LØVIKA 1940-19800

Området kring Løvika og Austremsvika er i våre dagar meir for eit byggefelt å rekne. Planane for ytterlegare fortetting mot aust er også godt i gong med å verte realiserte. Målet mitt er å dokumentere korleis det ein gong var.

I tidlegare tider var det stort sett beite og slåttemark nede ved dei lune vikane. Etter at Nedregotten vart frådelt Østremsgardane før 1603 så var mykje av dette arealet stort sett lagt under Steffågarden og Guttormgarden. Etter 1600 har det truleg vore fleire fjordstover og kanskje også ei kapteinstove nede ved sjøen. Dette var små hus utan jord, med leigd tomtegrunn. EIn veit desverre ikkje så mykje om kvar desse har stått. I våre dagar finn ein naustrekkjer på omtrent same stadane, og det er godt mogeleg at enkelte naustmurar kan innehalde restar frå desse gamle stovene. 

Ein finn fortsatt fine slåttemarkar i Løvika, men det er ikkje like sikkert at dette vil vedvare i så mange åra frametter. Like vest og nord for garden Løvik var det først  hyttetomter som vart populære. på 1950-talet var det mange hytter som vaks opp frå Blindheim til Magerholm. Nokre av desse hyttetomtene i bygda vår var del av arveoppgjer der odelsguten kjøpte ut syskena sin i form av jordlappar frå garden. Andre hyttetomter vart kjøpte av byfolk som hadde råd til å kjøpa seg ein liten fritidseigedom på landet. For nokre av gardbrukarane på Emblem gav tomtesala i utmarka ei kjærkomen inntekt. Andre fekk kunne spe på inntekta ved å selge støypesand eller andre tjenestar. 

"Byfolket" hadde som regel tilknytning til bygda med anten slektsband eller som leigetakar om sommrane, der dei hadde leigd seg gardshus i bygda. På dei fleste gardane var det tradisjon å leige ut huset for sommaren dei første tiåra på 1900-talet. Brukarane flytte med sin eigen huslyd ned i kjellaren. Etter den andre verdskrigen vart dette stadig sjeldnare og dei små hyttene kom i staden.

Etter 1940 vart det stadig meir vanleg at sysken fekk seg hustomt på garden i staden. På dei fleste gardane vart slike tomter frådelt og bebygd. Løvika var ikkje den staden der det dukka opp flest hus i denne kategorien akkurat, men ein finn no

likevel slike eksempel. På slutten av 1970-talet tok bygginga til for alvor, og utbygginga er enno ikkje ferdig. Løvika er no mest kjend som byggefelt. På denne undersida ynsker eg å fortelle litt om korleis dette området har utvikla seg, frå beitemark til byggefelt. Det er på sin plass å takke Arne Nedregotten for dei flotte bileta.

Eg er ikkje heilt sikker på kvar dette biletet er tatt enno.
Eg er ikkje heilt sikker på kvar dette biletet er tatt enno.
Skiløype i Løvika. Det er kanskje Brauta som synest i bakgrunnen. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten
Skiløype i Løvika. Det er kanskje Brauta som synest i bakgrunnen. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten
Blomsterplukking i Løvika kring 1960 ein gong. Frå venstre: Magna Johansen (g. Østrem) og "Tulla".
Biletet er utlånt av Arne Nedregotten
Blomsterplukking i Løvika kring 1960 ein gong. Frå venstre: Magna Johansen (g. Østrem) og "Tulla". Biletet er utlånt av Arne Nedregotten
I albumet som biletet er henta frå er det skrive at "Einar heiser flagget vårt". Det verkar som om det er speidarar som står for flaggheisinga.
Biletet er utlånt av Arne Nedregotten
I albumet som biletet er henta frå er det skrive at "Einar heiser flagget vårt". Det verkar som om det er speidarar som står for flaggheisinga. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten
Hunden Sonja, Arne Nedregotten og Gunvor Nedregotten vestanfor huset. I dag er det rive. eldstesonen til Arne, Arild Nedregotten har no bygd huset sitt omlag der dei står på biletet. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten
Hunden Sonja, Arne Nedregotten og Gunvor Nedregotten vestanfor huset. I dag er det rive. eldstesonen til Arne, Arild Nedregotten har no bygd huset sitt omlag der dei står på biletet. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten
Olav Nedregotten med sitt nybygde hus i Løvika. Året er truleg 1956. Kona Gunvor er truleg fotografen. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten
Olav Nedregotten med sitt nybygde hus i Løvika. Året er truleg 1956. Kona Gunvor er truleg fotografen. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten
Legg merke til markane i bakgrunnen. Det er hus, vegar og hagar der no. F.v.: Olav og Gunvor Nedregotten. Arne Nedregotten står fremst.
Eg er ikke heilt sikker på kven jenta lengst til høgre er enno. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten
Legg merke til markane i bakgrunnen. Det er hus, vegar og hagar der no. F.v.: Olav og Gunvor Nedregotten. Arne Nedregotten står fremst. Eg er ikke heilt sikker på kven jenta lengst til høgre er enno. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten
Arne Nedregotten som St. Hans brudgom i Løvika. Området i bakgrunnen har endra seg temmeleg mykje sidan den gongen,
Arne Nedregotten som St. Hans brudgom i Løvika. Området i bakgrunnen har endra seg temmeleg mykje sidan den gongen,