BNR. 6 Voll

Brudebilete av Henna Jakobsdtr. f. Emblemsvåg og Thomas Røssevoll. Det er teke av Sigvald Moa i 1914. Biletet tilhøyrer Gunvor og Per Almar Steinnes

Thomas Hansen Røssevoll. Han vart første brukaren på garden Voll på Røssevollen når det vart frådelt farsgarden i 1920. Thomas var gift med Henna Jakobsdotter frå Emblemsvågen. (fotograf: ukjend)

Henna Jakobsdotter Røssevoll (f. Emblemsvåg). Henna var frå garden Sandvik i Emblemsvågen. Ho gifta seg med Thomas Hansen Røssevoll i 1914 (Fotograf: Ukjend)

Harald Hansen Røssevoll er bror til Thomas Hansen Røssevoll og tok over Hansgarden på Røssevollen sjølv om han var yngst i ungeflokken. Harald gifta seg med Anna Furseth som var dottera til "Kjøt-Iver" Furseth på Eikenosa.

Tomas og Henna Røssevoll framfor det påbygde huset deira. Kan året vere 1959? Det verkar nemleg som ein åremålsdag. Biletet tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes

 Dette vesle bruket finn ein ikkje att i nokon av folketellingane som har vorte publiserte til no. Årsaka til dette er at Voll, med bruksnummer 6, ikkje vart utskild som eige bruk før i 1920. Fiskar og snekkaren Thomas Hansen Røssevoll (1889-) var den fyrste brukaren. Garden har opphaveleg vore del av bruksnummer 1 som er Hansgarden. Samtlege av dagens gardsbruk har i si tid vorte frådelt dette hovudbruket. Tykjegarden og Pe-garden vart frådelte kring 1600, medan plassebruka Rognereiten og Nygjerdet vart rydda mellom 1850 og 1870.

Det er ikkje så lett å seie kvifor Voll vart frådelt som eige gardsbruk i 1920. At Thomas var son av Hans Larsen Alnes (1847-1938) i Hansgarden, er nok ein del av forklaringa. Hans Larsen hadde gifta seg med jordajenta Tidemine Hansdotter (1851-1933) og ekteparet dreiv det godt med fleire båtar og fiske som attåtnæring. Dei hadde dessutan klart å kjøpe garden attende i 1913. Faren til Tidemine heitte også Hans, og var son av Timann Spjelkavikgjerde. Hansgarden hadde også vore driven av same slekt på morsida det meste av tida som garden hadde vore i bruk. Røssevollen var ikkje særleg lønsam. Hans Timannsen (1819-1906) hadde saman med Marte Mattisdotter (1830-1910) frå Mattisgarden på Østrem kjøpt bruket av borgundpresten i 1845 for 180 Speciedaler. Det hadde desverre ikkje gått i hop med økonomien og i 1880 vart Hansgarden seld på tvangsauksjon. «Gravar-Bern» Blindheim frå Vigra hadde kjøpt bruket og latt Hans få fortsette å drive garden som bygselsmann.

Hansgarden vart ikkje sjølveige bruk at før i 1913, og det kan vera årsaka til at at det tok så lang tid før Voll vart fråskild. Det var nemlig når garden var sjølveigen at dei to plassebruka vart rydda på 1800-talet. Det var nok dei økonomiske vanskane som resulterte i dette. Men den nye sjøveigaren, Hans Larsen Alnes, hadde truleg ingen pengesorger i 1920. Derimot kan det vera at han ynskte å hjelpe sonen sin med å få seg eigen gard.

Thomas Hansen Røssevoll var eigentleg nest eldst i Hansgarden, Broren Harald Hansen Røssevoll var nummer tre i ungeflokken og 6 år yngre. Problemet var derimot at faren deira dreiv Hansgarden heilt til 1938. Thomas ville med andre ord vere nesten 40 år før han kunne ta over, medan odelsguten Lars ville vore 58 år. Lars livnærte seg tidleg som fisker og flytta til Ålesund. Han hadde gifta seg med Olivie Olsdotter alt som 19-åring i 1899. Ho dreiv strikkeforretning i byen og dei hadde truleg ingen planar om å flytte attende til bygda. Thomas vart derimot verande på Emblem og slapp å vente på å få overta garden. Han fekk i staden frådelt ein del av farsgarden i 1920. Dette nye bruket fekk namnet Voll, bruksnummer 6 og ei skyld på 78 øre, medan Harald, som var fødd i 1895, fekk overta odelen frå brødrene sine.Han var 15 år yngre enn odelsonen og hadde også tid til å vente litt lenger.

Thomas fekk skøyte på Voll i 1922 for 700 kroner, og skøytet vart tinglst 10. mai det same året. Skylddelinga vart halde allereie den 24. oktober i 1920, så det er mogeleg at Thomas kan ha starta oppdyrkingsarbeid, allereie før 1922.  Eigentleg var dette den gamle ysteteigen på farsgarden, men tidene hadde endre seg så pass at det var enklare å dyrke opp jorda. Ein kunne no få dyrkingslån og tilskot for kvart ny-dyrka stykke. Kunstgjødsel og sprøytemiddel gav stadig betre avlingar per kvadratmeter. Dermed var det mogleg å greie seg med mindre dyrkingsareal, om ein hadde andre inntekter attåt. Thomas tingleste pantobligasjon på eit brukslån på 3000,-, med sikkerheit i bruket, den samme dagen som han fekk skøytet tinglyst på månedstinget i 1922, med Joakim J Emblem og Harald Røssevold som vitner. Truleg har dette ein forbindelse med at han dyrka opp og bygde seg eige hus i 1923. Ny løe kom opp seinare, i 1927. Han vart gift allereie i 1914 med Hanna Jakobsdotter (1894-1978) frå Emblemsvågen. Giftermålet var kanskje grunnen til at faren ynskte å hjelpe Thomas. Saman fekk dei borna Thelma, Severine og Jakob. Som så mange gongar tidlegare, så vart det ei jordajente på Røssevollen. Thelma Thomasdotter (f.1920). Thelma gifta seg med Reidar Krogsæter (1917-1995) og tok over Voll i 1957.

->->->->->->->->->-->

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE