DEI FØRSTE LÆRERANE PÅ EMBLEM I TIDSROMMET 1742-1900

Illustrasjonsbilete frå Maihaugen som syner arbeidsreiskapen til omgongskulelæreren.
Illustrasjonsbilete frå Maihaugen som syner arbeidsreiskapen til omgongskulelæreren.

Skulen i Borgund prestegjeld vart skipa på Sørneset 19.9.1742. Futen Nicolai Astrup, prosten Jacob Hiort og fire menn frå bygdene i Borgund bestemte at dei skulle ansette omgangskule-lærerer. Den eine fekk ansvar for Emblem, Blindheim og Sula. Løna var i byrjinga på 12 riksdaler per år. I tillegg fekk dei hus og mat der dei kom. I denne vesle teksten vil eg nemne namna på dei lærerane som eg kjenner til i perioden 1742 til 1900. Nokre veit eg litt om, medan andre er meir eller mindre ukjende og vanskelege å finne att i kjelder som folketellingane frå 1801 og 1865. Har du ytterlegare opplysningar, så set eg pris på om du seier frå.

OLE KNUDSEN STETTE (ca. 1730-1798) er omtala i sjeleregisteret til Borgund i 1768. Han er omtala på følgande måte: «Har været skoleholder. Fører et exemplarisk liv og levnet. Velgrundet udi sin Christendomskundskab. Har Bibel, Møllers postil, Guds Barns daglige adgang til Naadestolen og andre gudelige Bøger med fornødne Kirkepsalmebøger.» Ole var før dette omgangskulelærar i skulekrinsane Emblem Blindheim og Sula. Han flytta etterpå til Blindheim og endra namn til gardsnamnet slik skikken var den gongen. Eg veit ikkje kor lenge han var lærer. Han gifta seg med jordajenta Ragnhild Willumsdotter Blindheim i 1759 og døydde i 1798, 65år gamal. Då var han medhjelpar og «Freds- eller Forliigsmægler».

OLE OLSEN MAASEJDVAAG gifta seg i 1766 med Ane Olsdotter Blindemsnes og budde seinare på Vedde, der han var gardbrukar. Han har truleg vore lærer på Emblem etter Ole Knudsen Stette. I det samme sjeleregisteret står det: « Har været Skoleholder. Vel oplyst. Har Møllers postil, Bibel og andre gudelige bøger. Lever christelight og øver Gudsfrygt i deris Huus.» Han var 32 år i 1768 og Ane var 25.

RASMUS NIELSEN STORE-AARSETH (1752-97) gifte seg i 1780 med Jacobine Pedersdotter Fliisnæs. Det er truleg at han var lærer på Emblem, men han slutta truleg når han gifta seg. I følge «Fortegnelse over Huusbønder og Madmødre» frå 1786 så budde han på Flisneset og var gardbrukar. I Borgundboka står det at han dreiv gardsbruket Rasmusgarden, som var bruksnummer 2 på Flisneset, frå 1780 til 1797, og at han var lærer før han overtok bruket. Han vart berre 45 år gamal og Jacobine gifte seg om att med Nils Kristiansen Skår. Han vart berre 35 år og døydde i 1804.

INGEBRIGT HANSEN FLIISNES var lærer på Emblem i 1803. No var Sula og Blindheim frådelt som sjølvstendige skuledistrikt. Han hadde dermed ansvar for Hatlehol, Emblem og Østrem rode. Det kan vere den same Ingebrigt som er nemnd som innrullert matros i 1801-tellinga. I så fall kom han frå Hansgarden på Flisneset og var son av Hans Ingebrigtsen (f. 1745) og Guri Amundsdotter Sorte (ca 1745-1814).

HANS THORESEN GRØNVIG er nemnd i P.D. Baade si melding «Angaaende Skoledistricterne og Skoleholderne i Borgens præstegjæld» frå 1810. Av ein eller anna grunn så hadde han også ansvaret for Blindheim. I tillegg vart det lagd til følgande: «Obs. Deraf har vel en deel været forenet noget tilgrændsende af Skauge Sogn søndre deel for bægges vidløftigheds skyld.» Hans var også registrert som skulelærer og plassemann i 1801. Han var då 44 år og gift med Marta Eriksdotter på 49. Dette var hennar andre ekteskap og dei hadde ein son på 5 år som heitte Søren Martin Hanssen. Hans arbeidde i minst 25 år som lærar og dei fleste åra på Emblem og Blindheim. Årsaka til denne samanslåinga  på byrjinga av 1800-talet var uår ogNapoleonskrigen. I 1817 var det berre 58 born i desse to distrikta og i Skodje og Vatne skuledistrikt var det no berre tre skular attende. 

I Borgundboka finn eg han på husmannsplassen Grønvik som ligg under hovudgarden Ratvik. Her er han omtala som Hans Toresen Volstad, (1757-1813) og det var truleg derifrå han kom opphaveleg. Kona hans er her omtala som Marta Eriksdotter Helle, f. Fiskerstrand. Namnet Helle var då kanskje frå hennar første ekteskap. I den same bygdeboka stend det at han var omgangskulelærer i over 25 år, og at ein stor del av denne tida var på Emblem og Blindheim. I 1796 hadde han 7-8 riksdaler i årsløn. Han tok over Grønvika i 1790 var fortsatt lærer tre år før han døde.

BERNT K KVASNES vert nemnd som lærer i «Fliisnæs» Det tyder på at han var lærer på Emblem og Østrem også. Han vart registrert i 1840. I minneskriftet til Borgund kommune 1837-1937 er det derimot skrive at han gav seg i 1837. Det interessante er at Bernt Sunde har skrive begge tekstane,

CHRISTEN ARNESEN STOKKE skal ha vore lærar frå 1837 til 1843, men eg veit førebels ikkje noko meir om han,

CHRISTIAN IVERSEN NEDREGÅRD skal ha vore lærar frå 1843-1848. Eg er ikkje sikker på om Nedregard er farsnamnet, men det finst mogelege fedre med navnet Iver på denne tida, så det er mogeleg. Problemet er også at han kan ha endra namn om han flytta til ny gard etterpå.

KNUT KARLSEN FURSETH  (1845-1934) fekk oppleva å undervisa i eige skulehus før han gav seg. Han kom frå Stranda og tok lærareksamen ved Volda lærarskule i 1864. Det samme året vart han tilsett som lærar i Hatlehol, Emblem og Østrem krins. Den første tida budde han i Utigard, bruksnummer 1 under Øygarden (Ødegard) like ovanfor staden der Ødegård Bil heldt til i dag. Han fekk mat og losji hos Jens K. Andersen /1816-1882) og Johanne L. Jonsdotter Roald (1816-1870).

I 1867 var han med på å skipe «Prostilærarlaget». I 1874 gifta han seg med Oline Susanne Klausdotter Magerholm, og kjøpte garden «Nybø» (i dag ofte kalla «Fursetgarden») bruksnummer 4, frå Negarden og Auregarden. Det betyr at han var 58 år og hadde vore i lærargjerninga på Emblem i 41 år før det vart ansett ein ny lærar. Furset gav seg i 1905. Han var aktivt med i Borgund lærarlag og i fleire år del av Borgund Herredstyre og forstandar i Borgund sparebank, der han også var revisor i fleire år.