BNR. 7 LØVIKA

Teksten er under oppdatering

Løvika er bruksnummer 7 under gardsnummer 5, som er matrikkelgarden Nedregotten, eller Nedregota, slik den vert omtala som i skriftelege kjelder så seint som 1961.  

I likheit med brorparten av gardane på Nedregotten så har også Løvika vore eit plassebruk tidlegare. Alderen på namnet Løvika er vanskeleg å fastslå med sikkerheit. Det ein veit er at namnet ikkje er unikt. Det finst fleire stadar i Norge som har fått det same namnet og mange av desse har ei historie frå før 1603. Dei har då namn som Løffwig eller Løwiig, noko som truleg er forfina danske skrivemåtar. Ein finn og andre gamle skrivemåtar som er meir kjende slik som Løvig og Løevig. Dette kan tyde at uttalen av namnet kan ha halde seg temmelig lik i fleire hundre år. Eg finn ikkje Løvika-namnet omtala i forbindelse med vår eiga bygd. Borgundpresten Hans Strøm nemner heller ikkje Nedregotten i sin « Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør» i 1762 eller 1769. Han skriv derimot om Kleberhammaren som ein stad mellom gardane Østrem og Emblem. Truleg er den manglande omtalen av Løvika grunna at der ikkje var noko gardsbruk og dermed heller ikkje nokon skattelister. Det er nemleg i slike lister og skattematriklar at me finn gardsbruka omtala i dei eldste kjeldene.

Andre Løvik-gardar i landet er derimot nemnde allereie i 1603 og difor kan ein tenkje seg at namnet kan vere gamalt i vår eiga bygd også. Eg registrerar at andre har forsøkt å oversette desse namna til «Le-vika», eller ei lun vik som ligg i le for vind og vér. Kanskje er det noko slikt som har gjeve vår eiga vik eit slik namn også. Stemmer dette, så har plassen gjeve namn til garden og ikkje omvendt. Den farefulle Flisfjorden ligg ikkje langt unna og den var kjend for fleire forlis og drukningsulukker allereie på Hans Strøm si tid.

Den første plassemannen

Løvika er eit ungt gardsbruk. Det var opphaveleg ein del av Steffagarn, som er bruksnummer 5 under Nedregotten. Plassen vart først skyldsett til 15 skilling, og deretter revidert til 23 øre, så bruket var ikkje særleg stort. Det var Nils Rasmussen Løset (1841-1910), frå Volda som rydda staden i nyare tid. Det kan vera interessant å merke seg at det finst ein stad med Løvik-namnet i Volda også, så det kan ha vore Nils som tok med seg gardsnamnet heimanfrå. Ein kan ikkje sjå heilt bort frå ei slik forklaring, for dette var tilfelle når nabobruket Tryggeset fekk namnet sitt kring 1820.

Nils vart også omtala som «Båt-Nils» og han var ein skikkeleg nybrottsmann. Han hadde først rydda plassen Osehaugen i Emblemsvågen. Kona til Nils heitte Nikoline Sivertsdotter Kaldvatn (1842-1929) og var også frå Volda. Det vert fortalt at ho var så nysgjerrig og ville sjå kven som kom til naustet der mannen arbeidde. Nils måtte difor rive naustet og bygge det opp att slik at det vart lettare for henne å følge med på kven som kom og gjekk. Det er kanskje det same naustet som står der i våre dagar med inngong i begge endar.  Nils bygde hovudsakleg båtar på mellom 10-12 meter dei 23 åra han dreiv båttbyggarverkstaden nede i Osen i Emblemsvågen. 

 Før 1891 valde han på nytt å rydda seg ein gard frå grunnen av i Løvika. Eg veit ikkje kvifor han flytta, men Løvika var nær halve størrelsen av det bruket han flytta i frå. Kring 1891 kan Nils ha vore omlag 51 år gamal og det er mogeleg at han valde å vie seg enno meir til båtbygginga, for han var ein populær båtbyggjar som skal ha fått æra for mange av båtane i nærområdet. I januar 1891 fekk han skøyte på plassen frå Lars Einarsen Nedregotten i Steffagaren for 590 kroner. Det går fram av dokumentet at Nils allereie hadde kosta og bygd husa som på den tida stod i Løvika. Det vart spesifisert at laksevarpet ved Kleberghammeren og tilhøyrande redskap like ved ikkje var ein del av salget. Det hadde opphaveleg tilhøyrt Østremsbrukarane og hadde eige bruksnummer. 

Dei var temmeleg sjølvhjelpte nede i Løvika og dyrka både korn og potet. Dei hadde dessutan krøter, fjærkre og fekk tildleg ein eigen frukthage ifølge 1900-tellinga. Det vert fortalt at Nils var eit arbeidsjern av dei sjeldne. Båtane bygde han heilt åleine. Materialen til båtane var stort sett krokete skog som han henta på Akslanakken. Stokkane vart sendt ned den bratte tømmerløypa, før dei vart hogde til med handmakt til brukande emner til mellom anna stamn. Flatborda fekk han tak i inne på Glomset. Båt-Nils var ein optimist og når han hadde strekt opp kjølen og satt opp stemna så sa han: "Dette blir ein seglar det!" 

Han arbeidde lange dagar og netter. Skule han ha ein pause utpå natta, så rodde han seg ein tur langs land medan han dorga og song. Han hadde ikkje noko naust til byggeplass i Løvika, men han hadde eit skyle i løa som han nytta til dette formålet. Ivar Flydal fortel at båtane hans var svært gode og lettrodde. To av båtane hans kom etter kvart i Per-Aslak Emblem, på Ystebøen, og Karl K. Østrem på Vedhaugen sitt eige Det er også mogeleg at den eldste færingen i Larsgarden på Østrem kan ha vore Nils sitt verk. Ein Knut Emblem gjekk ei tid i lære hos Nils og bygde nokre få båtar, men han dreiv mest med reprasjon i staden. Nils og Nikoline var barnlause. Når 1910-tellinga vart gjennomført, var ho den einaste som budde i Løvika. Nils døde nemleg det samme året. Nikoline var då nesten 70 år.

Nils og Nikoline var tidleg ute med å ordne det formelle i form av eit testamente Det vart offentleg allereie i 1891. Her er eit lite utdrag frå det tingleste dokumentet:

  "(...) Endre Eliasen Furufjerding og hans forlovede og vordende hustru Helga Haraldsdatter Haugen (...) som testamentarisk skjænk og gave til odel og eie vor ved skjøde af 29. januar, tinglest 6. februar 189 hjemlede gardpart "Løvik" gno 5 brnr 7 af skyld 23 øre fraskild hovedbruget Nedregoten gno. 5 brnr. 5 ved skylddeingsforretning avholdt 8. juli afhjemlet og tinglest 16. november 1891 i Borgund herred med alle samme tilliggende herligheder ale huse, indbo, besætning, gardsredskabe og avling - i den stand, hvori all ved arvevaldet befindes, samt øvrigt alle våre efterladenskaber intet i nogen maade undtaget, som deres retsmæsig erhvervede og udelukkende eiendom paa følgende betingelse:  1) Overtagende bekoster vor standsmessige begravelse efter bygdens skik (...) 

Videre i testamentet kjem årsaka til den tidlege tinglesinga. Dei hadde ikkje born til å sørge for seg må sine eldre dagar. Dei kunne sjølvsagt ha seld bruket mot å få kårkontrakt, slik skikken var, men dei valde heller å gi vekk alt mot å få eit slags kår dersom det skulle verte behov for det. Dei kunne altså velge å gje vekk Løvika til arvingane før tida. Det ville i so fall vere til felles nytte for alle saman. Der var også klausular om arvingar skulle falle frå.

6. februar 1912 vart arveskiftet etter Nils Rasmussen Nedregotten og etterlevande enke, Nikoline, avslutta. Ho fekk då hovudhuset på garden, samt rett til vederlagsfritt å la huset få stå på garden så lenge ho levde. Verdien på stova vart sett til 400 kroner og tinglesinga som vart utført i januar 1913 og var gratis. Samtidig skjer noko interessant. Endre og Helga frå testamentet vart ikkje nemnd. Skifteretten sel i staden bruket på vegne av Nils og Nikoline til Ole Andreassen Flote i januar 1913. Med i salget var løa, smia, naust, setresel og sommarfjøsen. Prisen var 2200 kroner. Kjøparen fekk rett til å bu i det søraustlege rommet i hovudhuset med fri adgang til kjøkken, kjeller og loftet. Retten skulle gjelde heilt sidan skøytet vart signert 18 april i 1911. I tillegg skulle kjøparen ha tilsyn med Nikoline i "sygdomstilfælde". Der er ingen vanlege kårkrav å spore. Ein kan berre undre seg over kvifor arvingane ikkje fekk overta Løvika vederlagsfritt og kvifor Nikoline selde i staden, men mykje kan sjølvsagt hende på 20 år. Det neste spørsmålet er kvifor kjøparen ikkje ønska å drive meir enn i 2 år. Nikoline kunne nok vere ei bestemt kårkone som visste korleis ho ville ha det. Det var kanskje ikkje like lett å dele hus i lengda. Ole Flote var truleg frå Volda og kanskje i slekt med gamlefolket i Løvika. Det er også interessant å merke seg at alle dokumenta der Ole Andreassen Flote vert nemnd er det Andreas Dahl frå Volda som tek seg av det praktiske på hans vegne inkludert kjøp og salg.

Ny brukar i løvika

Simon Elias, eller berre Elias K. som han sjølv kalla seg, kom frå nabobruket Elvemyr med gardsnummer 4 og var ein av dei næraste naboane. Han var son av Carl Syversen Framhus (1823-1882) på Stranda. Carl er kanskje den første etter 1800 som rydda plassen Elvemyr, for der finst ikkje opplysningar om fleire i pantebøkene. Broren Ole hadde tatt over farsgarden, der også broren Johan budde, medan ein annan bror med tilnamnet «Rese-Karl» (1878-1970) hadde kjøpt eit stykke på Hjellhaugreset frå farsbruket og Sirigarden. Formelt heitte bruket Myrvang 10. Han dreiv skomakarverkstad og telefonstasjon i det nybygde huset sitt der frå omlag 1910. Elias hadde med andre ord mykje slekt ikring seg på Nedregotten-bruka. 

Elias flytte ikkje direkte heimanfrå til Løvika. Som dei fleste andre ungdommar på den tida så trong han å tene seg pengar for å kunne gifte seg og skaffe seg ein varig plass å bu. I tidlegare tider hadde løysinga vore å arbeide nokre år som dreng på gardane ikring, men ei ny tid var i emning og nye yrkesmoglegheiter i Ålesund lokka nok. Dei var kanskje litt over gjennomsnittet interesserte i ny teknologi på Elvemyr, for det gjekk ikkje så mange åra etter at Ålesund hadde fått sin første telefon før broren Karl kunne tilby same teneste i den vesle Emblemsbygda også.

I 1900-tellinga budde Elias i Ålesund og var godt etablert som fyrbøter der. Han hadde gifta seg allereie den 7. november i 1897 med Hanna Elisabeth Petra Henriksdotter Klammerholm (1876-1906) frå Notø Herøy og busett seg i Øwregata. Ein kan undre seg på om ikkje bryllaupet vart ein suksess, sett med foreldra sine auge, for i løpet av nokre få år gifte også dei to gifteklare brødrene, Ole og Johan Karls. Nedregotten seg med kvar si av søstrene til Hanna. Elias og Hanna fekk minst 6 born. Elida Henrikke (f.1898) var eldst. I 1917 fekk ho dottera Anny med Mekaniker Nils Lien (f.1896) frå Tysse i Samnanger. Astrid Kaspara Vilhelmine (f.1900) veit eg ikkje meir om. Det samme gjeld tvillingane Elias Leonard (f.1903) og Leonora (f.1903), men dei vart nemnd i 1910-tellinga i alle fall. Karl Erling Rudolf (f.1904) er nemnd i 1910 som pleieson hjå onkelen Ole på Elvemyr 4. Han reiste til Amerika i 1924 og skulle først besøke tanta Anna Rud i Minneapolis. Det kan kanskje vere søster til Elias som vart fødd i 1881 på Elvemyr 4. Det er ikkje tvil om anna enn at Hanna og Elias hadde nok å henge fingrane i når yngstemann, Henrik Martinus kom til verda i 1905. Då hadde dei fått 6 born på like mange år. Det vart truleg vansklegare for Elias å arbeide som fyrbøter på båt ettersom familien vaks. I tillegg vart Hanna sjuk. Dei flytte då midlertidig heim på Emblem, der søstrene kunne hjelpe til med bornestellet. Ho døydde der i 1906. Det er ikkje så lett å tolke handskrifta til presten i kolonna for dødsårsaka, som i tillegg er skrive på latin, men det ser ut som om det var snakk om ein variant av lungesjukdommen tuberkolose. Der var mange i Ålesund som døydde av samme årsak den sommaren.

No kunne Elias kanskje ha halde seg i Emblemsbygda der det var mykje slekt og dermed også hjelp å få, men det gjorde han ikkje. I tillegg var han framleis nemnd som maskinist i 1909, men det er mogeleg at han no arbeidde på land i staden. Nye arbeidsplassar og fabrikk-tettstadar hadde vakse kraftig der det var vasskraft nok. Dette kan ha freista Elias òg. Kanskje var der var meir pengar å tene og meir tid til overs heime med borna som fekk han til å flytte heilt til Krenkjesflot i Odda kring 1909. Her kunne han arbeide skift framfor å vere lang tid til havs om gongen. Arbeidet på sjøen kunne dessutan vere risikabelt når han hadde eineansvaret for små born. 

I 1909 vart det feira bryllup i Odda. Enkemannen Elias gifte seg på nytt med Caroline Petrine Jensine Jakobsdotter Emblem (1863-1930) frå Steffågarden, bnr. 7 på Emblem. Kanskje flytta dei sørover i lag også? Elias skifte no yrke til smeltar på karbidfabrikken i Odda. Om planen var å busette seg der varig, eller berre legge seg opp pengar til eit eige småbruk er usikkert, men resultatet vart i alle fall at dei flytte heim att til Emblemsbygda igjen i 1913. Det er godt mogeleg at det var snakk om heimlengt også. Sonen Karl budde kanskje framleis hjå slekta på Elvemyr.

Våren 1913 var familien heime i Emblemsbygda att. Enka, Nikoline, i Løvika ønska no å selge garden. Det var truleg midt i blinken for Elias og Caroline. Han hadde truleg pengar på bok og fekk i tillegg låne 2000 kr i Borgund Sparebank. Han kjøpte bruket av Ole Andreas Flote via ein Andreas Dahl frå Volda som i tidsrommet frå 1911 til 1919 handla på hans vegne. Det kunne også løne seg for i 1913 hadde han betalt kr. 2200,- for deretter å selge det same bruket for 2500 kroner nokre få månader etterpå. Det er også mogeleg at Elias var så ivrig på å få kjøpe at han gav eit bod som Ole ikkje kunne seie nei til. Uansett så vart Elias gardbrukar i Løvika den hausten. I 1919 fekk Elias kjøpe hovudhuset til Nikoline også. Då var det allereie i Ole Andreas sit eige. Prisen vart 800 kroner, det dobbelte av verditaksten i 1911 og 1913 Flote tente soleis 1300,- på salet av garden. Nikoline fekk ingen pleie i Løvika på sine eldre dager. Ho er ikkje ein gong nemnd i kjøpskontrakta frå 1913. Ho døydde i 1929 på Borgund Gamleheim.

Mellomkrigstida 

Ein veit ikkje så mykje om kvardagslivet i Løvika i denne perioden. Det meste må ein difor lese seg til å offentlege dokument. Der er det eit lån på 7000 kroner som går igjen. Før den tid hadde Elias teke opp eit og anna smålån på nokre hundre kroner og eit på 2000 kroner til Borgund Sparebank like før den første verdskrigen braut ut. Det siste lånet stammar frå kjøpet av garden i 1913, men kring 1920 skjer der ei endring. Ein veit frå andre kjelder at dette var ei særs uvanleg tid. I Spjelkavika var dei så engstelege for den økonomiske framtida at andelseigarane til det første Kooperative handelslaget valde å selge seg ut medan der framleis var pengar på bok. Mange frykta å miste sparepengane sine. Andre gjekk hin vegen og satsa pengane sine på mellom anna vasskraft, større fiskebåtar og tørrfisk. Handelsmannen og sambygdingen Karl Furset kjøpte seg for eksempel ein ny butikk i Spjelkavika og var frå før tungt involvert i oppkjøp av fallrettar i Rauma. Dette var ei tid der ting kunne gå over ende, men samtidig gje eventyrlege gevinstar for den som turde å satse. 

Om Elias let seg lokke med på fiskeeventyret, eller kaiprosjektet i Hammarsvika trur eg nok ikkje, men han refinansierte uansett låna sine og tok opp enno meir lån hjå "Den Norske Stats Småbruk og Boligbank". Det kan verke som om dette var for å trygge låna sine i ein statstøtta bank i ei uroleg tid. Samstundes så var formålet å gje billige lån for den som trongde småbruk eller bolig. Dette hadde han frå før av. Kan det vere at han vart freista til å låne meir enn han seinare makta å handtere? Det enda i alle fall på over det dobbelte av kjøpsverdien på garden, så det kan ikkje ha vore tiltenkt hus eller driftsbygg åleine. Det verka som om det gjekk bra i begynnelsen, men så var tida med høg inflasjon etter krigen over. No fekk ein mindre att for varene ein selde og kronekursen sank i verdi. Arbeidsløysa auka og talet på tvangsauksjonar like så. Etter kvart gjekk også bankar over ende. Fleire på Sunnmøre miste alt dei hadde spart. 

Midt oppe i den vanskelege tida, reint økonomisk, vart Elias enkemann. Kona Karoline Jakobsdotter (f. Emblem) Løvik døydde i 1930. av kreft. Dei hadde ingen born saman og Elias sine born frå det første ekteskapet var no godt vaksne. 

Elias lånte også pengar privat med broren Ole, som sat i uskifta bu på farsgarden Elvemyr 4 like ved. Han klarte seg visst godt og gav lån til broren Karl på Hjellhaugreset også. ingen av dei makta å betale attende. Elias forsøkte seg etter kvart på både refinansiering og søknad om gjeldshandtering frå Borgund Kommune, men til slutt vart det ingen veg utanom tvangsauksjon. Det var broren Ole K. Nedregotten som var først ute i 1933. Han lot vere å kreve tvangsalg, men sikra seg rett på å få betalt attende sine 216 kroner dersom bruket vart seld. Løvika var no verdisett til 7400,- og nærma seg verdien på dei låna Elias hadde. 

Elias og Karl gjekk så til rettsak mot broren på spørsmålet om kven som hadde eigdeomsetten til farsgarden. Dei andre søskena vart ikkje med på dette og Ole vann rettstvisten. Han fekk også einerett på bruket som eigar. Det kan verke som om dette var eit siste desperat forsøk på å unngå tvangsalg. Hadde dei fått delvis eigedomsrett på Elvemyr 4 kunne brødrene kanskje lånt meir for å kome over kneika, medan broren Ole kan ha vore engsteleg for at brødrene sine økonomiske problem skulle ta med seg farsbruket i dragsuget. Kor godt dei gjekk over eins i denne vanskelege tida er usikkert. Rettstvisten kan tyde på at Ole sin overtakelse kan ha vore ein slags "Gentlemans agreement", men han hadde likevel odelsrett framom brørne når eldstebroren, Johan, ikkje vart med på søksmålet.

Tvangsauksjon

Den 16. mai 1939 vart ein trist dag i Løvika. Lensmann Ivar Fjærtoft var komen til gards, og truleg ein god del av bygdefolket med. Elias hadde ikkje makta forpliktelsane sine til "Den Norske Stats Småbruk og Boligbank" så no skulle bruket under hammaren. Kreditoren fekk tilslaget for 6200 kroner og stadfesta ved namsrettens kjennelse 29. juni. 16. oktober samme året vart eigedommen seld vidare til organisasjonen K.F.U.M. i Ålesund for 7000 kroner og ein anmoda om at auskjonskøytet vart utskrive direkte dit. I jubileumsheftet til Ålesund K.F.U.M. frå 1940 kan ein lesa at det hadde vore krevande å arrangere speiderleirar og andre aktivitetar år etter år utan å ha ein fast plass å vere. salgsutlysninga på småbruket på Emblem kom soleis på rett tid og laget greidde å skaffe beløpet som vart krevd. Dei var ikkje den einaste organisasjonen som kjøpte seg gardsbruk til fritidseigedom på Emblem før krigen. Emblemsanden var ein populær stad for både bading, idrett og der hadde tidlegare vore speiderleir også. Emblemsfjellet var minst like populær sommar som vinter og der gjekk rutetrafikk heilt til byen. Målet var med andre ord ein leirstad.Eg kan ikkje finne dokumentasjon på at Elias flytte frå Løvika, men eg har høyrt at han kan ha budd ute i Hatlane ei tid.

Samtidig så vart det ikkje eit heilsvart år. Den 21. oktober 1939 vart lånet til den same bank.kreditoren på 7000 kroner innfridd, og det same vart lånet på 1000 kroner i Borgund Sparebank i november. I begge høve er det Elias sitt namn som vart nemnd, så det er ikkje snakk om den nye eigaren på bruket. Han kunne sjølvsagt ikkje belåne eit bruk han ikkje åtte, men det ser ut som om han hadde betalt låna sine utan at han hadde verdiar i form av fast eigedom lenger. Dette kan verke merkeleg. Kvifor vart det tvangsauksjon i mai når låna likevel vart innfridd den same hausten. Svaret kan vere at salget av garden skulle dekke det meste av låna og at det dei ikkje klarte å få dekning for ved salget vart innfridd likevel. Det kan vere grunnen til at banken brukte god tid på å få eit skikkeleg videresalg. 

I 1943 makta Elias å kjøpe attende garden frå K.F.U.M avd. Ålesund for ein kjøpesum på 9500 kroner som odelstakst. Skøytet vart signert 13. desember det året med overtaking formelt 14. april 1944. Utover desse opplysningane går det ikkje fram kva bakgrunnen for kjøpet var. Det var kanskje slik at det utvikla seg eit særskild ønske om å kome seg på føtene igjen, reint økonomsk, og få kjøpe attende garden sin etter det som må ha vore ein verkeleg tung oppleving å sjå livsverket verte auksjonert bort nokre år i forvegen. Etter rettsakene med broren Ole, var det neppe så freistande å be om å få bu på Elvemyr. Der budde uansett broren Johan med familie også. På Hjellhaugreset var to av romma i huset allereie opptatt til telefonsentral og skomakerverkstad, så der var det nok heller ikkje plass. 

Eg undrar meg på om årsaka til at Elias på nytt kunne busette seg i Løvika kan skuldast at speiderarbeidet vart forbudt av okkupasjons-styresmakta i 1941. Nokre stadar dreiv dei framleis illegalt, men å drive gard og leir i skjul var truleg fånyttes. Med manglande inntekter vart det truleg for dyrt å sitte på eit heilt småbruk. Etter kvart som åra gjekk så var det lite som tyda på at krigen skulle ta slutt med det første. Stadig fleire fekk meir pengar mellom hendene. Der var lite å få kjøpt og Elias klarte nok å legge av sparepengar som skulle kome godt med då speiderane ynskte å selge Løvika.

Frå 1944 kan det verke som om det vart ein betre periode, reint økonomisk. Fram til 1947 trong han berre låne 1000 kroner hjå J. I. Hurlen og det gjekk fint å betale attende også. Men ein kunne ikkje la vere heilt å halde husa i stand heller, så i 1947 måtte det investerast litt meir, før han gav seg som brukar. I 1949 selde Elias garden Løvika ut av slekta til Eilert Smogeli frå Norddal. Kjøpesummen var på 18500 kroner. Av dette beløpet var verdien på besetninga og gardsreiskapen 3500 kroner. Betalinga vart løyst på det viset at Eilert tok over eit lån frå Elias i Norges Hypotekbank på kr. 7060,- medan resterande beløp vart betalt kontant. Elias stilte følgande kårkrav i skjøtet:

"Fri disposisjon på levetid til stue og kjøkken i våningshusets stueetasje samt kvist med tilstøtende skråkott i overetasjen, alt i husets østre ende. Dessuten et rom i vedhuset, og nødvendig plass i potetkjelleren.

For det tilfelle Laura Hjelme skulle leve længer enn selgeren, skal hun ha rett til å bruke ovennevnte hus, med unntagelse av kvisten og søndre kott. Denne bruksrett for henne er beregnet inntil så længe at hun er istann til å stelle seg selv og er ugift. Videre skal selgeren ha rett til hus for 2 sauer og endel høns på dertil anvist plass. Selgeren skal selv skaffe for. Videre skal han ha rett til å ta nødvendig brensel i brukets utmarksteiger og i den til bruket tillagte torvteig. Brenselet skal han dog frambringe selv. Ennvidere forbeholdes selgeren rett til å bruke naustet, forsåvidt halvparten angår mot vedlikehold av naustets halvpart. Endelig skal selgeren ha 4 - fire - liter melk pr. uke i den tid kjøperen kan levere den.

Selgeren forplikter seg til uten godtgjørelse å arbeide i 6 dager på bruket i ånnene, eller i tilfelle 3 dager om arbeidet uføres av 2. Kjøperen skal ikke yte kost, ide arbeidet i tilfelle skal utføres på egen kost. Kårets 5 årlige verdi ansettes etter beste skjønn til kr. 1,500,- 

Omkostningene ved skjøtets utstedelse og tinglysing bæres av selgeren.

Da kjøpesummen er betalt skal eiendommen heretter følge og tilhøre herr Eilert Smogeli som en av ham lovlig kjøpt og ervervet eiendom, idet jeg overtar hjemselsansvar etter loven

LØVIK i Borgund, den 7. januar 1949"

Dette var ei noko uvanleg kjøpekontrakt. Å forlange kårytelsar var framleis ein tradisjon, men å kreve noko på vegne av andre etter sin eigen død var utanom det vanlege. Laura Hjelme kom frå Valldal i same kommune som den neste eigaren, Eilert, men dei kjende nok ikkje kvarandre godt. Ho var ugift og styrte heimen for Elias ved salget. Det kan også vere grunn til å tru at ho hadde vore der ei stund, og var sikkert ikkje den einaste hushalderska, for han hadde vore enkemann i 19 år. Laura var tanta til Edvin Hjelme på Flisneset. Han var vitne i salgskontrakta saman med kona Astrid. Dei to budde også ei tid på loftet i hovudhuset i Løvika. Det kan vere interessant å merke seg at dette er foreldra til Per Ove og Bjørn Harald Hjelme som begge busette seg i Emblemsbygda. Per Ove bygde hus på Vedhaugen medan Bjørn Harald gifta seg med Solveig Johanne Magerholm og bygde hus på Kristenplassen på Magerholm. Laura vart buande livet ut i Løvika, sjølv om ho trong stell og avtalen difor ikkje var gyldig lenger. Ho budde i "isjle-stova" og døydde på slutten av 1950-talet

Smogelislekta

Eilert Petterson Smogeli (1909-1969) kom frå Krikane i Norddal og vart gift med jordajenta Margit Erlensdotter Krohn (1907-1994) frå Knutgarden på Hallstad i Dalsbygda i Norddal 1946. Han hadde då vore forpaktar der ei tid. På sommarstid kunne han kalle inn ungdom til dugnad i brattbakkane der mot kost og overnatting i lisjestova eller i løa. Etter kvart fekk han kanskje smaken på litt flatare slåttemarker. Då Eilert og Margit fekk sjå avisannonsene der Løvika vart lagt ut for sal så valde dei å flytte utover fjorden. Dei fekk døtrene Sigrun (f.1947), Eldrid (f.1949) og Mette (f.1951). Eldrid busette seg i Løvika, medan Mette vart gift i 1978 med Kjell Bæverfjord frå Sunndal. Då Eilert døydde fekk Margit attest frå skifteretten på at ho fekk sitte i uskifta bu i Løvika. frå 1969.

Sigrun tok over garden i 1974 og fekk skøyte for 45 000 kroner saman med mannen Jens Elias Ødegård (f.1944) frå Vatne. For første gong i Løvika si historie vart bruket verande i slekta i meir enn eit slektsledd. Dei bygde ny driftsbygning og auka mjølkeproduksjonen betrakteleg. Dei slo i tillegg markane på Vatne og vart ein av dei største drivarane i bygda. Jens arbeidde som lærar på yrkesskulen på Nørve ved sida av garden. Begge engasjerte seg i lagslivet i bygda. Sigrun var ein av dei viktigaste pådrivarne for speiderbevegelsen og aktiv i hagelaget, medan har eit imponerande tal år bak seg i Musikklaget Gjallarhorn. Sigrun har også markert seg som ein dyktig kunstnar og fekk mogelegheit til å satse enno meir på dette når borna vaks opp og flytte heimanfrå.

Jens og Sigrun fekk borna Bjørnar Eilert (f.1969) som tok over bruket, Erlend johan (f.1971) som er gift med Torild Elisa og busett i Oslo og Jarle Sigurd (f.1973) som er gift med Tonje Haugen og budsett i Eidsvik. Eldsteonen Bjørnar (f.1969) flytta for nokon år tilbake heim att til bygda etter i tid i Kongsberg. Han tok over garden i 2004 og vart tredje generasjons brukar frå smogelislekta. Han er gift med Marit Andersen (f.1974) frå Namsos og har borna Kristina (f.1999), Johanne (f.2001) og William (f.2005). Dei er framleis grunneigarar på bruket, men gardsdrifta er no lagt ned.

Gamleløa i Løvika. Det skal ha vore "Båt-Nils" som sette ho opp. Han bygde båtane i eit skyle under denne løa.
Gamleløa i Løvika. Det skal ha vore "Båt-Nils" som sette ho opp. Han bygde båtane i eit skyle under denne løa.
Kart over bruka på Nedregotten
Kart over bruka på Nedregotten
Løvika slik garden vart presentert i jubileumsboka til KFUM-speiderane si 70-års jubileumsbok i 1940. Kjelde: Nasjonalbiblioteket på nett.
Løvika slik garden vart presentert i jubileumsboka til KFUM-speiderane si 70-års jubileumsbok i 1940. Kjelde: Nasjonalbiblioteket på nett.