LÆRAR KNUT EMBLEM FRÅ AUREGARDEN

Knut Olaus vaks opp i Auregarden på Emblem. Han vart fødd 19.6. 1846 og døypt i Borgund Kyrkje 2. august same år. Foreldra var Lars Knudsen Emblem (1814-1863) og Henniga Tomassine Olsdotter Emblem. (1815-1900) Ho var jordajenta i Auregarden. Fødselen var ein tradisjonell heimefødsel, men jordmor Maren K. Vegsundvog var også til stade. I følge Borgundboka så heitte faren eigentleg Lars Martinus Knutsen Gisekeøygard (1814-1865). Han tok først namnet Emblem då han flytte dit. Martinus-namnet brukte han ikkje, og det vart heller ikkje nytta av presten i dåpsregisteret. Det har ved fleire høve synt seg at Borgundboka er unøyaktig, men ein finn hald for kvar Lars kom frå om ein les kven som var fadder i dåpen til sonen Knut. Det var i alt 5 stykke og mellom dei er Ole Knudsen Gidsköegaard og Synnøve Knudsdotter Gidsköegaard nemnde. Dette var kanskje syskena til faren Lars, og dermed onkelen og tanta til Knut. Ein skal ikkje sjå bort i frå at Knut fekk namnet sitt etter farfaren sin. Dei andre fadderane kom frå Emblemsbygda og var Niels Olsen Emlem, Andrine Arnesdatter Emblem og Lars Kristiansen Emblem. Dei to siste var frå grannegarden, Sjursgarden, rett nedanfor Auregardstunet. medan Niels Olsen Emblem (1806-1857) vart fødd i Solevågen, oppvaksen i Larsgarden på Østrem og gift i 1833 på Ystebøen.

Det var mange born i Auregarden på Knut si tid. Til sammen fekk Lars og Henninga 12 born, men det var ikkje alle som levde opp. På den tida var det skikk å kalle det neste bornet opp att etter det som døydde. Skjedde det med ein gong, så er det rimeleg sikkert at noko hadde skjedd mellom barnedåpen til dei to. Soleis kan ein sjå at den førstefødde fekk namnet Olave Maria i 1839, og likeeins den neste dottera året etter. Knut fekk soleis arve namnet Knut etter bror sin som vart fødd i 1845 og levde ikkje meir enn 4 veker. Dette kan ha vore grunnen til at jordmora var tilstades då 2 av dei fire eldre søskena døydde etter kort tid. Resten av borna gjekk det så betre med. Han hadde altså fleire å leike seg med, før alvoret og auka arbeidsmengde gradvis tok over for borneleiken.

Morfaren til Knut heitte Ole Eliassen Årset og var fødd omlag i 1775. Han hadde truleg inga slekt eller anna tilknyttning til bygda før han flytte dit i 1807. Ole var bygselsmann i Auregarden fram til han tok kår hos svigersonen i 1839. Mormora til Knut heitte Marte Olsdotter Holen og kom frå Vågnes. Ein veit heller ikkje nokon eksakt fødselsdato på henne heller, men i Borgundboka har årstalet 1785 vorte skrive som eit forslag. I 1836 hadde garden skifta eigar. Knut Knutsen Giskeøygard hadde kjøpt bruket mot å oppretthalde bygselsvilkåra til Ole og Marte. Kanskje var dette far til Lars, men det har eg desverre ingen sikre opplysningar om enno. Dette eigarskiftet er truleg meir enn eit tilfeldig samantreff. Ein kan i alle fall registrere at Knut Knutsen Giskeøygard var eigar heilt fram til 1856, medan Lars Martinus Knutsen Giskeøygard tok over bygselskåra til svigerfaren sin i 1839. I 1856 fekk han kjøpe garden og vart den første sjølveigaren i Auregarden på Emblem.

Lars døydde før 1865-tellinga vart gjennomført i Emlemsbygda, for der er kona hans, Tomassine registrert som enke på 51 år. Sonen Knut var på denne tida 20 år, og det står skrive at han «Hjælper Moderen med Gaardsbrug. Det var også tre andre born som var heimeverande på denne tida. Karen H. var eldst og tre år eldre enn Knut, medan Lisa T. var 11 år og yngstebroren Ole Martinus var 7 år. Då Lars døydde var Henniga gravid med yngsteguten, Ola Elias Andreas, som skulle verte meister i skomakerfaget i Ålesund som vaksen. Mot byen, nærare bestemt Kolvika og Voldsdalen skulle også fleire av søskena flytte på seg etterkvart.

Eg veit ikkje noko om Knut hadde budd på garden heile tida, eller om han kom heim då faren døydde for å hjelpe til, men ein ting var sikkert og det var at han måtte ta ansvar som gardbrukar alt i tidleg alder og han var nok ein driftig kar, for mora gifte seg ikkje oppatt. På denne tida hadde Auregarden like stor avling og buskap som Ystebøen. Samstundes fekk dei god hjelp og sjølv stefaren til den velhaldne Sjurs-Ole i Sjursgarden, Lars Kristiansen Emblem ( frå Viddal), valde å seie frå seg eit trygt kår for å verte plassemann på Skørene, med arbeidsplikt i Auregarden. Dette var den same Lars som var fadderen til Knut. Kan det vere slik at han var sitt ansvar som fadder so bevisst? Det vart etter kvert eldstesøstera til Knut som fekk rett på garden i arveoppgjeret etter faren. Ho gifte seg med Thomas Klausen Magerholm (1846-1907), som var jamnaldring med Knut. Skulekameratar var dei likevel neppe, for det var omgongskule på den tida, og då var delelinja Storelva slik at dei gjekk på skulen kvar sine dagar. Thomas og Karen tok over Auregarden i 1869, men dei fekk ingen born så dei endte med kår hjå yngstebroren Ole Martinus Larsen Emblem (1858-1958) og Martha Helene Eliasdotter Giskeøygard (1864-1948) i 1892 i staden.

Knut dreiv truleg Auregarden frå 1865 til 1869 før søstera tok over farsarven. Han måtte med andre ord finne seg noko anna å leve av. Han var no 23 år og framleis ungkar og hadde moglegheita til å velje yrke utan å måtte forsørge nokon kone eller anna familie. Han hadde nok pengar til å byrje på lærarskulen, eller «Seminarium» som det vart kalla på skuleplassen på Stord i dei dagar. Han valde å tileigne seg meir bokleg lærdom, og på denne tida var det ikkje nokon lærarskule i Volda. Stord var den nærmaste skulen og då kunne han nytte seg av enten postvegen frå Bergen eller kystenvegen med båt. Kanskje fekk han anten økonomisk støtte eller anbefalingsbrev frå presten i Borgund også, men eg har ikkje funne noko hald for nettopp det. I 1871 vart Knut uteksaminert frå Stord og der hadde han truleg lært seg kunsten å spele orgel også. Det same året vart han ansatt som omgangskule-lærar i Skarbøvik-, Åse- og Gåseide skulekrins.

Knut vart den andre organisten i Borgund kyrkje si historie i 1870-åra. Det var nemleg så seint som i 1865 at Borgund kyrjelyd hadde fått sitt første orgel. Læraren i Buholmstranda skuledistrikt, Carl Ystenes Eriksen var den fyrste. Knut tok etter kvart over både lærargjerninga og orgelkrakken. Det verka som om det var ein regel dei kommande åra at læraren på Åse var organist ved sida av. Knut leia også fleire kor i åra som skulle kome og busette seg i Kolbeingarden på Åse, men han livnærte seg ikkje som gardbrukar ved sida av, slik lærarkollegaen Knut Furset på Emblem. Han var fortsatt ikkje gift i 1900, og fortsette som ugift livet ut. I 1904 gav han seg som organist når kyrkja brann ned. I 1906, gav han seg også som lærar etter 35 år. Dei siste åra var han berre lærar på skulen på Åse . Han hadde fått oppleve å vera omgangskulelærar nokre år før Åse fekk si eiga skulestove. Han hadde også engasjert seg i Borgund Lærarlag frå 1890-åra, Norges Lærerforening og vore med på å starta kveldskule på søndagskveldane. Han fekk gode skussmål som lærar og det vert fortalt at han var virkeleg engasjert i lærargjerninga. Dei pedagogiske samtalane mellom lærarkollegaene desse åra var både omfattande og fylt av ynsket om å forbetre sin pedagogiske praksis. Som lærar var han også ein respektert mann og sjølvskriven i styre og stell. Soleis kan ein 2. mars 1888 også lesa i «Norsk Kundgjørelsestidende» at Magistraten i Aalesund hadde kunngjordt den 5. januar det same året at Knut no var innvald som medlem av diektionen i Aalesunds Landmannsbank.

Ragnvald Larsen Roald tok over både lærarkallet og organistkrakken i Borgund. Han fekk også lærarstova i Kolbeingarden, så Knut måtte flytte ut derifrå når han pensjonerte seg, 70 år gamal. Knut flytte dermed attende til Emblemsbygda og levde truleg dei tre siste åra sine hos dei aldrande søskena sine i Auregarden. Der hadde storesøstra hans, Karen, allereie fått kår hos yngstebroren Ole Martin i 1892. Truleg så fekk Knut også nokre fine år før han døde den 31. oktober i 1909 av «hjertelammelse». Det var ikkje noko brått dødsfall, for doktoren hadde vore til stades. Den 6. november var det begravelse frå den nyreiste Borgundkyrkja, med arvtakaren Ragnvald ved orgelet. Den dag i dag finn ein framleis noteboka til Knut i Auregarden, som var ærbødigst tilskrive Kong Oscar den andre. Eg finn ikkje noko tydeleg svar på om han fortsette med kor-leiing i heimbygda etter at han vart pensjonist, men det fanst både bedehus, orgel og kor i bygda på den tida, så det er ikkje heilt usansynleg.

Kjelder:

Portrettbilete av Knut Emblem frå Roar Emblem digitalisert våren 2015.

Norsk Kundgjørelsestidende 2.3.1888

Samtale med Leon Emblem 10.10.2012

Sunde, Bernt e. al.: Minneskrift Borgund kommune 1837-1937, Najonaltrykkeriet Ålesund 1937

Sunde, Bernt: Borgund Lærarlag gjennom 100 år, 1850-1950. Utgjeve av Borgund lærarlag 1950

Øverlid, Ragnar: Gardsoge Borgund og Giske Bind II, Bogund bygdeboknemnd 1961

Digitalarkivet: Folketellingane for 1865, 1900 og 1910

Digitalarkivet: Diverse scanna kyrkjebøker frå Borgund Kyrkje i perioden 1846 til 1909

Wikipedia: Stord lærarskule

Læraren, ungkaren og den andre organisten i Borgundkyrkja Knut Emblem. Biletet tilhøyrer Roar Emblem.
Læraren, ungkaren og den andre organisten i Borgundkyrkja Knut Emblem. Biletet tilhøyrer Roar Emblem.
Knut Emblem frå sine yngre dagar. Fotografen er enno ukjend. Biletet er henta frå Sunde, Bernt: Borgund Lærarlag gjennom 100 år, 1850-1950. Utgjeve av Borgund lærarlag i 1950
Knut Emblem frå sine yngre dagar. Fotografen er enno ukjend. Biletet er henta frå Sunde, Bernt: Borgund Lærarlag gjennom 100 år, 1850-1950. Utgjeve av Borgund lærarlag i 1950