Magerholmvika

Peter Magerholm (1896-1950) var frå Magerholmvika og bosette seg saman med kona Klara Petersdatter ( f.Emblem frå Ystebøen) i Spjelkavika. Peter var skipper ombord i fiskebåten "Torulf" av Bergen og omkom den 2. november 1950 i eit forlis ved Sværholtklubben i Finnmark. Peter drukna saman med to andre frå Troms medan resten av mannskapet på 11 vart redda. Biletet tilhøyrer Olav Østrem

Biletet er frå Magerholmvika ein gong på slutten av 1930-talet. F.v.: Olga Magerholm (g. Nilsen), søstera Aslaug Magerholm (g. Østrem), mannen er førebels ukjent. Biletet tilhøyrde Aslaug P. Østrem. Biletet kan vere frå Hesseberg også, men det liknar mest på frukthagen i Magerholmvika

Peter Peterson Magerholm (1896-1950) var sjømann og bosatt i Spjelkavika saman med kona Klara (f. Emblem) frå Ystebøen. Til saman fekk dei 6 born. I dei siste åra av livet sitt vat Peter skipper ombord i fiskebåten Torulf av Bergen. Han omkom utanfor Finnmark 2. november 1950

Den unge kvinna lengst til høgre er truleg Karoline Petersdotter Magerholm frå Magerholmvika. Ho var dotter av Peter Petersen Apalset (1855-1941) Han var bygselmann i Magerholmvika frå 1888-1937. Ho som sit i midten er Thea Emblem frå Auregarden. I 1936 kjøpte ho Negarden saman med mannen Martinus frå Steffågarden på Emblem. Den unge kvinna lengst til venstre er enno ukjend. Fotograf: ukjend

Brudebilete frå giftermålet til Peter Magerholm og Klara Petersdatter Emblem 28.4.1918. forloverane som stend bak brudeparet frå venstre er Kalla Magerholm, gift Nilsen og Nikoline ("Nikka")Petersdatter Emblem. Peter kom frå Magerholmvika og Klara frå Ystebøen. den orginale glasplata finst i Fylkesfotoarkivet.

Magerholmvika ligg lunt til og grenser heilt inn til den nye fergekaia på Magerholm. Garden har fått bruksnummer 2 under Magerholm, som er matrikkel-garden. Magerholmvika er ingen gammal gard. Den vart trulig rydda som husmannsplass i løpet av 1730-åra, og var skyldsett som eige bruk allereie i 1750. Likevel har bruket vorte omtala som plassebruk i dei skriftlege kjeldene i minst 50 år etterpå. Brukarane har også hatt arbeidsplikt på hovudbruket heilt fram til 1840. Dei fleste brukarane har vore bygselmenn heilt fram til 1937.

Eigarane før 1844

Magerholmvika hadde fram til 1844 same eigarar som Magerholm. Det er ikkje like lett å finne ut om Magerholmvika var fordelt på dei to eigarane som åtte hovudbruket i denne perioden. For sikkerheits skyld tek eg med samtlige. Frå plassen vart rydda og fram til 1773 åtte familien Castberg mesteparten av Magerholm. Handelsmann Johan Heide (1727-1807) fekk denne parten gjennom giftemål med Tychona Cathrine Castberg (1712-1782). Året etter Tychona døde, gifte han seg om att i 1783 med systera hennar, Henninge Brigida Fæster (1738-1803). Johan overtok også handelstaden Vågnes på Sula etter svigerfaren sin og åtte etter kvart ei heil rekke gardpartar på Sunnmøre. Hans Chr. Sæd var eigar den minste parten av Magerholmvika frå 1730 og fram til 1757. Amtmann Hans Hagerup kjøpte denne delen etter han. I 1790 vart Den tidlegare nemnde Heide eigar av heile Magerholm, og han åtte også ei rekke andre gardar på Emblem på den same tida.

Hovudbruket, Magerholm, vart for første gong ein sjølveigen gard i 1814, når Jens Jensen Heltne (f. ca 1770) kjøpte Magerholm og Magerholmvika. Kjøpet av garden vart ordna slik at han betalte 342 riksdalar sjølv, medan han lånte dei resterande 200 av Hans Jacob Heide (f. 1796), som var sonen til den tidlegare nemnde Johan. Jens viste seg å vera ein såpass driftig kar at han betalte tilbake året etter. På denne tida var Magerholm delt i to bruk. På tross av forretningstalentet, var Jens derimot ein stridbukk og hadde kvart år saker oppe i forliksrådet. Motparten var Knut Olsen (1780-1840) som ikkje var særleg ringare.Knut hadde bygsel på den andre halvdelen av Magerholm. Det endte med at Jens måtte gi seg i 1820 og han bytte garden mot kårretten som den nye eigaren, Halvor Pedersen Morken , hadde på garden Morken i Sogn og Fjordane. Halvor skøytte seinare frå seg garden til sonen si, Torkild (d. 1845). Torkild Halvorsen skøytte frå seg bruket Magerholmvika til svigersonen sin, Ole Knutsen, for 200 riksdalar i 1844. I 1851 skøytte Ole bruket vidare til sonen Halvor Olson, men dette skal vi sjå litt nærare på under avsnitta om brukarane. Det kan likevel nemnast at Magerholmvika ikkje vart sjølveigd bruk att etter Halvor, før i 1937.

Brukarane

Den første brukaren i Magerholmvika var Isak Pedersen (1698-1773). Han var sonen til Peder Olsen Magerholm (ca 1666-1751). Peder kom truleg frå Hjørundfjoren og var ei tid tenar hjå eigaren, familien Castberg. Det underlege er at Isaks lillebror, Ole fekk overta som bygselmann på Magerholm, medan Isak måtte nøye seg med å rydde seg ein husmannsplass i staden. Årsaka er truleg at Isak var såpass gamal og at han gifte seg alt i 1734 med Brite Olsdotter (d. 1746). dette var 17 år før Peder døydde. Peder tok ingen kår og var aktiv brukar heile tida han levde. Då Brite døydde, vart ei ku, ein kalv, 3 sauer og to geiter omtala i skiftepapira. Det var med andre ord ikkje så mykje å livberge seg på. Truleg var det fiske som heldt liv i dei. Isak gifte seg opp att to gonger til. Først vart han gift med Siri Olsdotter Kirkestein (d. 1758) frå Ørskog. I løpet av desse åra hadde det gått litt betre med dei. No var det 3 kyr, 3 sauer og ein gris på garden. I tillegg hadde han no fått sett opp si eiga stove, stabbur og eit lite hus attåt. Etter kvart måtte han ha hjelp av fattigkassa i tillegg. Frå 1759, måtte den 67-årige Isak be om hjelp kvart år. Isak gifte seg for tredje gong i 1759 med Anne Olsdotter Åse. (d. 1782) Presten skreiv om desse to at dei ikkje kunde lese, men levde «ustraffeleg». Begge døydde i stor armod. Bruket var truleg ikkje halde for å vere verdt å satse på. Anne forblei ugift etter Isak, og då ho sjølv døydde, så var det ingen som tok over dei neste 2 åra. Eg finn ingen opplysningar om noko kår heller, så det er ikkje rart at det vart vanskeleg for dei å klare seg mot slutten.

Det gjekk ikkje særleg betre med nestemann. Eg veit ikkje kvar Ingebrigt Ingebriktsen (1750-92) kom frå. Han var gift med Anne Kari Klausdotter (ca. 1758-1833) og han måtte snart søke hjelp frå fattigkassa. Den siste tida var han også sengeliggande. Året før han døydde vart garden registrert som aude. Han hadde ikkje makta å drive garden dei siste åra han levde. Anne vart sittande att i tronge kår. Ho var fallit, og att på til gravid med dottera Maria. Anne gifte seg om att med Lars Joakimsen (1755-1837). Anne og Lars fekk fortsette å bo i Magerholmvika. Lars fekk feste på bruket i 1792, men også han måtte søke fattighjelp til «sin svage kone og 3 børn». I 1803 hadde dei 3 kyr, 1 kalv, 5 sauer og 3 geiter. Paret måtte gje opp i 1805, men vart likevel buande i ei lita stove som Lars fortsatt eigde. Familien fekk truleg hjelp av eigaren, eller handelsmannen til å klare seg eit stykke på veg. Mange eigarar viste omsorg for bygselsmenne sine, og med ein gard som vart rekna som så dårleg var heller ikkje lett å bygsle bort på denne tida. Likevel så var det nettopp ein godt bemidla kar som tok over garden.

Mons Johansen (1750-1812) var frå Sunnylven og må ha vore ein velhalden mann. Han tok over i 1805 og var brukar så lenge han levde. Dette var på ei tid med tidvis hungersnaud, «barkebrødtid» og ein storkrig i Europa. Danmark-Norge var på Napoleon si side og den engelske marina blokkerte importen av mat til Norge. Mons var gift med Birte Riksheim (1735-1811) frå Sykkylven. Bygselskravet var på 24 riksdaler i eingongs betaling, 1 riksdaler i årsavgift og ein arbeidsdag i slåtten hos eigaren, kjøpmann Heide på Vågneset. I motsetnad til dei førre brukarane så viste skiftet etter dette ekteparet eit stort overskot. Dei dreiv att på til med tenarar. Det syner seg at forfattaren av bygdeboka har forveksla Mons og Lars, når han omtalar matrikkelgarden. Det var nemleg slik at Magerholmvika var eigen matrikkelgarde i perioden 1800-1890. Etter den tida vart garden rekna som bruk 2 under Magerholm. Det riktige er at Mons skal ha hatt 3 tenarar og avla 11/2 tønne korn i 1807 . Han hadde ikkje like mykje småfe som Lars hadde hatt, men han hadde derimot heile tre føll, og det er eit brukbart teikn på velstand på denne tida. Ein skal huske at poteta ikkje var vanleg enno, og fruktdyking høyrde enno til framtida, så verken Magerholmvika eller Magerholm kunne reknast for å vera nokon god gard å dyrke på. Magerholm var ein av dei største gardane i distriktet og hadde ei rekkje husmannsplassar og små fjordstover som gav inntekt. Her var både postveg, skysstasjon (med hest eller båt) og truleg også overnattingsplassar for farande folk. I Magerholmvika var det ikkje særleg anna inntekt å skaffe seg utanom garden og fisket. Mons og Birte hadde mykje fiskevegn, så det kan vera ein del av forklaringa på korleis dei klarte seg so godt.. Dei var også nærast gjeldfrie og hadde mange gangklede, men dei hadde ingen born som kunne ta over.

Den ovanfornemnde Lars prøvde seg difor som brukar nok ein gong etter at Mons var død. Men det gjekk desverre ikkje betre denne gongen heller, og no vart han nøydd til å selge den vesle stova og gå på legd dei siste 19 åra han levde. Den eine sonen hans gjekk det heldigvis betre med. Joakim Larssen Magerholmvik (1799-1890) gifte seg med Birte Kristine Olsdotter Ytrevik (1807-1888) frå Honningdalen på Glomset. Ho var ikkje jordajente, men saman fekk dei bygsla Glomsetgarden, bruk nr 4 på Glomset. Dei fekk mest sannsynleg overta omlag samtidig som dei gifte seg, for den eldste dottera kom til verda det same året. Dei fekk sju born som alle levde opp, med unntak av Ole Johan som døydde av kikhoste. Kvar Lars endte opp til slutt er eg enno usikker på. Som regel vart legdslemmar flytt ut av si eiga heimbygd til eit anna prestegjeld.

Knut Iversen (1785-1846) var truleg mest interessert i fiske, slik som Mons, for han hadde berre ei ku og nokre sauer i 1822. Bygselskrava hans var derimot temmeleg harde. I 1818 måtte han arbeide 9 dagar på hovudbruket, Knut fekk ikkje tinglest bygselsetelen før i 1840 og då var krava endra til ei årleg avgift på 2 spesidaler, foring til to kyr og ein sau, 6 vågar korn og 2 arbeiddagar. På den andre sida fekk han rett til å hogge tømmer og ved for sal. Knut hadde fått barn med ei jente på Magerholm før han gifte seg. Han gifte seg derimot aldri med mora til dette barnet og dei tre giftermåla hans var alle barnlause. Knut drukna , medan enka fekk kår hos den neste brukaren og sjølveigaren.

Ole Martinus Knutsen (1803-80) er for ettertida mest kjend som «Parat-Ole». Han var son av Knut Olsen Magerholm (1780-1840), som var siste brukaren på Magerholm, frå den tida garden var delt i to. Dette er den same karen som var i konstant strid med Jens Jensen Heltne som hadde kjøpt heile Magerholm og Magerholmvika med tilhøyrande plassar i 1814. Det endte med at Jens hadde bytt bort garden i kåravtale på Morken (sjå avsnittet om eigerane). Resultatet vart at Halvor Pedersen Morken hadde flytt utover frå garden Apalset i Ørskog og tatt over heile garden, inkludert Knut sin part. Knut fekk livsvarig kår med Halvor. Ole greidde seg temmeleg bra. Han hadde gifta seg med dottera til Halvor, Kirsti Halvorsdotter (1805-87) og dreiv også Magerholmen ei tid for svigerfaren. Dette gjekk likevel ikkje i lengda, for det var svogeren Torkild som hadde odel. Ole og Kirsti flytte då litt lenger vest for tunet og fekk rydda plassen «Bøen» eller «Paraten» i 1840. I same periode rydda han også «Joplassen», ofte kalla «Krissenplassen» under Magerholmvika. Til tross for at han vart plassemann, så var han likevel velståande etter dåtidas målestokk. Ekteparet hadde arva Magerholmvika og Furset på Stranda. Det kan verke som om han dreiv Magerholmvika sjølv nokre år fram til 1849. Ole behøvde også ein god del dyrkamark for han fekk heile 13 born. Det vart difor ikkje like enkelt for borna å finne seg ein eigen stad.

Sonen Martinus Olsen fekk overta «Paraten». Sivert Olsen vart siste plassemann på Magerholmneset, men vart spedalsk og døydde. To andre brør, Peder og Knut, omkom på sjøen. Knut skal ha drukna då han skulle ro ut til dampskipet D/S Robert. Ole Olsen flytte til Vestnes og tok til som smed der, medan Kristen Olsen var soldaat og endte som plassemann på Joplassen under Magerholmvika. Det er etter han at plassen i dag vart kalla Krissenplassen. Det var Hanna Olsen (f.1820) som fekk ta over Magerholmvika då ho gifte seg med Lars Larsen Frøysa (f.1818) Han kom til garden i 1949 og fekk bygsel i 1851. Eigentleg hadde Ole skøytt frå seg Magerholmvika til sonen Halvor Olsen (1832-1867) i 1851. Det verkar litt merkeleg sidan Lars og Hanna hadde drive bruket i tre år allereie. Truleg var det slik at faren ynskte å sikre seg at Halvor slapp å havne på nokon legdordning, for han var sjukeleg og døydde sidan som spedalsk. Halvor makta sjølvsagt ikkje å driva nokon gard, men han bytte bruket med Lars i bytte mot livsopphald på garden. Problemet var at Lars ikkje var like fornøgd med ordninga. Det var vanskeleg å drive garden om han ikkje skulle ha ein vaksen mann å forsørgje attåt. Han hadde nok sjølvsagt sympati med svogeren sin, men det vart svært vanskeleg å få endane til å møtast. Dette seier også noko om kor små marginane eigentleg var på bruket. Lars måtte difor seie frå seg bygselet i Magerholmvika i 1859, og flytte i staden til Volsdalen der han slo seg ned som fargar.

Halvor bygsla på ny vekk garden, og denne gongen var det broren Knut Andreas Olsen (1840-1886) som prøvde seg. Kåravtalen til Halvor hadde endra seg slik at han berre fekk rett på ein jordlapp og fri bruk av den eine stova på garden. Det er då kanskje ikkje så merkeleg at Halvor ikkje vart verande så lenge og vart i staden registrert som «føderådsdreng» på Paraten, hjå foreldra i 1865, to år før han døydde. Det er mogeleg at det ikkje gjekk å bo i Magerholmvika på slutten. Søskena Thommesine og Peder budde også heime, men dei var berre 20 og 12 år gamle då. Av registreringar i 1868, kan ein lesa at bruket hadde 10 mål dyrkamark og 53 mål med natureng. Vika-Knut dreiv bruket svært bra og han hadde auka avlingsmengda til 3 tønner bygg, 16 tønner havre, 16 tønner potet og 44 skippund høy på heimebøen. Gardsfolket såg seg likevel nøydde til å drive utmarkslått på fjellet, men samstundes så ser ein at dei hadde 7 kyr, 12 sauer og halvpart i ein hest å fø på. Knut kunne derimot ikkje spe på inntekta ytterlegare med skogsdrift, for det var ikkje stor nok skog til det etter at ei av farens kolmiler hadde satt skogen i fjellsidene kring Magerholm i brann nokre år tidlegare. Av 1865-tellinga kan ein også sjå at Knut og kona Ingeborg Thomasine Nilsdotter Rødsetreit (1839-1925) hadde hatt råd til tenestejente. Det skal vere Knut som såg moglegheitene med å så frukttre i dei lune bakkane kring husa. Knut fekk ikkje noko langt liv. Han var berre 45 år gamal då han drukna i Tussvika på veg til dampbåten. Ingeborg fekk kår hos den neste brukaren, som kom frå Apalset.

Peter Petersen Apalset (1855-1941) dreiv bruket frå 1888-1937 og var gift med Torstine Toresdotter Tysse (1863-1938) Det var Vika-Peter som sette opp dei husa som stend på gamle-tunet, men var bygselmann heile livet. Det var truleg slektningar av Knut eller Ingeborg (som i daglegtalen kalla seg kun med mellomnamnet Thomasine), og mest sannsynleg sonen Nils K. Knudsen (f.1853) som eigde Magerholmvika etter at Ingeborg døydde i 1925. Peter og Torstine fekk 7 born. Olava

Petersdotter var eldst og fødd i 1889. Deretter fekk dei Karoline (f.1893), Peter (1896-1950) som drukna ved Finnmark, Ole Johan (f.1899), Tore (1900-1947), Lovise (1902) som gifte seg med Rasmus Hesseberg og Olava (f. 1906).

Det var ein av dei yngste søskena som tok over Magerholmvika. Peter Peterson var for eksempel gift allereie i 1918 med Klara frå Ystebøen, og dei hadde busett seg i Spjelkavika. Faren gav seg ikkje som brukar før i 1937 og då var dei eldre syskena stort sett etablerte. I Spjelkavika kunne også kvinnene få arbeid på ein av fabrikkane, og Klara jobba på skofabrikken oppe ved Moagardane, der Moagård kjøpesenter ligg no. Mange i Emblemsbygda hadde starta å dagpendle til både Blindheim, Spjelkavik og Ålesund etter at Emblemsruta hadde starta med bussdrift. Andre tok seg hyre på fiskebåt slik at dei kunne spare opp pengar til gard og giftemål. Tore Peterson Magerholm hadde også vore på sjøen, og i 1931 hadde han fått arbeid som fergeskipper på den nybygde ferga «Raana»

som doktor Bastian Weiberg-Aurdal hadde fått bygd til seg sjølv. Tanken var å ha eigen fergeskyss når han hadde behov for å reise mellom arbeidet som doktor i Ålesund og garden som han åtte i Sykkylven. Karl Engeset hadde no kome frå Dalsbygda i Norddal og kjøpt hovudbruket på Magerholm nokre år tidlegare. Han fekk sett opp ei trekai inntil sjølve holmen på eigen grunn. Det heile vart opptakta til dagens fergedrift og Tore var trufast kaptein. Ordninga var slik at doktoren ringde frå byen før han starta køyreturen innover. Tore skulle ha alt klart når han kom, men resten av tida var det heller lite å gjere dei aller fyrste åra. Etter omlag seks år hadde Tore spart opp nok til å kjøpe Magerholmvika, og verte sjølveigar. Han var gift med Sara Rebekka Romestrand (f.1899-1970) og dei dyrka opp mykje av garden. Når Tore døydde i 1947, selde Sara Magerholmvika til svogeren sin, Johan Elias Skrede (1895-1983) frå Øye i Hjørundfjorden. Han var gift med Karoline Romestrand (1904-1978) og flytta hovudhuset lenger opp frå sjøen. Den nye gardsvegen var også hans verk. Dagens brukar er sonen Magnar Skrede,

Kjelder:

Dale, Bjørn Johnson: «Ørstingar 1, ættebok for Ørsta 1600-1900». Ørsta kommune 1995

Giske Louis: «Ørskog gjennom tidene 3, ættesoge». Ørskog Sparebank 1990

http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?id=1504&mode=gp

(og ei rekke andre søk frå samme gravminnebase)

http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=82517

http://home.online.no/~hagerupe/grpf745g.html

http://home.online.no/~aaroenes/moldefolk/personer/h/heide_arent_nicolay.htm

1801-tellinga, 1865-tellinga, 1900-tellinga og 1910-tellinga for Borgund.

Krissen Magerholm sine forteljingar til P. Stensager kring 1925

Øverlid, Ragnar: «Borgund og Giske, band II, Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1960

-->

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Eli Meisingset | Svar 15.11.2013 23.56

Så bra! No lærte eg meir om oldefar Joakim Petersson Sjøholtstrand si slekt! Vi visste ikkje så mykje om kvar bestefar hass kom frå, men det var altså fMagerhol

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.12 | 22:33

Veldig trivelig lesing, takk! Knut Salvesen Tjugen var onkel til min tipoldefar.

...
17.10 | 22:52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
17.10 | 20:35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

...
16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE