Skillingen

Tunet på Skillingen med bilen til Skillings-Johan i tunet. Den var av merket Nash og restane finst framleis ovanfor bømarksgjerdet i geila ovanfor tunet. Biletet tilhøyrer Jostein Navelsaker

Ebbe-Elias og Bjørn Navelsaker på Skillingen. Biletet er utlånt av Roar Emblem

Bergljot Emblem og Egil Jan Navelsaker på kjelketur bak huset på Skillingen. Bildet er lånt ut av Beate Lade

"Ebbe-Elias", eller Elias Johansen Emblem (opprinneleg frå Ebbegarden) tok over Tunheim, eller Skillingen, som far hans fekk frådelt i si tid. Dette var nemleg det vestlege stykket av Ebbegarden, ved det gamle klangetunet til Emblem. Han dyrka opp garden til det en er i våre dagar. Her held han Egil Jan Navelsaker i hendene. Fotoet tilhøyrer Beate Lade

Egil Jan Navelsaker. Bildet er lånt ut av Beate Lade

Vinterstemning på Skillingen. Bergljot Emblem med Håvard og Jan Erik Emblem. Biletet er utlånt av Beate Lade

Sommarstemning på Emblemskaia. Bergljot Emblem med Håvard og Jan Erik Emblem og hunden Bonso. Biletet er utlånt av Beate Lade

Steffågarden og Skillingen våren 2017. Lengst til venstre ligg gamlehuset i Steffågarden som skal ha stått på same plassen før utskifting og utflyttinga frå dette gamle klengetunet i 1840-åra. Tunet på skillingen ligg lengst mot høgre Ovanfor den raude løa på Skillingen ligg ny-huset i Steffågarden som er bygd av Eli Marie og Harald Reiten. Foto: Svein Ove Østrem

Du har kanskje allereie høyrt om Skillingsetra på Emblemsfjellet, eller lagt merke til stadnamnet Skillingen på verkartet til www.yr.no, når du siktar deg inn på Emblemsbygda.

Av ein eller annan grunn så finn du namnet Skillingen plassert rett bak gamlehuset i Steffågarden, men litt unøyaktigheit kan ein vel saktens tåle. Søker du meir informasjon om garden i bygdeboka, så finn du ikkje noko slikt gardsnamn i det heile tatt. Årsaka til dette skal eg komme attende til litt seinare i denne teksten.

Namnet Skillingen veit eg enno ikkje med sikkerheit kvar den kjem frå. Namnet i seg sjølv er særmerkt for ein gard, og kan ha fleire tydingar. Det er ikkje så lett å vite om namnet er eldre enn sjølve garden, og om det er ein videreutvikla form av eit lokalt stadnamn. Eg finn i alle fall ikkje grunnlag for å seie at namnet kjem av di bruket opphaveleg vart verdsatt til ein skilling. Det er sjølvsagt mogeleg at namnet Skillingen har hatt ei meir humoristisk undertone, og ha samanheng med at garden på sett og vis var Ebbe-Johan sin «spareskilling», eller kårstykke på sine eldre dagar, men det er lite som tyder på det, for garden heiter ikkje Skillingen i dei offisielle dokumenta. Det er heller ikkje noko i skylddelingsdokumenta, eller skøytet på garden som vitnar om at det har vore nokon stad kring tunet som har gjeve garden eit slikt namn på folkemunne. Det er likevel interessant å merke seg at ein finn ferskvasskjelder på austlandet som har fått namn som «Store Skillingen» og «Skillingen». Store Skillingen i Nordmarka skal vist nok ha fått namnet sitt frå sola sitt skinn over vatnet, og det er interessant å merke seg at dei andre skilling-namna har samanheng med vatn. Kan det hende at Skillings-namnet har kome til nokre år etter frådelinga i 1894, og at det hadde forbindelse med meieridammen som vart bygd på garden sin grunn kring 1896? Dammen låg der i alle fall fleire år etter at meieriet vart nedlagd i 1906, for Harry Akslen fortel at det framleis var populært for ungane i nærleiken å gå på skeisser der då han var ung. Etterkvart vart dammen tørrlagd og dyrka opp.

Skal ein vera heilt korrekt, så heiter Skillingen eigentleg Tunheim, er bruksnummer 12 på matrikkelgarden Emblem, og har opphaveleg vore del av Ebbegarden. Det er også dette namnet ein finn i både pantebøker og bygdebok, men det er ikkje første gongen at namna i dokumenta har vore annleis enn i daglegtalen. I tidlegare tider låg alle gardstuna under Emblem omlag der Steffågarden og Tunheim ligg i dag. Emblem bestod med andre ord av fleire gardsbruk, i eit samla klengetun, i byrjinga av 1800-talet. Åkrane og slåttemarkene bestod då av svært små jordlappar som var fordelt og bytta på i eit komplisert lappeteppe, slik at kvar gard fekk jamnt fordelt jord på både gode dyrkingsplassar, og der grunnforhold som vassjuk jord gav mindre grøde. På den tid var det ikkje vanleg å dyrke opp og drenere markane slik som i våre dagar. Ljåen kom også godt til mellom tuer og steinar, i motsetnad til landbruksmaskinene i våre dagar. Bøndene måtte difor planleggje og samarbeide godt i onnene. I ei tid med lite oppdyrka mark for hestereiskap kunne det sjølvsagt vere godt å vere mange om arbeidet, men styresmaktene og dei høgare autoritetane i distrikta såg problem med denne ordninga, for det var vanskeleg å få effektivisere landbruket og auke produktiviteten om denne gamle ordninga skulle bestå. Sjølv var både prestar futar og amtsmenn ofte føregangsmenn i landbruket, men dei hadde også råd til å eksprimentere og mislykkast i motsetning til dei andre som trong garden for å kunne livberge seg.

Det er likevel grunn til å tru at også fleire av gardbrukarane ynskte seg meir samanhengande markar og åkrar. I alle fall så fekk Nils Olsen Solavåg på Ystebøen utskift sin del til eit samanhengande stykke lengst vestpå garden Emblem allereie i 1834, og då måtte truleg også dei andre følge på. Det vart i alle fall slik året etter. Opphaveleg hadde ordninga vore at nokre av åkrane var faste for kvar gard, medan slåttemarka kring tuna gjekk på omgong mellom gardane. I 1835 utskiftinga var derimot målet at kvar gard skulle få all jorda sitt i eit samanhengande stykke. Problemet var at dette ikkje var mogeleg å få til. Dermed måtte brukarane i Steffågarden og Ebbegarden finne seg i at deira bruk vart delt i to delar. Ebbegarden vart delt i ein tunteig ved det gamle klengetunet, og ein teig innanfor Røssevold-elva. Det kan dermed vere grunn til å tru at husa i Ebbegarden ikkje vart flytta i 1835, men vart ståande på sin opphavelege plass slik som dei hadde stått på det gamle klengetunet. Dette kan også ha vore en grunn til at Ebbegards-folket fann seg i denne delinga i to stykke. Det må i alle fall ha vore tungtvegande grunnar til at Ebbegarden ikkje vart samla i ein samanhengande del, slik styresmaktene sitt mål med utskiftinga hadde vore. Bygdeboka gjev også opplysning om at husa i Ebbegarden vart ståande på dette tunstykket lengst vest i fleire år. Truleg stod dei fleste husa som vart registrerte i 1821 der framleis i 1835. I bygdeboka finn ein at Jens Olsen Emblem (1790-1825) hadde sett opp ei ny stove med loft, kjøkken, fordør og kakkelbileggar ovn. I tillegg stod der ei eldre røykstove, høyløe, kornløe, stabbbur, fjøs, stall tilbygd løa, 2 sauefjøsar, grisehus og kvenn i elva. Det må med andre ord ha vorte både tidkrevande og dyrt å flytte på alt dette. Det var den andre kona til Jens, Iverine Pedersdotter Lille Nørve (f. 1795) og hennar nye ektemake etter Jens, Bernt Andreas Iversen Emblem (f.1801) som dreiv bruket etter utskiftinga, og dei flytte i alle fall ikkje tunet så lenge dei dreiv Ebbegarden.

I 1843 tok Nils Eriksen Kvassnes (1813-1876) over garden. Han var gift med jordajenta Berte Jensdotter Emblem (1815-1894) og skal ha budd på Emblem sidan 1836, når dei gifte seg. Han flytte husa innom elva, men brukte begge dei to delane av Ebbegarden, og det gjorde sonen Johan Nilsen Emblem (1841-1914) også. Likevel så fekk han skyldsett og frådelt det gamle tunstykket i 1894. Den 27. september vart det nemleg halde skylddelings-forrretning i Ebbegarden og grensene vart tinglyst 18.10.1894, nokre månader etter at utmarkutskiftinga for Emblemsbygda var vel i hamn og ferdig tinglest. Det verkar som om det var ein grunn til denne frådelinga, som Bygdeboka ikkje nemner i det heile tatt. I Panteboka vart det den 9. januar 1903 tinglest ein obligasjon og eit «skadeløsbrev» på Tunheim, der Knud C. Vegsund låner 82 kroner og 63 øre frå Sykkylven Sparebank, med pant i Tunheim, «med paastaaende huse» og «lösöre». Kan det ha vore slik at Johan selde Tunheim ein gong mellom 1894 og 1903? Eg finn ikkje hald for noko slikt i panteregisteret, så det kan ha vore mogeleg at Johan har hjelpt Knut med å finne sikkerheit til å låne pengar, men då ville truleg dette ha vorte registrert som heftelse på Ebbegarden også. I alle fall så var Johan eigar av Tunheim i 1913.

Eg skal vere så ærleg å innrømme at eg ikkje veit heilt kvifor Johan valde å dele opp Ebbegarden på denne måten. Det er sjølvsagt mogeleg at han ynskte seg eit eige kårstykke. Eg trur i alle fall ikkje at han først og fremst meinte å dele garden på berre to av sønene sine, for dei var mange born, og fleire gutar i borneflokken. Nils B. Johansen og Olivia M. Johansdotter var dei to eldste og fødde i 1863 og 1864. Eg finn dei i 1865-tellinga. Sidan er det litt vanskelegare å fastslå nøyaktig kor mange born som Johan eigentleg fekk. I 1900-tellinga finn eg i tillegg borna Ole, Andreas, Elias, Marie og Ragna, så 7 born hadde dei i alle fall. Jentene kunne truleg lettast verte gifte til eit anna gardsbruk, og eldstedottera, Olivia, fann seg også ein kar frå Eikrem. Johan dreiv Ebbegarden/Tunheim som eit samla bruk heilt til 1906, og so lenge ville truleg ikkje eldstesonen vente. Nils vart etterkvart skipper og busette seg først i Ålesund, før eg finn han på Giske i 1910-tellinga, der han er gift med Karen Larsdotter Giske, har ei datter og har vorte fiskar igjen. Eg fann han første gongen med tittelen skipper i den 24. november 1901. Då var han forlovaren til yngstesøstera si, Berthe Jensine Johansdotter Emblem, som gifta seg med snekkersvenn Peder Olaus Martinus Ekrem. Dei busette seg også i Ålesund. Andreas finn eg ikkje att i digitalarkivet etter at han vart registrert som ugift og heimebuande bygningsnekker i 1910. Ragna gifta seg med Tor Ingvald Johansen Indresæter frå Stordalen i 1908

I alle fall vart et slik at Ole fekk ta over Ebbegarden i 1906, etter faren, og broren Elias fekk kjøpe det vestlege stykket med namnet Tunheim, eller Skillingen på folkemunne. I Skøytet frå Johan til Elias i 1913 finn eg att Andreas. Faren hadde skylddelt eit stykke til han når han overlet det austre stykket av Ebbegarden til Ole i 1906. Denne «parcellen» hadde fått namnet «Fagerheim» og bruksnummer 17. I det tinglyste skøytet på Tunheim frå 17.12.1913 går det fram at Elias kjøpte denne delen av farsbruket for 1500,- frå faren. Det går vidare fram av doumentet at Elias sjølv hadde sett opp hus, fjøs og løe der allereie. På dette tidspunktet hadde broren Ole altså tatt over Ebbegarden, men med nokre unntak. Fjøsen på setra og kvennhuset skulle delast likt mellom Ebbe på Tunheim og Ole i Ebbegarden, Ebbe-Elias skulle også få ein halvpart av trerøringsnaustet i Jagtevika i Emblemsvågen, men det skulle delast med broren Andreas Johansen Emblem på «Fagerheim», som er det stykket som Rolf Østrem eig i dag. Elias skulle også gje kår til faren og mora Karoline. Det vart likevel ikkje så langdrygt kår, for faren døydde allereie den 22. mars året etter av kreft. Han var kanskje sjuk allereie når han selde Skillingen. Mora Karoline Olsdotter levde 6 år til og døydde 30. august 1920.

Mora, Karoline, rakk, i motsetning til faren, å få med seg at Elias vart gift. Den 11. november 1917 stod 39-årige Elias Johansen Emblem brudgom i Borgund Kyrkje. Den utkåra var den 4 år yngre tjenestejenta Johanna Oleana Helena Rasmusdotter Aakre (1882-1970) frå Haram. Det vart truleg skikkeleg bryllaupsfeiring i bygda, for plassemann og dampskipsekspeditør Ludvik G. Ingebrigtsen Emblemsvåg gifta seg også den same dagen.

Ebbe-Elias var ein kar som var dyktig å fortelle. Han hadde vore på sjøen og dreve fiske med eigen motorbåt. På sine eldre daga sat han gjerne på benken på Aksla-buda og fortalde, medan ungdomen høyrde på. Det gjekk helst i båt- og fiskehistorier, og dei unge likte særs godt å høyre på. Medan han prata, så dreiv han å karva tobakk og stappa pipa. Etterkvart vart pipa ferdig og sett til munnen. Elias kveikte ei fyrstikk, men gløymde stadig vekk å bruke den. Dermed brende han seg på fingrane og måtte kveike ei ny. Det kunne gå mange fyrstikker før han endeleg fekk fyr. Harry Akslen fortalde at dottera til Elias, Oddlaug, hadde arva denne fortellar-evna. Når dei hadde noregshistorie på skulen, ramsa ho ikkje berre opp det ho hadde pugga, men fortalde på ein slik måte at det vart interessant for alle dei andre å høyre på.

Elias var også ein dyktig nybrotsmann. Han dyrka mellom anna opp den gamle Meieridammen lenger oppe i sida til ei flott slette. Elias fekk også diplom for jordyrkingsinnsatsen sin. Han utmerka seg hjå sambygdingane med å gå med berre ein stav når han skulle på fjellet og skillingsetra etter høy om vinteren. Ebbe-Elias fyllte opp kjelken, festa godt, og sette så av garde mot bygda igjen. Då var staven god å ha som styrereidskap ned etter fjellsida.

I 1958 overlot han bruket til sonen sin, Johan Eliasen Emblem (1923-1981) som var gift med Lilly Marie Aas (f. 1933) frå Vestnes. Med dette vel eg førebels å avslutte den eldste historia om Skillingen. Samstundes er eg takknemleg for meir informasjon om både den eldste, den nyaste gardshistoria og ein og anna småhistorie også. Ynsker du å hjelpe, så kan du nytte følgande addresse: sveostrem@hotmail.com

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE