Fråhaldslosjen i bygda vår

På baksida av det orginale biletet står årstalet 1927. Biletet syner eit gruppebilete ved kaia i Emblemsvågen der dei fleste gjekk i land. Det var utflukt for fleire av barnelosjane til I.O.G.T. og det er også mogeleg at medlemmar frå "Gjøa" på Emblem var vertskap. Opplysningane kjem frå Andreas Magerholm. Der var også medlemmar frå Spjelkavika der mellom anna Aslaug P. Magerholm (seinare gift Østrem) truleg var med. Biletet har tilhøyrd henne.

Lars Elias Petterson Flydal (1883-1938) Han vart fødd på Maråk i Geiranger og kom sidan til Emblem som skulelærar. Lars var losjemedlem og kanskje også den som fekk igong fråhaldslosjen i bygda? Dette er bryllaupsbiletet frå 1908. Han gifta seg med Gurine Iversdtr. Furset, Eikenos (1882-1944)

Biletet syner eit kvartalsmøte for I.O.G.T. i Spjelkavika i 1925. Det er ikkje heilt umogeleg at det finst representantar frå Emblem på biletet dersom det losjen fortsatt var drift. Biletet er henta frå Anton Alvestad si bok om I.O.G.T. sine første 50 år FRÅ 1944.

Fråhaldsaka i Emblemsbygda har ikkje fått særleg oppmerksamheit tidlegare og det er særs lite lokalt stoff å finne. I denne teksten vil eg forsøke å sette ord på noko av det som eg har funne den siste tida. Mykje av teksten vert desverre dels kalkulerte hypotesar i mangel på kjelder. Desse vert igjen støtta opp av tekstar som det er verd å sette lit til, sjølv om dei i nokre tilfeller omhandlar heile Borgund kommune og ikkje berre vår eiga bygd. Målet er å leggje fram nokre av desse funna, i håp om at fleire finn glede i å bidra med ytterlegare opplysningar dersom slikt finst.

Tida før fråhaldsaka

I tida før 1900 var alkohol eit dagleg innslag både i byen og på bygdene. Frå gamalt av var brygging ikkje berre ein tradisjon, men også ei plikt som bøndene hadde. Eit stort alkoholkonsum var ikkje noko uvanleg i festlege lag. Det var forbunde med skam å gå tom før øl eller dram i bryllaupet,

og frå gamalt av var det tradisjon å bryggje både haust og vår. Til jul høyrde alkoholen med, og likeeins når slåtten tok til. Både kjøp, sal, betaling for bygsel og dåp skulle markerast med med ein dram. Etter kvart vart alkoholen meir vanleg både kvardag og helg. Tradisjonelt har fyll vorte omtala i forbindelse med bryllaup, men utover 1830- og 1840-talet kan det tyde på at forbruket i vårt eige fylke var svært høgt. Etter kvart vart også marknad og byferder forbunde med overstadig beruselse. På denne tida kunne også den som ynskte det lage sitt eige brennevin. Eilert Sundt er ein av dei tdlegaste kjeldene for alkoholkonsumet i Møre og Romsdal. Han vitja Haram på 1850-talet. Her fekk han mellom anna opplyst at det vart rekna omlag 1 liter brennevin og tre liter øl per gjest ved eit tre dagers bryllaup. Legg ein til at born og kvinner ikkje drakk like mykje som mennene, så blir det totalt eit høgt antal liter per mann. Sundt merka seg også at talet på ulukker hadde auka dei siste tiåra. Det viste seg at mange av desse var drukning og utanom fiskesessongen. Mange av drukningsulukkene skjedde på sommaren, og det var snakk om stort sett unge menn. Sundt forklarte det heile med at ulukkene skjedde i samnband med båtturar til Ålesund. I byen vart det kjøpt og kosumert brennevin før heimturen, og fleire av desse turane endte tragisk med båtvelt og drukning. Desse påstandane fin også støtte i Hans Strøm omlag 100 år tidlegare. Han fortel at det i tillegg til drikking i forbindelse med tur til handelstadane også var liknande spritkonsum i forbindelse med fiske og sal av fangsten.

I tida før 1840-åra var også alkohol ein allment akseptert drikk. Sjølv Norddalspresten Christian Fredrik Hvidt var med på fleire dagars bryllaupsfeiring. Det gjekk nærast sport i å forsøke å drikke presten under bordet. No må det nemnast at kongen innførte dels forbud mot å destillere brennevin allereie i 1757. Hans Strøm såg på dette forbudet som eit steg i riktig retning. Han så også for seg ei prisauking på spriten slik at folk tok til å brygge i staden. Prestane på Sunnmøre var ikkje så ivrige på å delta i fråhaldsarbeidet i byrjinga og nokre hevda endå til at slikt var i strid med den kristne læra. Det var berre brennevinet som var sett på som skadeleg hjå dei geistlege, og det var først og fremst på grunn av pengeforbruket at rusdrikken vart sett på som eit samfunnsproblem. Alt i 1753 hadde folk flest sett på brennevin som ei nødvendig vare, som vart rekna for blant det aller nødvendigste for ein fiskar, på lik linje med fiskereiskapen.

Utover 1800-talet byrja også emblemsbøndene for alvor å reise utanfor Storfjorden og Borgundfjorden på fiske. Storegga låg der ute i havet og lokka med rike fangstar for den som våga seg utpå. Ein kjenner også til at stadig fleire sambygdingar sette sjøbein i ung alder, og fleire var også i utanriksfart. Andre reiste inn til Ålesund for å få seg arbeid eller tjeneste. I byen kom dei i kontakt med skjenkestovene og dei fekk også oppleve baksidene av brennevinshandelen. Kring 1860 vart følgandet skrive i avisa «Møringen»: «Folkelivet viser seg ikke mindre uhyggelig i og ved byens skjenkesteder. Elles var det ølsjappar og drammesal langs alle gater. Berre frå Skansegata til St. Olavs plassvar det seks ølsjappar og tre drammesal. Mange som sløkte torsten sin her,kollsigldepå Valderøyfjorden og drukna.» (Jakob Straume: Kristenliv, s62. Sitert av Odd Vollan) Det var med andre ord ikkje alkoholforbruket i Emblemsbygda som vekte tankar om måtehald og etterkvart også totalt fråhald hjå emblemsbygdarane. Rusmisbruket kan nok knytast meir til kontakten med omverda og byturar, men konsekvensane kunne likevel ramme like hardt for dei som var heime.

Det første fråhaldslaget i Borgund

Sjølv om mange av prestane var motstandarar av totalfråhald i Borgund Prestegjeld, så var likevel ein av dei med og tok initiativet til å stifte den første fråhaldsforeining på Sunnmøre. Saman med eit utval av lærarane i kyrkjesoknet møttest dei på Skodje hjå kapellanen i Skodje. Kjell Skorgevik skriv i Årboka til Sunnmøre Historielag i 2008 om «Borgund Præstegjelds Afholdsforening» at foreininga vart stifta i Skodje på den tida då både Skodje, Vatne og Ålseund var del av Borgund Prestegjeld. Kapellanen i Skodje heitte på denne tida Daniel Van Kervel og det var han som tok initiativet til å stifta dette første avhaldslaget saman med 7 av lærarane i Borgund. Lærarane hadde samla seg til skulelærarmøte med avhaldsaka som ei av sakene. Det er interessant å sjå at avhaldspørsmålet kun var knytt til brennevin og ikkje øl. Vidare vart det debatt om forbudet kun skulle gjelde eige brennevinkonsum eller om det også skulle gjelde sal til andre. Eit fleirtal på 5 stemte ned forbudet mot at medlemmane kunne få selge sprit.

Fråhaldspredikanten Anders Haave vart sendt ikring på bygdene for å agitere for fråhaldsaka som «agent for Avholdsakens Fremme». Haave var på denne tida ein velkjent predikant som hadde vore på sin første runde på Sunnmøre allereie i 1830. Etter ei rekke møter auka talet på medlemmar sakte men sikkert. I 1856 kan ein finne at medlem nummer 41 var Rasmus Abrahamsen Østrem for Do. Rasmus kom frå Abrahamsgarden på Østrem og var truleg ansatt som svenn i Ålesund på denne tida. Det var ikkje uvanleg at svennene fulgte etter mesteren også i slike saker. Han hadde fått kjende medlemmar ikring seg. To av desse var bokbinder Johannes Aarflot og J. Rønneberg. Denne første fråhaldsforeininga varte berre i tre år og fekk 59 medlemmar, men det skuldast at prestegjeldet vart oppdelt, og ikkje at det var ei laber interesse for fråhaldsaka. Totalfråhaldet vart med dette knytt til kristentrua. Aarflot vart også ein forkjempar for lekrørsla i Ålesund. Rasmus finn ein ikkje fleire opplysningar om, men med denne opptakta, så er det grunn til å tru at fråhaldsaka også vart omtala og vann plass hjå folk i den vesle bygda vår også.

Losjemannen og læraren Lars Flydal

Læraren vart saman med presten ein viktig talsperson for både etikk, moral, lærdom og fråhaldsak. Særleg var fråhaldsaka og losjearbeid ein viktig del av studentlivet til lærarstudentane i Volda på denne tida.

Bernt Sunde skriv i si historie om Borgund Lærarlag i 1950 at det var læraren som ofte stod i brodden for å skipe både foreiningar. losjar og lag. I det same skriftet vert læraren på Emblem, Lars Flydal nemnd. Han vart fødd i Geiranger i 1883. I 1904 tok han lærarskuleeksamen i Volda. Året etter vart han lærar i Hatlehol, Emblem og Østrem krins. Sunde nemner at han var særs aktiv i ungdomsarbeidet i bygda. Han var med både i det frilynde ungdomslaget som vart stifta året etter han kom til bygda. Han dreiv også songøvingar og han var aktiv medlem i fråhaldslosjen i bygda. Det kan såleis vere grunn til å tru at han kan ha vore ein av pådrivarane, men det finn eg desverre ikkje noke hald for i skriftlege kjelder. Det var ei sorg då han allereie i 1920-åra måtte slutte fordi «krefter rakk ikkje til». Både losjen og koret er omtala i tilsynsprotokollen for gamlskulen i bygda..

Godtemplarlosjane i bygda

Den første september 1908 vart det halde møte i tilsynsutvalget for Emblem skule hos Johan O. Nedregotten. «Skolehusets brug til møder» skulle diskuterast for første gong. Kretsformann Hans L. Akslen skreiv møtereferatet inn i tilsynsprotokollen. Følgande beslutningar vart fatta denne kvelden:

«1) Sløidverelset tillades brugt om søndagskveldene til ungdomsmøder, sangøvelser og forresten andre lignende møder forudsat alt foregaar med orden og sømmelighed og for aabne dører – det vil sige med adgang for alle i Kredsen at møderne afsluttes senest inden Kl 10.»....

Videre har tilsynsutvalget sett ein del ordensreglar, som ikkje er så veldig interessant i denne samanhengen. Det som er meir interessant er derimot punkt 2 : «Godtemplarlogerne tillades brug af skoleverelset til et møde på uge og dog ikke søndage eller lørdagskveld, ei heller andre helligdage paa betingelse av at der bliver tilfredstillende rengjort og vasket efter hvert møde, og skal tilsynsutvalget have ret til at føre kontrol med at disse betingelser bliver befulgte og at disse møder også afsluttes senest kl. 10 aften, samt at huset lukkes nøgelen bringes paa den af tilsynsutvalget bestemte plads.»

Me hadde med andre ord losje i bygda vår i 1908 som var tufta på fråhaldsaka. Det var ikkje berre ein, men minst tre losjar i drift før 1909. Anton Alvestad fortel i boka si om Søndmøre distriktslosje av I.O.G.T., frå 1944, at barnelosjen "Gjøa" på Emblem var ein av tre nystifta losjar i 1908. Dei to vaksenlosjane "Embla" og "Heimatt" var truleg heller ikkje så gamle.

Tilsynsutvalget sitt vedtak frå september 1908 vart behandla på kretsmøtet for «Emlem skolekreds» den 28. desember samme år. Omlag 50 av dei stemmeberettiga i kretsen møtte opp etter at bodstikka hadde vorte sendt frå gard til gard på førehand. I sak nummer 4 kan ein lesa følgande: «Der behandledes andragende fra de herværende losjer om at faa Kredsens tillatelse til at holde møter paa skolehuset. Et forslag lydende saaledes Losje Heimat og barnelosje Gjøa gives tilatelse til at holde møter på skolehuskjelderen andenhver søndag, paa saadanne betingelser som tidligere er git losje og ungdomslag; blev vedtatt med 34 mot 7 stemmer idet en del undlot at stemme. Møtet hevet». Like under referenten Johan O. Nedregotten sin signatur finn ein følgande tekst: «Protestered mot afstemming. Knut H Akslen misfornøiet med Kjelierstuens brug til Losiemøde». Både avstemminga og protesten vitnar om at losje ikkje vart like godt motteke hjå alle i bygda. Om dette skyldest sjølve fråhaldsaka, eller at det var snakk om losje, er eg ikkje sikker på. Det kan sjølvsagt vera andre grunnar også.

Den 13. januar 1909 vart det halde nytt kretsmøte. Her vart det lese opp ein «skrivelse fra overtilstyret angaaende skolehusets brug utenfor skolegjerningen forelagdes de fremmødte paa Kredsmøtet. Af skrivelsen fremgik det klart nok at til brug af skolelokale til møter utenfor skolens øiemed – maa der foruten at kredsens tillatelse erhverves – ogsaa andrages skole og kredstyre dersom forsaavidt skolestyret ikke har fatsat regler herfor, hvilke efter det oplyste ikke er tilfældet i Borgund.»

Med desse orda stoppar nesten all kjeldetekst om losjane på Emblem. Sjølv i Odd Vollan si bok om Godtemplarlosjane i Borgund og Ålesund er ikkje Emblemsbygda nemnd nokon stad. I lista over distriktslosjane på Sunnmøre kan ein heller ikkje finne noko, til trass for at sjølv losjar som vart nedlagde alt på 1800-talet står nemnd. Kva er så årsaka til dette. Eg trur at forfattaren har mangla nok kjeldemateriale. Det som i så fall er påfallande er at forfattaren både har hatt tilgong på Godtemplarane sine arkiv, og brei kjennskap til losjane som mangeårig medlem. Det kan tyde på at Emblem ikkje er nemnd i kjelder som var tilgjengelege etter 1950. Det er ikkje så rart om desse papira og møteprotokollane kan vere borte frå offentleg innsyn, for dei fleste slike nedteikningar har ikkje vorte levert til noko arkiv. Det same er tilfelle med idrettslaget, ungdomslaget, damskipskaia og meieriet. Når informasjon uteblir på denne måten, så kan det tyde på at losjane har hatt ei kort levetid i motsetning til ungdomslaget. Det er ingen som eg har snakka med per dags dato som har hatt noko særleg informasjon om Godtemplarlosjen på Emblem.

Eg har likevel funne eit par setningar om losjearbeidet i ein tekst som Ivar Flydal skreiv kring 1984. Der fortel han litt om lagsarbeidet i bygda vår, og då fortel han at I.O.G.T. Dreiv losje frå 1905 til 1930. Vart teksten skrive på oppfordring frå Rektor Sigurd Langleite, så er teksten frå kring 1984. I.O.G.T. Er det same som Godtemplarlosjen og det er ikkje heilt usannsynleg at losjen var i gong før 1908. Om losjen derimot har vore i drift i 25 år, er eg meir usikker på.

Vollan gir eit generelt innsyn i losjearbeidet på Sunnmøre og her kan ein finne fellesnemnarar som kan fortelle oss noko om korleis losjen "Embla", «Heimat» og barnelosjen «Gjøa» kan ha drive arbeidet sitt i bygda vår. Møta hadde nok mykje sams med møta i det Frilynde Ungdomslaget på Emblem. Det har nok vore både basar, sosialt samkvem, besøkande talarar, song og oppbyggande diskusjonar kring tema og problemstillingar knytt til fråhaldsaka. Det var også særeigne ritualar som seg hør og bør i ein losje, men det verkar som om om Godtemplarane på denne tida var mest opptatt av å skape åpne møteplassar og kaffitilstelningar for alle som ynskte det. Ungdomsarbeidet kunne bere preg av å vere meir som ein ungdomsklubb eller speidarforeining. Det var lagt vekt på å gjere artige ting i lag og fleire av barnelosjane drog på utflukter, sette opp skodespel og laga «aviser» som vart lese opp på møta. Det er kanskje frå dette barnearbeidet at følgande ord har funne fotfeste hjå folk i bygda vår: «Øl og vin og brennevin, det gjer fagna folk til svin, men mor sin sild og havregraut den gjer guten både sterk og staut». Eit anna viktig arbeid var å samle inn pengar til både eiga drift og vedledig arbeid. Fleire av losjane fekk heller kort levetid og det var også andre losjar som vart oppretta kring 1906 som fekk ei kort levetid på eit par år.

På den same tida var også bedehuset på plass i bygda vår. Sidan slutten av 1800-talet hadde ein hatt ei voldsom vekkelsesbølge på Sunmøre, som fekk namnet «Sandstormen». Ein skulle tru at Indremisjonen også tok opp tanken om totalfråhald frå alkohol etter 1900, men årsaka til at ein også etablerte fråhaldslosje, var kanskje at bedehuset ikkje verka like tiltalande for alle i bygda. Soknepresten i Borgund hadde ikkje sett med like blide auge på verken lekmannsrørsla eller Godtemplarane og losjen fann truleg sin plass fordi dei ville forsøke å nå fram til alle uavhengig av tru eller overbevisning. Målet var heller ikkje religiøs vekkelse, men snarare opplysning om skadeverknadane som alkoholen gav. Ein såg kanskje for seg at losjen kunne verta endå meir attraktiv for samtlege i bygda vår.

Medlemmane i losjane på Sunnmøre kunne delast i tre delar. Nokre ville motarbeide alkoholbruken i samfunnet og hjelpe dei som var avhengige. Andre kunne vera dei som behøvde hjelp til å verte rusfrie, medan den siste gruppa var dei som søkte ein stad å vera på fritida. I ei lita bygd som Emblem var det truleg ikkje så mange i den avhengige medlemskategorien, om det fanst nokon i det heile. Desse medlemmane fann ein truleg helst på losjane i byane. Odd Vollan har funne fram ei oversikt over losjane i «Nøre Sunnmøre Distriktslosje» per 1924. På denne tida har svært mange bygdelag minst ein losje. Totalt vart det registrert 37 losjar og 2120 medlemmar. Ser vi på bygdelaga nærast vår eiga bygd, så finn vi at dei fleste vart stifta mellom 1900 og 1913. Medlemstala i bygdelosjane kunne varierer frå 15 i Stordalen til 72 i Spjelkavika, medan det i byen var langt høgre medlemstal.

Sidan losjane på Emblem ikkje er nemnd i oversikta frå 1924, så er det grunn til å tru at dei alt då var nedlagde. Det kan verke som om det er eit visst samanfall med at lærar Flydal gav seg som aktiv deltakar i lagsarbeidet i bygda i 1920-åra. Det er ikkje heilt utenkjeleg at det vart vanskeleg å drive vidare utan han. Som lærar hadde han naturleg autoritet til å få folk med seg i både kor, losje og ungdomslag. Det verkar som om det kan vera eit sammanfall mellom tidspunktet der den unge læraren kom til bygda, og når desse laga starta opp. Lars var heller ikkje gift på denne tida og han budde kanskje på lærarkammerset på skulen dei tre første åra han var her. Det kan også stemme overeins med at det ikkje vart søkt om bruk av skulen til andre formål utanom undervisningstida før i 1908. Kanskje var det slik at nettopp Lars Flydal tok med seg nye tankar og idear frå lærarskulen. At han var ein føregangsmann i losjane er det liten tvil om. Han sat jamvel i distriktsrådet i I.O.G.T. i 1910 og 1911.

Gamlelæraren, Knut Furset hadde i si tid også vore aktivt med på det som vart starta opp, frå kailag til søndagskule. Bodde den unge læraren åleine på eit kammers i ei ny bygd, så er det heller ikkje så utruleg om han valde å engsjere seg i nettopp fritidsaktivitetar.

Kvifor vart losjane nedlagd i bygda vår?

Det er vanskeleg å skulle forsøke å forklare noko ei eigentleg ikkje veit. Men av di det er grunn til å tru at me aldri vil finna svaret, så skal eg forsøke meg på nokre mogelege svar. Den første moglegheita er nok temmeleg åpenbar. Utan medlemmar er det umogeleg å driva vidare. Når brennevinforbodet kom var det kanskje ikkje like viktig å engasjera seg i fråhaldsaka lenger. I perioden frå 1914-1920 vart forbudet mot brennevin og sterkvin gradvis innført. Nokre år seinare vart ogsåVinmonopolet stifta. Fråhaldsbevegelsen hadde i denne tida fått makt og endå til ordførarar som støtta saka. Partiet Venstre var også ein aktiv aktør. Det var truleg ikkje først og framst noko overdriven rusdrikking i vår eiga bygd som losjen Heimat ville til livs dei siste åra.

Ei anna forklaring kan vera at losjen mangla pådrivarar og føregongspersonar som arbeide aktivt for å halde liv i losjane. Kanskje var det nettopp læraren, Lars Flydal som var denne pådrivaren. Sidan også Bernt Sunde finn grunn til å nemne losjearbeidet i forbindelse med sin omtale av Lars si lærargjerning, så er det kanskje grunn til å tru at han har hatt ei rolle som har vore meir aktiv enn berre som vanleg medlem. Også i andre lag og foreningar på den same tida fekk lærarane Lars Flydal og Knut Furset viktige posisjonar. Det er ikkje så heilt usansynleg om Lars tok med seg både tanken om frilyndt Ungsomslag og kanskje også Fråhaldslosje til bygda vår. Det er i alle fall truleg meir enn ei tilfeldigheit at begge vart stifta kort tid etter at han kom til bygda. Andre prosjekt som dampskipskai og skulestove kan forklarast ut frå eit behov hjå bygdefolket, medan desse to laga var meir knytt til fritid og oppbyggeleg arbeid. I andre bygdelag, slik som Dalsbygda i Norddal, var det presten som var denne pådrivaren. I Emblemsbygda var me langt unna prestegarden og difor vart det nok helst læraren som fekk denne rolla. Etter at Flydal gav seg i 1920 var det ikkje berre ein, men fleire lærarar som overtok og truleg var det også anna lagsarbeid som lokka meir.

Ein skal heller ikkje gløyme at Bedehuset og ungdomslaget i bygda hadde tatt over mykje av sakene som losjane hadde hatt i tidlegare tider. Før hadde ikkje dei kristlege laga vore like aktive i fråhaldsaka. Godtemplarane hadde dessutan fått ei tilknyting til Metodistkyrkja, som ikkje gjekk like godt i hop med den veksande lekmannsrørsla utover 1900-talet. I vår eiga bygd vaks indremisjonen seg sterkare etter 1905. og det er ikkje utenkjeleg at bedehuset tok over for losjearbeidet. Det hadde også vore steile frontar mellom kyrkje og metodistar. Odd Vollan fortel om då den første metodistpresten i Ålesundkom til Sykkylven for å halde møte, vart han møtt av kyrkjesongaren med følgande kommentar: « Antikrist er ute å fær.» Eg er ikkje så sikker på om det var så steile frontar på Emblem. Losjane her kom truleg såpass seint at det var lite konflikt å spore. Om det var læraren som gjekk føre, så kunne også fleire andre i bygda gå god for innhaldet. Ved sidan av ungdomslaget, så fekk ein også idrettslag i 1932. Det vart med andre ord stadig fleire tilbod i bygda vår.

Skal eg gjette på kva som kan ha hendt då losjen vart nedlagd, så vel eg å tru at losjen hadde eit heller kort liv. Kan hende så var losjen berre i startfasen når Lars måtte gje seg. Var han pådrivaren i losjearbeidet, så var det nok heller få som ynskte å ta over arbeidet på den tida. Utan læraren var det ikkje sett på som like viktig lenger etter 1920. Ivar Flydal er sonen til Lars og det var han som skreiv kring 1984 at I.O.G.T. dreiv i tida 1905-1930 i Emblemsbygda. Han nemner også at ein medverkande årsak til nedlegginga var at ungdomen var borte i store delar av året og at det var først når Emblemsruta starta at ungdommane kunne bo heime og pendle til arbeid i staden. Han fortel ikkje kven kjeldene er og det verkar litt rart om losjen vart lagd ned omlag samstundes som Emblemsruta vart stifta. Det er også litt rart at losjen ikkje finst i Godtemplarane sine eigne arkiv om dei held drifta i gong so lenge. Eg har ikkje noko fakta som eintydig kan avvise denne opplysninga, men det kan likevel vere grunn til å tru at tidsbegrensinga ikkje er heilt nøyaktig. For det første så ville fleire kjenne til losjearbeidet, og det er også grunn til å tru at losjane ville vore nemnd i registreringa i 1924. Justerar me derimot årstalet for nedlegginga litt nærmare 1920-talet, så er det større grunn til å tru at mangel på bussdrift kan ha vore ei medverkande årsak. På den andre sida så veit me at mange dreiv ishavsfangst og fiske i 1930-åra og at dei difor var fråverande i lengre periodar om gangen. Det påverka jamvel evna til å samle fotballag og stafettlag enkelte år fram mot 1940. I 1944 står i alle fall vaksenlosjane på lista over nedlagde eller "kvilande" losjar.

Ein sit dermed at med nokre hypotesar og tankar om kva som kan ha skjedd og kvifor ein finn minimalt med kunnskap om fråhaldslosjane våre.


Kjelder:

Alvestad, Anton: "Søndmøre distriktslosje av I.O.G.T. (Nøre Sunnmøre distriktslosje nr. 12) - gjennom 50 år 1894-1944". Ålesund 1944. Publisert i digital form av Nasjonalbiblioteket

B ergem, Peder: Forkynning, fellesskap, forsking : Volda lærarskule 1895-1995, Høgskulen i Volda , 1995

Flydal,Ivar: "Lagsliv" Maskinskrevet hefte frå ca 1984


Skorgevik, Kjell: «Borgund Præstegjelds Afholdsforening», Årbokfor Sunnmøre Historielag 2008

Sunde, Bernt: «Borgund lærarlag gjennom 100 år, 1850-1950». Utgjeve av Borgund lærarlag, Borgund 1950

Sunde et. al.: «Minneskrift Borgund Kommune 1837-1937». Utgjeve av Borgund Kommune, trykkt av Nasjonaltrykkeriet i Ålesund 1937.

Tilsynsprotokoll for Emblem skolekrets i tida 1900-1920

Tvinnereim, Jon: «Grotid i grenseland, Fylkeshistorie for Møre og Romsdal 2, 1835-1920» Det Norske Samlaget, Oslo 1992

Vollan, Odd: «I kamp for et rusfritt folkeliv på sunnmøre» Trykkingen er i sin helhet finansiert av Fellesiendomen Godtemplarenes hus og Godtemplarungdomslaget Symra. Trykk: Jons trykkeri

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE