Hatlebakken

Barnedåp i 1939 f.v. Oline Kalhusseter (mor til Petter Kaldhuseter) Mattis(Matias) med Vebjørn på handa, Svanhild g./med Mattis, Lida Austren (g. Kaldhuseter) med dotter og dåpsborn Kari (hun vart forresten døypt på sjukehuset) og så seinare ny dåp? Faren Petter Kaldhuseter, tante Bara (Kaspara, gift Barstad), bestemor Karen Austrem (mormor til Kari), ukjent og bestefar Lars Austrem. Der står ei dame bak Peter som også er ukjend. Informant: Karin Hollevik Eriksen. Biletet er utlånt av Lars Petter Barst

På besøk hos Karis svigermor på Grebstad i Sykkylven. F.v.: Lida Kaldhussæter, Karis Svigermor, Kari Strømme (f. Kaldhussæter), Petter Kaldhussæter og svogeren Hans L. Østrem

Kaldhus-Petter i 1982. Biletet er del av eit større bilete med EIL-veteranane på jubileumsfeiringa til idrettslaget. Biletet er utlånt av Olaf Hesseberg

F. v.: søstrene Lida Larsd. Kaldhusseter (f. Østrem) og Herborg Larsd. Akslen (f. Østrem) fotografert i selskap i Larsgarden på Østrem i 1980.

Den gamle gardsvegen til Hatlebakken ved Trollfossen før utbetringane og trea vart hogde. Foto: Arne Nowak

Den gamle gardsvegen til Hatlebakken ved Trollfossen før utbetringane og trea vart hogde. Foto: Arne Nowak

Hatlebakk-selet på Skillingsetra. Foto: Svein Ove Østrem

F.v.: Lida Kaldhussæter med Kari og Dagny Emblem med Ellinor i hagen utanfor Severinbuda. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem

Hatlebakken har fått bruksnummer 3 under matrikkelgarden Emblem, men er ikkje ein av dei 6 bruka som garden vart delt inn i på slutten av 1500-talet. Hatlebakken er derimot mykje yngre, men sidan  den er utskild frå Negarden med bruksnummer 1, så har bruket difor fått eit så lavt bruksnummer. Hatlebakken vart rydda kring 1850 og eg er så heldig at eg har fått tilgang til fleire av dokumenta frå denne tida slik at det er mogeleg å fortelle litt meir av gardshistoria, enn det ein kan få innsyn i om ein les bygdeboka for Borgund. Av dei nyare opplyningane er eg tidvis meir usikker for eg finn ikkje heile panteregisteret for Hatlebakken, og det er tydeleg at bygdebokforfatteren hadde det same problemet.

Hans Magnus Iversen Nedregard (1826-1912) var den første som løyste festeavgift på plassen, den 3. januar i 1857, til Ole Elias Olsen Emlem. For å få bygselseddel, måtte han først betale 50 Speciedaler i eingongsavgift, og deretter 1 Spd. og 3 ort i årleg avgift til Ole. Hans fekk rett til å låne negardshesten 6 dagar per år, men han måtte også arbeide 3 dagar i onnene på Negarden. På denne tida var ikkje ein hest noko sjølvsagt på husmannsplassane. På eit tidspunkt måtte husmanssfolket i Magerholmdalen til og med drage plogen sjølve med handemakt. Hans var så heldig å ha ein omtenksam bygslar. Han fekk i tillegg fullt rådvelde over skogen på plassebruket, ei eiga nauttomt og rett på å få material fritt tilkøyrd frå sjøen. På andre plassar i bygda måtte plassemannen klare seg med å brenne kolmiler frå trerøtene etter gardeigarens eigen trehogst.  Bygselseddelen vart tinglyst 7. juli det same året.

Den 21. juni 1857 gifta Hans Magnus seg med Iverine Nilsdotter Giskegjærde (1827-1901), i Giske kapell, med broren Lars som ein av forloverane. Den 11. mars 1858 kom også eldstesonen Johan Gregorius Elias til verda. Han vart døypt 4. april. Det verka ikkje som om Hans og Iverine hadde fått seg så mange vener i nabolaget enno, for på lista over fadderar er det kun den næraste slekta som var nemnd. Rett nok var plassemannen på Skørene, Lauritz Ivers. Emleim ein av fadderane, men dette var broren til Hans, frå Nedregard, som óg hadde fått rydda seg eit plassebruk i bygda. På denne tida var det vanleg med ein 5-6 fadderar der nokon var slekt og ugifte søsken, medan andre kom frå nabobruka. Det var vanleg å samarbeide på tvers av gardsbruka og soleis kunne også venskap verte bygde. Samstundes skal ein merka seg at tida med klengetun var forbi og difor kunne kvar enkelt brukar bestemme seg for når han sjølv ville starte slåtten. På Hatlebakken var det truleg ikkje så mykje behov for hjelp heller.

I 1862 vart Hatlebakken skyldsett til 24 skilling og kjøpt av Lars Kristiansen Viddal i Sjursgarden for 130 Speciedalar.  Lars var den tredje ektemannen til Andrine Arnesdotter Emlem frå Skaret, som drukna i ei ulukke i Tafjorden det same året. Skøytet vart signert 10. desember på skrivargarden Fredsberg ved Nørvasundet og tinglest 19. desember i 1863. Hans var plassemann og bygselsmann i Hatlebakken, men han greidde seg temmeleg bra, for han hadde råd til å kjøpe seg eit stykke attåt frå bruksnummer 1 i Emblemsvågen i 1866. Fire år seinare vart denne delen skyldsett til 10 skilling, slik at plassen no vart verdsett til 34 skilling i skyld.

I 1865 vart det halde folketelling i Borgund. Dette året finn ein at dei har 4 born som bur på plassen.  Johan G. Hansson er eldst med sine 8 år. Nikkoline M. er nummer to i rekkja på 6 år, og så kjem dei to yngste borna Hans Lauritz og Andreas Britanus også med to års mellomrom, 4 og 2 år gamal. Det året hadde dei 2 kyr, 5 sauer, ein gris, 4 1/2 tønner havre og 3 tønner potet i innkome.

I følge opplysningar frå Helge Blindheim, som er bornebornet til Hans Laurits (f. 1862), kan fortelle at det kom tre born til etter folketellinga i 1865. Dette var Joakim Lauritz (f. 1866), Karoline (f. 1869) og Petrine (f. 1871). Magnus og Ivrine fekk altså totalt 7 born i Hatlebakken.

I 1868 kan ein også finne at Hans fekk 5 tønner havre, 10 tønner poteter og 12 skippund høy. Han hadde dessutan 2 kyr og 4 sauer. Året etter var det registrert ei stove med kjøkken og kammers, løe med fjøs og eige naust. Sel finn ein derimot ikkje noko spor etter enno.

Det verkar som om Hans Magnus Iversen har kjøpt Hatlebakken til sjølveige på eit tidspunkt etter 1863, for i 1869 måtte han selge frå seg att til broren Lauritz Iversen som no hadde flytta frå Skørene på Emblem og tatt namnet Gåseide i staden. (du kan lesa meir om dette i teksten til Skorene her på www.emblemsbygda.com. I kjøpekontrakta kan me lesa vidare at det vesle bruket hadde ei stovebygning, fjøs, låvebygning og naust. Det underlege er at kjøpesummen er sett til kun 45 Speciedalar, under halvparten av det som garden hadde vorte seld for tidlegare. Forklaringa til dette finn eg i panteregisteret for Hatlebakken. Garden har no to ulike L.nr. (15b og 18c) det har også dukka opp eit nytt namn, "Ytre Hatlebakken", så mykje tydar på at garden vart delt. Det var fleire som sleit økonomisk i bygda på denne tida, og nokre av dei fekk utpanting også. Fleire av desse hadde sett opp nye gardsbygg like før, så det kan tyde på at ein økonomisk oppgongstid hadde vorte avløyst av nedgongstider. Eg vil tru at det heile hang saman med fiskeri, for det var nok helst der pengane var å hente. 

Etter salet vert det lite aktivitet som kan sporast i pantebøkene. Det einaste var pålegget om at oppsittarane på Emblem og i Emblemsvågen skulle gjerde inn utmarksgrensa mot Vasstranda. Det er mogeleg at ein hadde dårleg erfaring med slike kostbare og ikkje minst tidkrevande pålegg, for det vart samstundes trua med både dagbøter til fattigkassa i Borgund og faren for at kommuna sjølv ville syte for arbeidet på bøndene si bekostning. 

I 1882 er det ein del aktivitet. Først låner sonen Hans Lauritz Magnussen Emblem 191,14 kroner. Kort tid etterpå ytterlegare 269,41 kroner hjå  J.E. Berntsen,  mot sikkerheit i ein halvdel av Hatlebakken.  I 1883 ser eg at Han kjøper ein part i Hatlebakken frå Jens E. Berntsen, som truleg er handelsborgar Jens E. Berntsen i Ålesund. I følge kjelder frå digitalarkivet skal der ha vore minst to Jens E. Berntsen i Ålesund på same tid, men den andre var operasongar og kanskje ikkje like bemidla. Ein del tyder likevel på at desse to var i slekt, for dei var begge fadder til Erling Moe, sonen til Postexpeditør Mikael Dortheus Berntsen i 1901. Det går fram av skøytet at Berntsen hadde kjøpt sin halvpart på auksjon i 1881. Denne gardparten er ikkje den same som onkelen Lauritz kjøpte. Det kan difor verke som om Hans lånte pengar av Berntsen for å kjøpe attende gardparten frå den same kreditoren.For dette  måtte Han betale 300 kroner. Det kan verke som om faren hadde hatt store økonomiske problem. Først hadde han seld halvparten til bror sin, og etterpå gjekk den andre halvparten på auksjon. Det kan ikkje ha vore enkelt.

I 1892 lånte brødrene Andreas og Hans Magnusson Emblem 650 kroner i Borgund sparebank mot 5% årleg rente og pant i Hatlebakken. I tillegg skulle lånet betalast attende på berre 3 månader. Det gjekk ikkje heilt som dei tenkte, men dei fekk likevel utvide lånet med 250 kroner. Det verka også som om dei fekk ny avtale, for lånet vart ikkje innfridd før 1899, men dei klarte seg utan utpanting eller tvangsalg.

I 1893 fekk Andreas skøyte på den andre halvparten av Hatlebakken frå Knut Larsen Ekrem for 450 kroner. Dette var truleg arv eller kjøpt frå den tidlegare nemnde onkelen, Lauritz Iversen Gåseide. No var det den yngre generasjon som skulle ta over. Hans og Andreas no kvar sin gardpart. Problemet var at garden ikkje var stor nok til å livberge to familiar.

I 1900-tellinga finn eg ikkje begge familiane på Hatlebakken. Hans Magnussen Emblem og kona Agnete Rasmusdotter var då plassefolk utan jord på Hatlehol gardsnummer 10 bruksnummer 2. Han livnærte seg som skomakar, medan Agnete var syerske.

Broren Andreas Magnussen (1864-1925) var registrert som husbonde på Hatlebakken. Han var gift med Anne Knutsdotter Emlemsvåg (1870-1926). Bruket gav truleg ikkje nok utkome åleine, så han var fiskar og skomakar i tillegg. I følge folketellinga frå hausten 1865, så var Andreas den yngste i barneflokken. Eg finn førebels ingen fleire opplysningar i digitalarkivet om dei eldre søskena, eller nokon begravelse der faren deira er registrert. Det er godt mogeleg at dei har gifta seg og kanskje flytta frå bygda også, for plassen gav ikkje mat til alle saman. Kvifor Andreas tok over, er eg ikkje heilt sikker på, men tenker ein etter, så ville eldstebroren, Johan vore 42 år, og den nest yngste i søskenflokken, Hans, ville vore 38. Det kan tyde på at dei eldre borna hadde funne seg ein plass eller eit gardsbruk allereie, når faren løyste kårbrevet sitt i 1900. Det er også ei viss mogelegheit for at ein eller fleire av syskena kan ha forlete gamle landet også, sidan dei førebels er så vanskeleg å spore dei opp. Samstundes så ville dei nok ha endra namn etter sin nye bustad om dette var ein gard, og slikt ville truleg ha skjedd før 1900-tellinga.

Helge Blindheim kan fortelle at Johan og Karoline emigrerte til Amerika. Johan skal ha gifta seg der, utan å få etterkommarar, medan Karoline var ugift livet ut. Søstera Nikkoline gifte seg heller ikkje, og skal ha vorte gravlagd på Nedre Gravlund kring 1927. Hans Lauritz skal ha drive den eine halvdelen av Hatlebakken saman med Andreas ei tid, før han overlet denne parten til Andreas. Han var skomakar på Hatleholen kring 1900 og tok då namnet Hatlehol. Seinare  flytte han vidare til Blindheim kring 1907, og endra etternamn enno ein gong. Hans Lauritz døydde i 1958, og var som sagt bestefar til Helge Blindheim som har samla desse opplysningane til meg.

Joakim Flytte til Oslo, og tok namnet Magnussen. Han døydde i 1949, og det er mange etterkommarar etter han der. Petrine vart gift med enkemann Johan Iversen Furholm, og budde på Furholmen til ho døydde i 1960. Petrine fekk ingen born.

Frå folketellinga i 1900 kan ein finna at det var 7 som var heimehøyrande på plassen. Andreas og Anna dreiv no garden åleine, og hadde hadde to døtre. Den eldste var Marie Inga Karoline Andreasdotter på 2 år, som vart fødd 4. mars og døypt 24. april i 1898. Fadderane var denne gongen stort sett frå bygda. Magnus Iversen Emlem, er truleg er bestefaren Hans Magnus Emlem, som no var kårmann på garden. Han hadde byrja å nytte kun fornamnet Magnus på denne tida. Iver Olsen Nedregotten var frå Guttormgarden. Der er også ein dreng med namnet Hans Magnussen Emlem, og ein skal ikkje sjå heilt bort ifrå moglegheita for at dette er broren til Andreas. Det er også nemnd ei «pige» Petrine Magnusdotter og ei «pige» med fornamnet Anne, men her er dei to andre namna til Anne er for vanskelege å tyde.  Petrine er den same som gifte seg til Furholmen.

Den 6. januar 1900 hadde yngstedottera Klara Oline Nikoline Andreasdotter Emlem vorte fødd. Ho vart døypt heime den 16. januar og dåpen vart stadfesta den 4. februar. Sidan det var såpass lang tid mellom fødsel og heimedåpen, så stod det truleg ikkje om liv, men truleg kan det ha vore snakk om at det var ein rimeleg kald januar, og at det ikkje var sett som forsvarleg å legge ut på den lange kyrkjereisa med robåt til Borgund kyrkje før ein bikka februar. Eg klarer ikkje å tyde kven som var vitner og kven det var som stod for dåpen. Det var i alle fall ikkje læraren, som i nokre andre tilfelle, men derimot ein gardbrukar med namnet Emblemsvåg. Fadderane var meir spreidde denne gongen. Eg finn ein Lauritz Gaaseide, som truleg er onkelen til Andreas. Saman med kona Karoline hadde dei flytta frå Skørene til Dyrberg på Gåseide ikring 1865. Dei andre på fadderlista kan kanskje også gje litt peikepinn på kvar nokre av søskena til Andreas kan ha vorte av. Eg finn ei Marie med utydeleg etternamn som kan likne på enten Agevik eller Osevik, og dessutan ein Hans og ei Marie Gjørtz, Hans og Marie budde på denne tida i Ålesund.

Det står ikkje noko i 1900-tellinga om kor mange hus som stod på garden på denne tida. Det er mogeleg at der var ei kvenn, for Mauritz Akslen fortel at Hatlebakk kvenna var den siste som mol korn i bygda vår, og at dei tok imot korn på oppdrag også. Ein skal heller ikkje sjå bort ifrå at dei hadde sel no Hatlebakkselet stend i dag på Skillingsetra og kan difor ha vore eit av sela som vart flytta frå Gamle Emblemseter kring 1930, men dette skal eg ikkje seie for sikkert. Det som er meir sikkert er at dei hadde korn, potet og krøter på denne tida, men fjærkré. Frukthage eller kjøkkenhage var idet kkje registrert i 1900. Laura Larsdotter på 9 år var også innskriven som den sjuande som budde på garden. Ho måtte tidleg ut i arbeid, og var registrert som «barnepige» dette året. Kvar ho kom frå kan eg ikkje bekrefte enno.

Andreas sleit nok med å klare seg, for i 1900 selde han faktisk sin gardpart til broren Hans for 900 kroner og vart bygselsmanni staden.  I 1910-tellinga finn ein framleis Andreas og kona Anna som drivarar på plassen. Iverine er død, men Hans Magnus Iversen lev framleis som kårmann på plassebruket. Andreas fekk ikkje fleire born, men hadde tatt til seg ei pleiedotter fra Emblemsvågen. Dette var Ragna L. Emblmsvåg på tre år. Petrine Magnusdotter dukkar også opp att i denne tellinga. Ho vart registrert som fadder og pige i Maria Karoline Inga Andreasdotter Emblem sin barnedåp i 1898 og i denne tellinga er ho registrert som «Tjenestepike i huset». Og født den 11. oktober 1871. Ein rask sjekk i kirkeboka bekrefter dette. Ho vart døypt Petrine Karen Lovise den 21. april 1872. Det var heimedåp, utført av skulelærar og sambygding Knut Furseth. Den einaste fadderen frå bygda var Nikoline Simonsdotter Emblemsvåg. Her finn ein også Joakim Iversen Skuggen, Karen Iverdotter med eit utydeleg etternamn, og Jensine Iversdotter Nedregaard. Nokre av desse kan vere søskena til Hans Magnus. I tillegg er det registrert ein Peter Eriksen Sunde, som den siste fadderen. Det verkar som om Petrine er i Hatlebakken for å ta seg av faren sin. Ho er i denne tellinga registrert som ugift og ikkje enke. Ho vart som kjent gift seinare.

I 1900 fekk også faren Magnus og mora Iverine kårkontrakta si. Det er mogeleg at det var kårytingane som Andreas hadde slite med å få råd til. broren Hans hadde neppe så mykje meir å bidra med, men dei var vant til å samarbeide for å klare seg og slik fann dei løysing på utfordringa denne gongen óg. Foreldra fekk følgande kårytingar: 54 kg Bygg, 144 kg havre, enten 2,8 eller 28 hektoliter potet, 730 liter søtmjølk. Brørne skulle levere mjølka på meieriet ved Ebbegarden når dei ikkje makta dette sjølve. Foreldra hadde sjølv ei ku, som sønene fekk, mot å ta seg av dyrehaldet åleine. Vidare kjem det nokre interessante opplysningar med lokalnamn: 

"Et Stykke Ager "Myrageren", hvor tilskaffes den fornødne Gjødsel, paa nordre side af en Grøft samt østre Del af Haven, som er afmerket med nedsadte Stene, ligesom Marken imellem (..) fra Haven til Elven og hvad der ligger i Mod for denne Del af Haven til Lars Olsen Emblems eiendom" (Nedanfor "Navelsaker-huset" på Elvarum).

Kårfolket fekk nytte den østligste delen av huset (mot elva) Her var det stove og eit kammers vegg i vegg. Loftet ovanfor desse romma skulle også være kårfolket sin del. Det skulle også vere mogeleg å nytte kjøkkenet og ha lagerplass til potetene i kjellaren. Når kontrakta vart skriven var kårfolket sjølvhjelpte med brensel, men dette skulle dei få hjelp til om det var behov for slikt etter kvart. Vidare skulle det settast av plass i vedskjulet til kårfolket sitt brensel. Kårytingane vart sett til 100 kroner årleg og omfatta all hjelp livet ut.

Iverine rakk ikkje å nytta seg særleg mykje av kårytingane. Ho døydde omlag eit halvt år seinare av lungebetennelse, medan Magnus levde til 1912. Frå 1901 verka det som om det gjekk betre med Andreas ei god stund. 22.12.1921 lånte han 5000 kroner i boligbanken og den 4. januar kjøper han attende Hatlebakken frå broren Hans Magnussen som no hadde flytta og tatt namnet Blindheim. Kjøpesummen vart sett til 3000 kroner. Den 15. mars måtte han låne ytterlegare 767,38 kroner. Denne gongen var det handelsmann og sambygding Hans Furset som lånte ut.

I 1924 selde Andreas Hatlebakken til ein som heitte Alfred Gamst og tok sjølv kår på garden. Salgsummen var på 9000 kroner og burde dekke for låna nokre år tidlegare. Lånet til Furset var allereie nedbetalt i 1923, men eg finn ikkje spor etter det same for det største lånet. Av den totale kjøpesummen på 9000, var 3000 kroner verdien på alt av "løsøre" og her var nok gardsreiskapen rekna med. Andreas og Anna fekk bruke stove, kammers og "loftværelset i vånehusets østre ende og kjelderrummet like under"  Vidare skulle det vere "plass til en gris i fjøsbygningen". Resten av kårkrava var av det vanlege slaget med rett til ved og brenntorv, mat og gjødsel til grisen, åkerlapp, hestehjelp og rett på å få bruke "et stykke udyrket indmark i "Ystedalen" av indtil 2 -to- mål som dog tilfalder bruket efter vor død".

Alfred Gamst var truleg fødd i Hasvik i Børfjord den 17.10. 1884. Eg finn han som ugift fiskar i både 1900 og 1910. Faren Adolf var fiskar og "Tilsynsmand ved hvalfabrik" i 1900. Det året var dei minst 8 born og Alfred var den eldste. På denne tida var det  meir og meir vanleg å ta seg jobb sørpå. Sunnmøre var ein ideell plass med liknande næringsvegar. Fiske var det minst like mykje av både stadar, og det er mogeleg at Alfred ynskte å busette seg på Emblem. Men opphaldet varte i så fall ikkje særleg lenge, for den 2. juni i 1925 selde han bruket vidare for den same summen som han sjølv betalte året i forvegen. 3500 kroner var verdien på gardsreiskapen som følgde med. Det er også interessant å merke seg at Andreas og kårytingane ikkje vart nemnd i kjøpekontrakta eller skøytet som vart tinglest 22.7. det same året. 

Det kan vere fleire grunnar til at salget kom på dette tidspunktet. Kanskje var Andreas sjuk og trong ein god del hjelp. Det kan ha vore vanskeleg å kombinere gardsdrift og særleg fiske med hustell og omsorg dersom Alfred framleis var einsleg. Han hadde kanskje overvurdert situasjonen, når Andreas hadde vore frisk nok til å drive både gardsbruk og vedhogst på eiga hand året i forvegen. Uansett vil dette kun verte spekulasjonar, for dødsårsaka åt Andreas er ukjend og ikkje registrert i kyrkebøkene. Det einaste eg har å halde meg til er kjennskapen til at han døydde 16. november det same året som Gamst selde Hatlebakken vidare. 

Men samstundes så er det noko som tyder på at Andreas ikkje makta å arbeide særleg mykje dei siste åra. Til trass for at han hadde tjent meir på gardsalet enn han hadde lånt, og kårytingar attpå, så var han framleis skuldig kroner 1596.50,- til Borgund sparebank. Den 16. mars 1925 hadde det enda med eksekusjonsforretning. No hadde han ikkje så mykje å gje frå seg til lensmannen. Dei registrerte verdiane var:

"1/2 del i dekksbaat "Haakon" kr. 200,- Desuten 4 stk. aktier i Emlems Kaiselskab a paal. kr. 60,- hvilke man f.t. ikke finder at kunde verdsette. (...) 2 aktier i Sunnmøre meieri a paal. kr. 70,- noe mere til utlegg kunne ikke paavises. Besetning med (....) i loven og det fremlagte gis herved (...) Borgund Sparebank.

Delar av den vidare handskriven teksten er dels utydeleg, men det verkar som om det ikkje vart kravd meir av Andreas etter dette. Det må ha vore vanskeleg å stå til rette på denne måten og det kan ikkje ha vore enklare når det var dei næraste grannane, Lars Olsen Emblem og Margrethe Emblem, som var innleigde til å bistå lensmannen. Kårytingane fekk han behalde.

No kom det ei ny slekt på bruket. Ole Thomas Kaldhusseter (1868-1934) kom frå Norddal. Thomas vart gift med Oline Muldal (1872-1958), den 16. desember i 1892. Ho kom også frå Norddal. I 1910 var dei registrerte som busatt på prestegarden Engeset i Dalsbygda i Norddal. På denne tida hadde dei 7 born og forpakta prestegarden, samstundes som dei hadde ei kårkone å ta vare på. Eldstedottera heitte Tora. Ho var 17 år og hjalp til i huset attåt sommerarbeid som budeie. Det var også meieri i bygda, så det kan hende at ho hadde litt ekstra arbeid der også. Eg skal ikkje seie for sikkert om heile søskenflokken vart med på flyttelasset til Emblem. Det er i alle fall lite truleg at Tora vart med, og i so fall så kom ho snart attende til Engeset, for ho gifta seg nemleg med Sevrin Karls. Engeset (1890-1986) og vart buande på Engeset i Dalsbygda. Sevrin fekk overta gards. nr. 52 br. nr.7 under Engeset etter faren Karl Engeset (1865-1941), som hade flytta til Magerholm i 1924 og fekk kjøpe garden der i 1928. Dette skal eg kome attende til. Harry Akslen hugsar berre at Mathias (Mattis) bodde heime då han var ung. Mattis prøvde seg også  som kjøpmann etter at han kom til bygda. Det var etter at Lars hadde slutta handel på Elvarum kring 1921. Mattis leigde då den nedlagde butikken, men han klarte ikkje å konkurrere med "L.K. Akslen" på Magnusbakken.

Eg veit ikkje med sikkerheit kvifor Ole flytte heilt ut til Emblemsbygda, men eit håp om noko eige og eit betre økonomisk utkome kan verka opplagt. Forpaktinga av Prestegarden i Dalsbygda var i alle fall ikkje nokon gunstig arbeid å ha, hverken for dei som kom før eller etter. Det var harde bud med mykje arbeid og det var heller ikkje så reint få famnene med fyringsved som skulle kløyvast til prestefamilien åleine. 

Eg har ikkje klart å finne kvar Thomas lånte pengane til gardskjøpet. Kanskje vart noko lånt hos handelsmannen  Lars Krohn-Dale i Ålesund. Lars var sjølv frå Dalsbygda og kjende truleg Thomas frå før av. No hadde han gjort karriere i byen og kunne difor låne vekk til andre. Når bygdefolket drog til byen, så leitte dei også opp handelsmenn som slekta frå sine eigne når handelen skulle gjerast. Noddalingane tok truleg turen innom, Krohn-Dale, Ytterdal, Rønneberg med fleire, alt etter kva dei var på jakt etter. Men sjølv om slektsband kunne vere gode å ha, så vart det ikkje enklare den dagen ein ikkje greidde å betale for seg. 

Den 6. desember 1927 vart det halde utleggsforretning i Hatlebakken, som på folkemunne no byrja å få namnet Kaldhusgarden. Eg reknar med at det hadde samanheng med Mattis sitt forsøk som landhandlar. Det kan i alle fall ikkje ha vore så billeg å få tak i alle varene ein trong, og eg kjenner ikkje til at Mattis hadde noko å pantsette som sikkerheit, med unntak av varige verdiar som farens gard. Det var truleg Thomas som var kausjonist for sonen. I tillegg kan eg sjå at han lånte 2000 kroner i Borgund Sparebank 8.5.1926 og ytterlegare 2180 kroner hos John S. Rødal den 24.10.1926. Til saman kan han ha hatt 13-14000 kroner i gjeld, om han lånte heile kjøpesummen på garden.  Det var heller ikkje så lett å greie seg i mellomkrigstida. Mange fekk merke dei økonomiske etterverkningane etter oppgangstidene under første verdskrigen, og nabobruket, Løvika var i samme knipa.

Thomas klarte ikkje å betale Krohn-Dale slikt som dei hadde avtalt. Hovedkravet var på 2500 kroner. Denne dagen skulle det haldast tvangsal på gardsreiskap og dyr for tusen av desse. Frå utleggsdokumentet kan ein lesa at kyrne Rødlin og Leikny vart verdsette til 400 kroner og ein halvpart i hesten Klara vart vurdert til 250,-. I tillegg miste Thomas færingen sin, 15 torskegarn og 1/2 slåmaskin. Truleg var det slik at han delte på slåmaskin og hest med ein annan gardbrukar, slik Larsgarden , Ystebøen og Hatlebakken tidlegare delte på kostnaden til ein potetsettar. Det kan ikkje ha vore særleg enklare å klare seg utan båt, garn og kyr, men det var mange som sleit på denne tida. Særleg var det dei tidlegare plassebruka som sleit tyngst, og fleire i bygda fekk lensmannen på døra på denne tida. Det går fram av dokumentet at Thomas truleg hadde lånt 7000,- totalt på Hatlebakken. 2500,- av desse var i alle fall til Krohn-Dale. Truleg hadde Thomas lånt meir, mens dette var det gjenståande beløpet som han ikkje klarte å betale i tide. I 1927 var garden verdsett til 100 000,- Thomas klarte å komme seg gjennom strabasane og berge det vesle bruket sitt. Det var ikkje så reint små utfordringar han snart skulle stå ovanfor i dei harde trettiåra heller, men med tida og nøysemd, så løyste dei økonomiske utfrodringane i mellomkrigstida seg og Thomas fekk behalde garden. Eg finn heller ikkje liknande utpantingar etter 1927.

Sonen Petter Kaldhusseter (1907-1986) tok over bruket og fekk skøyte på garden i 1942. Han gifta seg med Lida Larsdotter Østrem (1907-1991) frå Larsgarden på Østrem den 3.juli i 1938. Det var eit dobbeltbryllaup, der svigerinna til Petter, Kaspara Leonora Østrem, gifta seg med Harald Barstad. Det må difor ha vore særs folksamt i Larsgarden på Østrem der bryllaupet truleg vart feira etterpå. På østremsida var dei mange søsken, og så mykje færre var det i alle fall ikkje på Kaldhusseter-sida. I tillegg kom Barstadslekta attpå, så det vart nok eit stort behov for overnatting på nabobruka i bygda og så trong dei godt sommarver for alle desse kunne neppe få plass innomhus i Larsgarden til middag. So mange gjestar vart det ikkje i 1939, når eldstedottera Kari Oddbjørg (g. Strømme) vart døypt i Kaldhusgarden i 1939.

Petter vart eigentleg døypt Peter Nikolai Kaldhussæter den 13.10.1907 i Norddal Kyrkje, men nytta sidan namnet Petter. Det året han vart fødd budde foreldra fortsatt på Kaldhussæter i Tafjorden, før dei tok over forpaktinga av prestegarden kring 1910. Peter, eller «Kaldhus-Petter» som han seinare vart kalla, rakk såleis å få sine aller første år i Tafjorden der faren kom frå, før han fekk trå sine barnsbein i Dalsbygda og deretter i Emblemsbygda. I 1938 budde han på Emblen og livnærte seg som fiskar, medan Lida står oppført som «syerske» i heimbygda si.

Eg veit ikkje akkurat når Tomas og familien flytta til Hatlebakken, men Andreas var i alle fall kårmann då han døydde i 1925 og då hadde truleg Thomas Kaldhussæter drive garden ei lita stund. Thomas var nemlig 42 år gamal allereie i 1910-tellinga, då han vart teld i Norddalen, og så veldig mykje eldre burde han nok ikkje vere før han tok opp lån og kjøpte Hatlebakken. Emblemsbygda må vore interessant på denne tida for no starta frådelinga av hustomter å verte populært. I 1912 er han framleis forpaktar for Sokneprest Bruun i Dalsbygda. Når yngste dottera til Thomas og Olina vart døypt Margit Kornelia i Dale-kykja, var både soknepresten og prestedottera frøken Elesif Bruun blant fadderane. Tomas må i så fall ha vore minst 44 år før han kom til Emblem. I motsetnad til Engeset-slekta på Magerholm, så gjev heller ikkje bygdeboka for Norddal nokon opplysning om kva årstal dei flytte, og heller ikkje kor lenge Thomas var forpaktar.

Kaldhussæter-ætta var ikkje dei einaste som flytte utover i fjordane. Kort tid etter kjøpte nemlig Karl Engeset og slekta hans hovudbruket på Magerholm. Det er interessant å merke seg at han kom frå Engeset, der Thomas hadde vore forpaktar nokre år tidlegare. Karl var også svigerfaren til Thomas si eldste dotter, Tora. Ho vart dermed tanta til Olaf og Hjalmar Engeset på Magerholm. Ei anna interessant opplysning er at Thomas skal ha vore sjølveigar på Kaldhussetra, før han tok på seg forpaktaransvaret for prestegarden i Dalsbygda. Kanskje hadde han nokon pengar på bok då han flytta til bygda, eller så kan det ha vore økonomiske grunnar som førte til at han måtte ta på seg forpaktaransvaret. Nokre år seinare var det i alle fall ein annan i Dalsbygda som fekk forpaktaransvaret etter at dei miste huset og alt dei eigde då bankane gjekk over ende i etterkant av hendinga på Wall Street i 1929 På omlag same tid som Thomas flytte hit, var også Martha Dale frå Jørngarden i Dalsbygda butikkdame på Elvarum.

Kaldhus-Petter var skarpskyttar. Saman med kjøpmann Sevrin Emblem, Karl O. Emblem og svogeren Hans L. Østrem deltok han også på mobiliseringa i 1940 og mellom anna treffningar kring Dombås. Saman med broren Mons han også ein av veteranane i Idrettslaget i bygda vår. 

Generasjonane etter han har også halde på interessa for friluftsliv og idrett. No er mesteparten av gardsbruket seld ut av slekta, men namnet Kaldhusgarden vil nok bestå på folkemunne ei god stund enno.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.12 | 22:33

Veldig trivelig lesing, takk! Knut Salvesen Tjugen var onkel til min tipoldefar.

...
17.10 | 22:52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
17.10 | 20:35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

...
16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE