så det var lett å gå frå butikken til kaféen. Det har med andre ord vore heile tre kafear i Emblemsbygda, Ein stod på Magerholm ved fergekaia, Ein var del av Aksla-buda, og om somrane hadde Georg Emblemsvåg kafé nede på Emblemsanden ved fotballbana. Eg har i tilegg funne at Ludvig Berntsen fekk kaféløyve i 1936, men eg har aldri høyrt om kafé i Berntsenhuset. Det kan heller hende at han formelt var søkar for familien Engeset, om dei hadde fått avslag.

Thomas var altså på jobb søndagskveldane også. Men det var ikkje det einaste tiltaket som han hadde fått på plass. På 1930-talet var det vanskeleg å få seg arbeid for ungdomane i bygda. Det vart etterkvart sett i gong såkalla «naudsarbeid», som vegarbeid og skogplanting, men det var mange som likevel var utan arbeid, og det var heller ikkje plass til alle på sjøen heller. Det vart til at mange av desse møtte på Aksla-buda om ettermiddagane og vart hengande der. Thomas tok godt imot ungdomane. På lageret hadde han endå til ordna med boksehanska, slik at dei kunne drive på med boksing om dei ynskte det. I tillegg var det populært å spele «Lappis». Då nytta dei ein femøring og forsøkte å kaste mynten nærast mogeleg ein strek som var teikna opp nokre meter unna spelarane.  Egil Hansen og Konrad Østrem var to av dei som samla seg på Aksla-Buda på den tida.

På eit tidspunkt før 1933 vart Kristoffersen meir enn berre ein bestyrar for dei på Aksla, for då butikken tok fyr, natta til 13. januar 1933, så hadde butikken skifta namn frå L.K. Akslen til «Ths. Kristoffersen Landhandleri». Den påfølgande dagen kunne Sunnmørsposten fortelle at både huset og varebehaldninga strauk med. Journalisten skreiv også at det var det stille veret som hadde berga husa ikring. Heldigvis var alt forsikra. Eg har leita i avisa heile den påfølgande våren etter ytterlegare opplysningar om brannårsaka utan å finne noko svar. Sikkert er det i alle fall at handelsmannen Henrik Maude på Sjøholt eigde huset.

Harry Akslen fortel at brannmurane vart ståande i omlag to år, før eit nytt hus med fleire etasjer omsider stod klar. I følge Karl O. Emblem, så skal Aksla-slekta hatt interesser i nybygget kring 1935, og at dei skal ha drive butikk i det nye huset ei kort tid før dei overlet forretninga til Peder Myrstad, som dreiv landhandel og bakeri i Spjelkavika. Med dette kan ein for alvor sjå slutten på Aksla-Buda, og byrjinga på «Myrstad Filial». Etterkvart flytte søstera til Knut og Lars, Antonette Akslen (1888-1957) inn i det nybygde huset. Eg er usikker på årstalet enno. Ho vart i dagligtalen kalla «Anti» og var ugift. Ho budde lenge på heimgarden, Øvste Aksla og tok seg av veslebroren sin, Karl Elias (1895-1941), som hadde brote ryggen i ei fallulykke på Låven på Aksla under leik. Han vart sengeliggande resten av livet, og det vert fortalt at Anti skal ha fått huset i løn som takk for at ho ofra både framtid og giftermål for å ta seg av han medan han levde. Den opplysninga stemmer nok ikkje heilt. Eit nærare søk i grunnboka til bygget syner at Anti og søskena Thea Akslen Østrem, Thommas Akslen, Marie Grindvik og Knut Akslen kjøpte eigedommen i 1950 for 9000 kroner. Nokre dagar etterpå kjøpte Anti ut søskena sine og vart eineeigar. Spørsmåle var berre korleis ho fekk hand om så mykje pengar og kvifor ho ikkje berre kjøpte heile huset åleine? Då kan det at ho fekk huset vere ei slags forklaring likevel. Det er mogeleg at der var noko arv etter foreldra og søskena Hans, Eline, Lars og Karl som alle hadde gått bort før 1950. Eg undrar meg også på om grunnboka eigentleg syner at søskena overlet sine delar til Anti, sjølv om det formelt står at ho kjøpte dei ut. Det kan demed ha vore som ei slags «løn» utbetalt i ettertid, men sikker kan ein ikkje vere. Eg tvilar i alle fall litt på at Anti med eitt hadde 9000 kroner i banken, og der finst ingen banklån registrert på henne og eigedommen. Aksjeselskapet L.K. Akslen eksisterte derimot fram mot krigen. Utan ein velferdstat å støtte seg til, så behøvde ho ei inntekt for å klare seg sjølv. Det nye butikkbygget hadde rett nok den same grunnflata som den opphavelege butikken, men no var det fleire etasjar oppå, og her var det plass til å leige ut til fleire. Dette vart løysinga for Anti.

Lillian Nedrelid har fortalt meg kven som bodde der mot slutten av 1930-åra. Maude leigde ut areal til Myrstad-butikken i kjellaren. I første etasje budde familien Kristoffersen med Thomas Petra og borna Solbjørg, Harald og Per. Det var den same Thomas som hadde arbeidd og dreiv butikken frå omlag 1929-1933. Der var også ein liten hybel med ei kokeplate for ansatte på butikken i den samme høgda. I andre etasje var det to rom pluss kjøkken mot aust. Antonette bodde i den vestlige delen i denne etasja, medan butikkbestyrar Anna Emblem (f. Hundeide), Lorentz Emblem og dei 5 borna hadde kjøkken og stue i den andre enden. Dei kjøpte seg seinare tomt og bygde hus kring 1951 inne på Aksla som næraste nabo til lærar Bernhard Olsen. Der gjekk også ei bratt trapp opp på loftet der ongane sov. Etter dagens standard så var dei lave loftsvindauga alt anna enn trygge for born, men det gjekk no bra likevel. Alle i huset delte ein utedo. Lillian hugsar framleis kor stort det var å endeleg få innandørs bad når familien flytta inn i eige hus nesten 20 år seinare

Det nye huset vart ståande i mange år. Fram til 1946 heldt Myrstad Filial til i kjellaren. Det året tok det nystarta Emblemsbygda Samvirkelag over varelageret og leigeavtalen med Hanna Maude som va enka etter Henrik. Anti døydde i 1957. Året i forvegen hadde ho seld huset til nevøen Karl «Kallen» P. Østrem frå Abrahamsgarden. Han var sonen til Thea som hadde vore med å kjøpe huset i 1950. Kallen og kona Magna Johansen frå Storhaugen budde visst der ei tid også, før dei fekk frådelt parsellen «Udsigten» frå Karl sin heimgard ået etterpå og bygde seg hus der. På slutten av 1950-talet vert bygget seld nesten kvart år ei tid. Kvar gong auka prisen betydeleg og det kan verke litt underleg for ettertida. I 1956 var det altså Karl som kjøtpte huset for 15 000 kroner. Året etterpå sel han til onklane Thomas Akslen, og Knut Akslen, samt Lisa P. Akslen som var enka etter onkelen Hans. Dei to dreiv Øvste-Aksla. Prisen hadde no auka til 23 000 kroner. Året etterpå, i 1958, sel dei vidare til Thomas Kristoffersen for 28 000 kroner. På tre år hadde dermed huset stege nesten dobbelt i verdi. No skal det nok seiast at kanskje ikkje salsummen frå Anti til Karl var heilt reell i forhold til verdien av huset, og der kan ha vore ein del oppgraderingar i desse åra som auka verdien betrakteleg. Ellers så har verdiauken langt på veg finansiert både tomtekjøp og mykje av huset som Karl bygde seg på Østrem. Huset vart deretter overført vederlagsfritt frå Thomas og kona Evelyn til borna Per, Harald og Solbjørg i 1970. Dei fekk burett i leiligheita si attende. Dette året tok Postverket over som leigetakar for kr. 2400 kroner inkludert lys og varme i 10 år. Harald kjøpte så ut søskena og mora sin bruksrett året etterpå. I 1978 kjøpte så Bjarne Sæter eigedommen for 85 000 kroner og busette seg øverst. i Seinare vart det også videoutleige i kjellaren på 1980-talet før det vart slutt på forretningsverksomheit på Korshaugen. Eg vil tru at «Videoposten» kanskje flytta inn etter oppussinga i delar av huset i 1986. Posten hadde då flytta inn i nybygd hus ved Samvirkelaget sitt forretningsbygg lenger aust ved Ebbebakken. Akslabuda vart etterkvart kun nytta til boligformål, og huset vart modernisert og pussa opp hausten 2007. Like før det var ferdig, vart huset totalskada i brann den 14. januar 2008. Dette var den andre brannen i husets historie. Det brann ikkje heilt ned denne gongen, men måtte totalrenoverast på nytt. Dagens hus på Korshaugen oppå Magnusbakken er soleis i si tredje utgåve, med ny bilgarasje der kaféen ein gong var. Det er nok lite truleg at Aksla-Buda vil gjenoppstå som butikk. Samstundes er det viktig å ta vare på den rike historia som dette huset har hatt. Forhåpentlegvis kan eg fortelle historia om både posten og videoutleige også om nokre år.

Kjelder:

Intervju og ein rekke telefonsamtalar med Harry Akslen om Aksla-Buda hausten 2013.

Samtalar og e-post korrespondanse med Lillian Nedrelid 2011. Her er det også lagt til tilleggsinformasjon frå Annie Hesseberg og Laura Ramsvik.

www.digitalarkivet.no : Folketellingar, emigrantprotokollar og kyrkjebøker.

Emblem Skule sitt arkiv frå "Bygda vår" prosjektet 1987: Intervju med Lars Emblem, Jofrid Emblem, stensilkopi-bilder av Karl og Lars K. Akslen

Øverlid, Ragnar: Borgund og Giske Band II Gardsoge, Borgund og Sula bygdeboknemnd 1961

Sigurd Langleite: Intervju med Jofrid Emblem og Mauritz Akslen kring 1984

Sunnmørsposten: 1. kvartal 1934 på mikrofilm

http://www.archives.com: Amerikanske folketellingar og offentlege arkiv på nett.

Karl O. Emblem: Foredrag om handelslagshistoria på Emblem i forbindelse med 25 års jubileet til Samvirkelaget på Emblem 1971.

Langleite, Sigurd et al.; Samyrkjelaget Spjelkavik, Emblem Samvirkelag: 50 år 1946-1996: en del av sunnmøre Samvirkelag

Digitalarkivet: Gamal grunnbok frå 1935-1990