Historia om Ebbegarden

Ebbegarden kring 1917. Alle borna til Ole Elias Johansen Emblem (1870-1934) og Inger Sofie Jørgensdtr. Emblem f. Valde (1883-1954). Det kan då vere f.v.: Asbjørg, Ole Elias, Ingrid, Jørgen, Solveig, Inger Sofie og Maja, men namna er ikkje endeleg bekrefta. Biletet tilhøyrer Ingar Skogstad og vart gjeve til Inger Sofie i 1945 av bornebornet Oddny Hansen. Ho er dotter til Solveig.

Johan Elias Nilsen Emblem (1841-1914) og Karoline Petrine Olsdotter Roald (1841-1920) frå Vigra. Orginalbiletet tilhøyrer Berit Karin Ramsvik

Johan Nilsen (1841-1914) Biletet tilhøyrer Ingar og Elin Skogstad

Ole Elias Jacobus Emblem (1870-1934) var gift med Inger Sofie Jørgendotter Valde (1883-1954) frå Skodje.

Inger Sofie Jørgensdatter Valde f. 18.1.1883 d. 26.9.1954. Biletet tilhøyrer Ingar og Elin Skogstad Ho var Gift med Ole Elias Jakobus Emblem (1870-1934)

Andreas Elias Jakobus Emblem (f.1875) arbeidde som snekker og var ein del år i Amerika. Han fekk frådelt ein liten parsell mot utmarksgjerdet ved geila innanfor Fursetgarden. Biletet tilhøyrer Thoril Østrem Thorvik

Søster til Ole Elias Emblem (1870-1934), Marie Sofie Andriette Emblem (1879-1963) gifte seg i 1913 med Hans Gabriel Ramsvik i Ramsvika litt lenger vest i bygda. Ho var mor til Oddvar Ramsvik. Biletet tilhøyrer Berit Karin Ramsvik

Elvarum i framgrunnen og Ebbegarden i bakgrunnen. Den lyse "løa" i Ebbegarden er truleg ishuset der ein lagra is i forbindelse med fisket. Postkortet var seld på butikken på Elvarum og vart i si tid teke av Steinkopf-Wold frå Stavanger. Ein kunne kjøpe desse postkorta i større opplag også. årstalet er ikkje heilt sikkert enno, men det er ein stad mellom 1909 og 1911.

Her har den same fotografen flytta litt på seg. Det kvite huset i høgre biletkant (like under midten på biletet er stova i Ebbegarden. Løa stend litt lenger mot venstre. Det kan verke som om kvernhuset allereie er på plass under høystålet. (sjå nyare bilete i dette albumet). På denne tida stend ikkje det noko hus der tunet på Skillingen stend i dag, sjølv om Johan budde der kring 1909.

Kristine Mathea Emblem (1922-1996). ho gifte seg med Ingvald Andreas Skogstad frå Eid. Dei busette seg på Store Engeset bnr. 38 på Skodje. Biletet tilhøyrer Ingar og Elin Skogstad.

Bryllupet til Solveig, som gifte seg med Egil Hansen og busette seg på fråskild tomt like ved tunet. Ho er flankert av søstrene sine. Det er f.v.: Marie (Maja) , Anni,Asbjørg og Kikki. bileteigaren er Torill Østrem Thorvik som er dottera til Maja

Ebbe-Elias og Bjørn Navelsaker fotografert på Skillingen. Biletet er utlånt av Roar Emblem

Ebbegarden våren 2017. Foto: Svein Ove Østrem

Hovudhuset i Ebbegarden 2015. Foto: Svein Ove Østrem

Ebbegardstunet 2015. Foto Svein Ove Østrem

Stabburet i Ebbegarden 2015. Foto: Svein Ove Østrem

Ebbegardsløa ligg litt vestanfor Ebbegardstunet. Biletet er frå 2015. Foto: Svein Ove Østrem

Eit lite lafta hus er bygd inn i redskapskjulet under høystålet. Truleg er dette det gamle kvernhuset som har fått nye oppgåver ein gong kring 1900-1920.Huset har gamal laft og kan vere minst 200 år gamal, eller meir. Den raude vogna er ei møkrakjerre med spreiar bak. Den er kanskje kjøpt frå Fursetgarden. Det står ei identisk i Larsgarden på Østrem. Foto: Svein Ove Østrem

Dette kan sjå ut som anten stallen eller saudefjøsen, og er truleg det siste. setet på hesteslåmaskina kan skimtast i framgrunnen. Foto: Svein Ove Østrem

Enno spor av kvitkalka fjøsveggar. Det kan vere benkar frå ungdomshuset i bygda på dette biletet. Dei seinare åra vert dei nytta mest på 17. mai som sitteplassar. Foto: Svein Ove Østrem

Ebbegarden er i dag ein sjølvstendig gard med bruksnummer 8 under garden Emblem. Slik har det derimot ikkje vore til alle tider. Emblem hadde vore to-delt gard, då den vart delt vidare inn i 6 gardpartar på slutten av 1500-talet. Eg skal ikkje begi meg inn på den eldste historia her, berre leggje til at Ebbegarden var eit av desse 6 «gamlebruka». Garden låg då lenger vest i det gamle klengetunet kring gamlehuset i Steffågarden. Staden vert framleis kalla «tuftene», sjølv om dette namnet er lite i bruk i våre dagar. Det var først etter den store innmark-utskiftinga etter 1835 at Ebbegarden flytte tunet sitt lenger aust mot staden der barnehagen på Emblem ligg i våre dagar.

Jordbruket i endring

Målet med ein slik stor utskiftingsprosess i heile amtet, var å få til ein meir framtidsretta oppdyrking av jorda og fornye landbruket. Dette var noko som fleire av dei leiande i samfunnet og amtet var ivra for å få til. Frå slutten av 1700-talet hadde prestar, borgarar, futar og amtsmenn samla seg i Landhushaldningselskap der nye landbruksteknikkar vart diskuterte. Prost Deinboll i Molde gav ut opplysningskrifter frå 1845 og dei fleste embetsmennene hadde eigne gardar. Forskjellen på øvrigheit og den vanlege fiskar-bonden var likevel stor. Dei høge herrar hadde råd til å eksprimentere, medan folk flest trong mat kvart einaste år. Hadde dei nok til å greie seg det eine året, så heldt dei gjerne på same oppskrifta den komande året óg. Den gamle teigblandinga hadde hatt både fordelar og ulemper. Før 1809 var det stort sett bygselsmenn i Emblemsbygda som ikkje eigde sin eigen gard. Det påverka også lysta til å gjere meir enn det som dei vart pålagde i bygselskontrakta med jordeigaren. Dette gav seg utslag i mellom anna vedlikehald av husa. Ein ser at det stadig vekk måtte settast opp nye hus som erstatning for dei gamle. På den andre sida kunne det vera litt lettare å drive gardsarbeid og dei store onnene i lag. Teigane var små og so sammanvevde at ein ikkje kunne starte på slikt åleine. For fleire av dei som mista ektefellene sine på denne tida så hadde dei både tid til å sørge og å finne seg ein ny make. Nokre venta faktisk 2 år før dei gifta seg om att. Etter utskiftingane var slikt utenkjeleg for då vart det å vera to vaksne heilt nødvendig til ein kvar tid. Ein som vart enkjemann til påske kunne soleis ver gift att før jul. Husbonden var også mykje ute på fiske for å greie seg. I tidsrommet etter 1834 vaks også talet på born som levde opp, og ein trong tenestefolk for å greie alt saman. På den andre sida så vart det lettare å drive gardane når maskinelt jordbruk og betre metodar kom i bruk. Dei nye sjølveigarane fekk støtte til nydyrking og stadig fleire gjekk frå å dyrke mest alt dei trong sjølve, til å drive med det som garden passa best til og heller selge overskotet. Slik pengehushaldning vart stadig vanlegare utover 1800-talet. Ein ser det også på talet på husmannsplassar som kom til og vart rydda i utmarka frå 1850-åra. Slikt gav rom til ei aukande befolkning, gratis hjelp i onnene og på sikt langt større innmark og slåttemark på gardane. Eg skal kome attende til utfallet av utskiftinga i Ebbegarden når eg skriv om brukarane litt lenger ned i teksten.

Eigarane

Emblemsgardane har hatt mange kjende eigarar i si tid. Dei har vore erkebispe-gods, del av Giskegodset og Margrete-prebendet, i Hannibal Sehested sitt eige og Rosenkrantz-gods for å nemne nokre. Utfordringa er derimot å vite konkret kva partar dei eigde og kva del Ebbegarden har vore eigd av, for der var fleire samtidige eigarar. Det eg derimot veit, er at handelsmannen J. A. Heide fekk eigedomsretten over heile Emblem i 1790. Du finn han dessutan att som eigar på dei fleste nabobruka fram til han døydde i 1809. Sonen Arent Nicolai Heide kjøpte då mellom anna Ebbegarden på dødsbuauksjonen. Heide-ætta vart soleis dei siste jordeigarane før Ebbegarden vart seld til sjølveige. Dette skal eg kome attende til litt seinare.

Brukarane

Den første brukaren i Ebbegarden heitte Ingvald. Han dreiv garden frå omlag 1603-14. Han vart utkomandert til teneste i Kalmarkrigen og kan ha kome attende også. I alle fall var denne krigen over i 1613, men det er mogeleg at dei ikkje fekk vite om at Ingvald var død før dette. Det er litt merkeleg at det var brukaren sjølv, og ikkje son eller tenestedreng som drog i staden. Dei som hadde pengar kunne endåtil kjøpe seg ut av det heile, men Ingvald valde enten sjølv, eller hadde ikkje anna velg enn å dra sørover. Ein veit ikkje om Jon Knutsen som tok over bygselsvilkåra og garden i 1614, var i slekt med Ingvald. Han dreiv i alle fall heilt til 1665 og han betalte skatt i 1658 for ein hest, 8 kyr, tre geiter og ein sau. Dette var ein brukbar flokk på den tida. Kjøt var det lite av i den daglege kosten til samanlikning med i dag. Storgardar hadde soleis heller ikkje så mange dyr. Åtte kyr kan difor tyde på at det er ein velbehalden mann.

Den tredje brukaren i Ebbegarden var i alle fall fødd på garden og sonen til Jon. Han heitte Knut Jonsen, vart fødd omlag i 1642, og var bygselsmann på garden frå 1665 til ein gong ut på 1690-talet. Det er mogeleg at han dreiv garden heilt til 1700 også, for opplysningane frå denne tida er ikkje så sikre desverre. Knut sine born fekk ikkje ta over bygselskontrakta, om han hadde nokon vaksne born i det heile, for kring 1700-1733 er det nemleg Peder Pedersen (ca. 1675-1748) som driv Ebbegarden. Verken den første kona til Peder, som heitte Anne Pedersdotter (d. 1701), eller den andre kona, som han gifte seg med i 1702 hadde Knutsdotter til etternamn. Det er ei viss mogelegheit for at kone nummer 2 var søster til den første, men sikker er eg ikkje. Ho heitte i alle fall Marit Pedersdotter (d. 1712) og omgifte med ei frå same syskenflokken var ikkje så uvanleg på denne tida. Peder var den einaste som heitte Peder Pederson Emlem på gardane der. Eg må sjølvsagt ta omsyn til at der kan ha vore ein eller to husmannsplassar, men eg har ikkje funne spor etter noko slikt, så det er difor grunn til å tru at Anne Pedersdatter (døypt 7.12.1700), Anne Pedersdatter (døypt 24.9.1702), Peder Pedersøn (døypt 4.8.1711) og Ingeborg Pedersdotter (døypt 4.8. 1711) er frå Ebbegarden. Sidan begge dei eldste borna heitte Anne, tyder det på at den eldste jenta døydde tidleg medan den neste dottera fekk same namn då ho vart døypt. Denne skikken har gjeve ein del rare namne-konstruksjonar fram mot byrjinga av 1900-talet. Var den som døydde gut medan det neste bornet vart jente, så var det nok stundom litt vanskeleg. Ein finn då namn som Oluffa, Olufine og liknande. I dette tilfellet vart det derimot ikkje slike problem. Det er likevel verdt å merke seg at Peder og hans nye kone, Marit, fekk tvillingar som begge levde lenge nok til å verte døypte. Truleg vart dei enno eldre. Slikt var ikkje vanleg og det er difor nemd særskild i kyrkjeboka. Peder og Marit kan ha vorte nøydde til å gifte seg i 1702, for Peder og Ingeborg vart døypte allereie i september, det same året. Kanskje var det også slik han kan ha vorte omattgift med ei som kan ha vore svigerinna hans? Borneflokken var større enn desse fire. Eg har i alle fall funne ei Brite Pedersdotter som vart døypt 29. januar 1708 og Marthe Pedersdotter (1705- ca 1770) som vart jordajenta på garden.

Året etter tvillingfødselen døydde Marit Pedersdotter og etterlot seg enkemannen Peder med fleire små born i 1712. I forbindelse med arveskiftet etter Marit er det registrert hest, 7 kyr, 2 kviger, 6 geiter, 4 sauer og ei eiga kvern. Kvenna vart dermed sett opp av Peder og rekna som hans eigedom i motsetning til dei andre gardshusa som tilhøyrde jordeigaren. Eg nemnde tidlegare at det vart Marthe som tok over garden, men ho var berre 7 år i 1712 og faren 37. Eg finn ikkje at han har gifta seg nok ein gong, men noko anna ville vore særs uvanleg, for han dreiv garden i 21 år til. Der er likevel eit spor, for han vert far igjen i 1725. Bornet heiter Birthe og vart døypt på Nyttårsaftan det same året. Eg finn ikkje kven mora er, for her er det berre fadderar som er skrivne inn saman med faren. Det er eit spor i riktig retning at Bjørn Olsen Fliisholm dukkar opp igjen som fadder. Normalt vil det vere fadder frå svigerfamilien til Peder også, men alle dei andre har Emlem til etternamn, så då kan ho truleg vere frå eit av nabotuna. Gjertrud kom i allefall frå Steffågarden medan Ingebrigt var frå Auregarden. Den siste fadderen er eg ikkje sikker på opphavet til, men ho heitte Emlem i alle fall, og det kan vere Anne Rasmusdotter på Ystebøen. Det same året gifte Malene Gregoriusdotter Røssevoll seg om att med Ole Ingebrigtsen frå nabobruket, Auregarden, så det finst eksempel på liknande giftermål i dette klengetunet.

Marthe Pedersdotter Emlem gifte seg med Ebbe Knutsen Hovden (1705-1769). Dei var med andre ord jamnaldringar og det er truleg han garden fekk namnet sitt ifrå. Ein finn dei i forlovelsesregisteret i Borgund kyrkje i november 1732. Han var då «ungkarl» og busatt på Emblem. Kanskje har han hatt teneste der?. Det er også interessant å merke seg at Bjørn Olsen Fliisholm er forlovaren hans. Dette er sonen til Ole Larsen som rydda Flisholmen og var tønnemakar. Bjørn Olsen (1690-1750) tok over Flisholmen etter faren. Dette tyder på at Ebbe har vore i bygda ei tid, og at det var der han møtte Marthe. Ho heiter forresten «Marit» i bygdeboka for Borgund, medan ho i forlovelsesprotokollen heiter Marthe, og i ekteskapsregisteret i 1733 finn eg det same namnet. Eg vel difor å sette lit til dette. Giftemålsregisteret i 1733 gjev ikkje opplysningar om kven som var faren til Ebbe. Eg merkar meg likevel at han allereie heiter «Emelem» når han gifta seg. Kan Hovden vera eit villspor? Eg har så langt funne 7 born etter dei. Peder (døypt 27.7.1733), Knut (døypt 3.2. 1737, Olle (døypt 7.6. 1739), Anders (døypt 29.9. 1741) Ole (døypt 18.5.1744), Anne (16.4.1747) og Marthe (døypt 8.7.1750), men Olle døydde truleg før 1744. Alle desse levde truleg ikkje opp, men eg veit i alle fall at Anne vart mor til Inger Larsdotter Nedregota (1771-1850) frå Guttormgarden på Emblem, og at Marthe vart gift med Ole Larsen. Dei budde på Røssevollen då ho døydde 59 år gamal i 1807, Eg finn henne ikkje i folketellinga i 1801, så Ole Larson Røssevoll vart truleg ikkje telt med. Det kan tyde på at han enten ikkje hadde kome ditt enno, eller fordi han var husmann. Då han døydde i 1826 vart han omskriven som «Røssevold af Aalesund» i klokkarboka. Ole kom med andre ord frå ein husmannsplass på Røssevollen som ikkje er omtala i bygdeboka eller 1801-tellinga. Difor veit eg heller ikkje namnet på denne plassen. Den kan ha lagt der dei nyare plassane vart rydda seinare, eller kanskje på det som seinare vart innmark på Røssevollen. Eg set mest lit til det siste, for det verkar rart å la god slåttemark vekse att utan grunn.

Ebbe og Marthe fekk ord på seg for å drive Ebbegarden godt. Dei etterlet seg også eit skiftbu på 170 Riksdalar også. Presten skreiv i 1769 at han var skikkeleg opplyst og vel forsynt med bøker. Kvenna, smia og naustet var nokre av bygningane som han sette opp sjølv. Sonen Knut Ebbesen (f. 1737) fekk først bygsle halvparten av Ebbegarden. Resten tok han over då faren døydde i 1769. Han gav seg som bygselsmann allereie i 1779. Knut gifte seg med Birte Olsdotter (ca. 1720-1804). Ho vart introdusert 23. september 1759 og med andre ord ikkje frå Borgund eller bygda, men det står ikkje kvar ho kom frå. I 1801-tellinga var dei «vilkårsfolk» og framleis gifte for første gong begge to. Eg har enno ikkje klart å finne så mykje meir om Knut og Birthe. Dei fekk i alle fall ein son som tok over garden etter dei. Dette var Ole Knutsen (døypt 19.8. 1759) og dermed det eldste bornet.

Ole Knutsen vart ofte kalla «den eldre», slik at han kunne skillast frå Ole Knutsen i Steffågarden på Emblem. Ole dreiv bruket frå 1779 til 1812 og var den siste bygselsmannen på garden. Han gifta seg med Birte Andersdotter (f. ca. 1758) I 1807 hadde han 6 kyr, 4 ungfe, 6 sauer, 7 geiter og hest. I 1801-tellinga finn eg tre born som framleis bur heime. Jens (f. 1788), Katrina (f. 1790) og Berndt (1792). Eg har også funne fleire born. Ebbe Andreas Olsen (døypt 17.2.1795) vart i alle fall fødd i Ebbegarden. Jørgen Andreas Olsen Emlem (døypt 5.8.1798) kan ha vore Ole sin son, men her er eg usikker, sidan der finst to Ole Knutsen på Emblem. eg har dessutan greidd å finne at Olave Olsdotter Nedregotten (1802-1881) var dottera til Ole. Ho gifta seg med Lars Petter Johannesen og deretter med Petter Annaniasen Flisnes som begge var brukarar på Skaret, like aust for Ebbegarden. Av desse borna vart det Jens som overtok garden. Jørgen vart berre 15 år og Berndt 10 år, medan Ebbe gifte seg med Maren Knudsdotter Walgermoe i Sykkylven kyrkje 30.5.1819. Eg skal fortelle litt meir om dei lenger nede i denne teksten. Katrina har eg ikkje funne att etter 1801-tellinga.

Jens Olesen Emlem (1788-1825) gifte seg i Borgund kyrkje den 3.6.1814 med Maren Kanuta Villemsd. Blindheim. (1792-1821) Dei fekk borna Carolus Jensson i 1799, som døydde berre 6 år gamal og vart begravd 27.3.1825, Maren, som vart berre 27 år og døydde 9. februar 1821 medan Berte Regine Jensdotter (1815-1894) tok over garden. Det er grunn til å tru at der var fleire born også, men det er desse eg har funne så langt. Det er på Jens og Maren si tid at Jens fekk skøytet og vert den første sjølveigaren på bruket våren 1812. Skiftet etter Maren var på 317 Speciedalar. Jens fekk omlag halvparten, medan Berte fekk 52 og Carolus, som ikkje fekk overta garden, fekk 105 Speciedalar. Dei hadde dette året 10-11 kyr, 20 sauer og avla vel 30 tønner korn i Ebbegarden. Garden var framleis del av det gamle klengetunet på Emblem. Der hadde dei ei ny stove med loft, fordør, kjøkken, og kakkelbileggjar (omn). I tillegg hadde dei ei røykstove, høy- og kornløe, stabbur, stall tilbygd løa, fjøs, 2 sauefjøsar, grisehus og kvern. Dei hadde óg steinfjøs på den gamle Emblemsetra.

Jens gifte seg om att 22.11.1821 med Iverine Pedersdotter Lille Nørve (f. 1795) Med henne finn eg dottera Johanne Maria som vart døypt i 1824. Skiftet etter Jens vart tinglyst i april 1826 hadde 150 Speciedalar i buet. Iverine fekk det meste, medan Berte Regine og Johanne Maria fekk 14 1/6 Speciedalar kvar. Iverine gifte seg omatt med Bernt Andreas Iversen Emblem (1801-). Dei dreiv garden fram til 1843. Bernt var med andre ord ein ung kårkall på 42 år, medan Iverine kun var 6 år eldre. Det var truleg hensynet til Berte som vegde tyngst. I 1827 vart dei foreldre til Jens Elias Bernts. Emblem og i 1833 vart Ingebrigt Carolus Britannus Bernts. Emblem fødd. Ingebrigt tok seinare borgarskap i Ålesund. Årstalet er ukjend, men han hadde eigen gullsmedverkstad før 1859, og vart omtala som Gullsmedmester i Kippervika i 1865-tellinga ifølge Bjørn Jonson Dale sin tekst om Gullsmedane på Sunnmøre i laugstida i årskriftet for Sunnmøre historielag (s. 3061 i den digitaliserte utgåva) Han var då gift med Inger Sarine Anderssen frå Bergen og hadde 3 born. Den 2. april 1832 vart ei eiga erklæring mellom Berte og stefaren, Bernt tinglyst. Skrifta i panteregisteret er utydeleg, men det verkar som om Dei har vorte eienige om at ho fekk førsterett på å få overta bruket.

I 1843 overtok ho for alvor bruket saman med Nils Eriksen Kvassnes (1813-1876). Han hadde allereie i 1836 fått tinglyst skøyte på garden, men det var først 7 år seinare at kårbrevet vart tinglest. Dei gifte seg den 5. juni 1836 i Borgund kyrkje. Det er interessant å merke seg at det var Ebbe Hatlehol som var forlovaren til Nils. og Ole Iverson Kongshaug som var forlovaren til Berte. Ebbe vart fødd i Ebbegarden i 1795 og var onkelen til Berte. Eg skreiv tidlegare at han gifta seg med Maren Knudsdotter Walgermo i Sykkylven kyrkje i 1819. Kring 1818 hadde Ebbe fått bygsel på Hatlehol Indre og dei busette seg difor der. Ebbe var særleg involvert som vitne på fleire av dokumenta som sjursgardsfolket fekk oppretta i forbindelse med kjøp og sal av gardar eller bygselskontrakter. Kvifor han vart forlovaren til Nils veit eg ikkje heilt sikkert, men truleg kan det ha ein samanheng med at Ebbe vart oppattgift med Berte Eriksdotter Kvassnes, som truleg var søstera til Nils. Du kan lesa meir om Ebbe i ein eigen tekst her på www.emblemsbygda.com. Under garden Emblem. Kvar Ole Iverson Kongshaug kjem inn i biletet er eg ikkje heilt sikker på enno. Det er sjølvsagt ei mogelegheit for at han er broren til Bernt Andreas Iversen Emblem som var stefaren til Berte, og dermed som onkel å rekne.

Nils og Berte fekk i alle fall sønene Johan Magnus i 1838, Johan Elias i 1841 og Ebbe Carolus i 1844, Ved utskiftinga for Emblem fekk Nils ein todelt gard. Det gjekk ikkje å dele samtlege gardar inn i berre eit stykke, som først tenkt. I teorien er det sjølvsagt mogeleg, men i praksis vart det ikkje mogelg å verte einig om noko slikt. Truleg har det samanheng med kva som var oppdyrka på den tida. Slåttemarkene og åkrane låg for det meste i hellingane nedanfor det gamle kyngetunet der Steffågarden og Skillingen ligg i dag. Dei nye hovudstykka til Ebbegarden og Jakobgarden var nok

for det meste udyrka og i Ebbegarden var det ein del myrlendt også. Namn som «Ebbemyra» og «Meierimyra» og «Toskhaugmyra» vitnar om at dette vedvarte fram mot 1900 også. Der fanst gamle åkrar og dermed brukbar dyrkningsområder i Ebbegarden også sjølvsagt, for gamle namn som «Linåkeren» frå tida før 1835 er ein god indikasjon på den slags. Eg har ikkje funne nokon tvistemål, knytt til utskiftinga, som er registrert i panteregisteret, men det er interessant å merke seg at heller ikkje utskiftinga vart nemnd her. Resultatet blei i alle fall at Ebbegarden vart delt i to deler. Den største delen var innanfor Røssevoll-elva der Ebbegardstunet ligg i dag, men dei fekk også ein «tunteig» som låg på der det gamle klengetunet stod før 1835. Det kan vere grunn til å tru at det var den same plassen der Ebbegarden hadde hatt husa sine tidligare, slik at nokre av desse vart ståande der framleis. Det vart skrive i bygdeboka at Nils flytte husa sine, men det er nok ein «sannheit» som ikkje held heilt likevel. Det var mange hus i det gamle Ebbegardstunet. Nokre hadde kanskje vorte kondemnerte etter år og elde, men sidan Ebbegarden var ein sjølveigd gard, så tok dei nok litt betre vare på husa sine enn andre. Eg vil tru at kvenna vart ståande på same plassen, medan det nyaste huset vart flytta. Løa i det nye Ebbegardstunet vart truleg større enn den gamle og inneheldt kombinert fjøs, stall og låve. Slik hadde det ikkje vore nokre år tidlegare. Eg skal ikkje seie dette for sikkert, men det ville vore enklast å tenkje nytt allereie når driftsbygningane skulle flyttast, slik at Ebbefjøsen vart sett opp omlag som den stend i dag. Tømmer og murar kunne nyttast oppatt, medan tak og grindkonstruksjonen oppå måtte byggast ny. Det er fleire slike eksempel på gjenbruk i bygda vår. Eg trur også at nokre av husa og truleg også gamlestova vart ståande att i gamletunet. Begge desse teigane vart brukt framleis, og ein sparte seg både flytting av hus og lang køyreveg på denne måten. Hjulreiskap var tross alt ikkje vanleg i bygda enno, så det meste måtte fraktast på sledar, og det var difor meir tungvint enn i våre dagar. Nils brukte begge gard-teigane så lenge han dreiv Ebbegarden frå 1843-1863. Ebbegardstunet vart ikkje flytt rett etter utskiftinga i 1835, men fleire år seinare, etter at han tok over garden i 1843. Den 20. oktober 1850 vart festeseddel til Magnus Larsen Skjortenes underskriven. Magnus fekk opparbeide seg ein eigen husmannsplass, som fekk namnet «Magnusplassen». På den tid var dette urydda mark nedanfor det gamle tunstykket utanfor elva ved Korshaugen. Namnet «Magnusbakken» vert framleis nytta på folkemunne om brattbakken ved staden der Aksla-buda, Posten og seinare Videoposten heldt hus på 1900-talet. Magnusplassen låg omtrent der dagens undergang utanfor eldreboligane på Emblem ligg i dag på Garsendhaugen. Magnus og kona Berte Pedersdotter Skarbø frå Ørskog måtte i tillegg til festeprisen på 30 Speciedalar betale 1 Speciedalar i årleg avgift, samt delta med 6 arbeidsdagar i Ebbegarden i onnene. Nils og Berte løyste kårbrev i 1863 og ein finn dei att i 1865-tellinga, saman med dei nye brukarane i Ebbegarden. Berte vart enke den 17. februar i 1876 og vart sjølv begravd 12. januar 1894. Årsaka til dødsfallet var «alderdomsvaghed»

Sonen Johan Nilsen (1838-1914) var truleg den eldste og difor odelsguten i Ebbegarden. I 1865-tellinga finn eg likevel noko rart. Johan står oppført som «Gaardbruker og Leilænding». Dette er merkeleg sidan Ebbegarden hadde vore sjølveigd heilt sidan morfaren kjøpte bruket i 1812. Bygdeboks gjev ingen svar på dette, men det er verdt å merke seg at det faktisk ikkje finst noko skøyte på garden til Nils. Nils og Berte sat med andre ord framleis som eigarar i Ebbegarden, sjølv om dei var registrerte som føderådsfolk. Det finst heller ikkje noko kårbrev til andre enn plassefolket på Magnusplassen, før i 1881. Då fekk Berte kårbrevet sitt. Den same dagen vart det tinglyst at Johan hadde vunne dødsbuauksjonen etter Johanne Jensdotter Emblem, som var søstera til Berte. Johanne åtte ein fjerdepart i gardsbruket Brevik, og Johan fekk tilslaget med bud på 250 kroner. Normalt vil ein finne kårbrev og skøyte på garden samstundes, men det er ikkje registert nokon stad. Johan omtalar likevel Ebbegarden som sitt eige bruk i kårbrevet frå januar 1881, så det er likevel mogeleg at han hadde tatt over dette året. I avsnittet under har eg også vald å skrive av innhaldet med kårytingane, slik at du kan få eit lite innblikk i korleis det vart utforma:

«Jeg underskrevne Johan Nilsen Emblem tilstaar og vitterliggjør herved at have forpligtet mig ligesom jeg herved forpligter mig til at svare til min Moder Birthe Jensdtr. Emblem paa hendes Levetid følgende aarlige Kaar eller Føderaad og skal samme hvile paa mit uinde Brug i Gaarden Emblems Matr. No 8 Lno. 21 i Borgunds Thinglag som ... Byrde, i hvis Eie eller Besidelse samme i Fremtiden skulde komme: 1) 7 syv voge Byg, 9 -ni- Voge Havre, redneset og af det ... som avles paa Gaarden, samt 2 -to- Tønder Poteter. 2) Fornæring Røgte og Pleie for 2 –to- Kjør og 5 -fem-

Saue alt forsvarlig og for Kjørenes Vedkommende besørges ogsaa Melkningen saavel Vinter som Sommer og Melken bringes til hende i Huset. 3) Frit og frosvarligt Hus saavel for hendes Person som for de Ting Gjenstande hun maatte eie eller have. I Slatåret skal hun have Raadighet over og Benyttelse af den Sval, som hun før har havt. 4) Frit Aar Til Behov enten Torv eller andere Brænsel efter omstendighederne, hjembragt og indhugget, og naar det skulde ønskes og tiltrænges ogsaa bringes Til hende i Huset. 5) Frit Mølle for det Korn, som hun for eget Behov Tiltrænger. 6) Saalenge hun maatte ønske det, skal hun være berettiget til at bruge og benytte 2 -to- aagre, en større og en mindre, beliggende paa det Stykke af Gaarden, som hun indtil for et Par Aar tilbage benyttede.Til disse Aagre skaffes fornøden Gjødsel som i rette Tid kjøres paa Aagrene uden udgift for hende lige som Pløiningen besørges uden Vederlag. 7) Tilsyn og pleie paa forsvarlig Maade og til enhver Tid Kjærlig Omsorg saaledes som det andlaar og sømmer sig Børn med Fordlorne (?) Foranstaaende Føderaad er for 5 Aar taksert til en Verdi af Kr. 715,00 -syv hundrede og femten Kroner, og de i 6 Post omhandlede Brugs Rettigheder samt i 3 Post Husbekvemmelighederne takserede til Kr. 60.00 – seksti kroner Aarlig. Emblem den 29. januar 1881.

Johan Nilsen Emblem. Til Vitterlighed: K. Furseth. A. Andersen

Johan brukte begge gard-teigane slik som faren før han. I 1865 hadde dei hest, 13 kyr, 13, sauer, 7 geiter og 2 grisar på garden. Dei dyrka 3/4 tønne med bygg, 1 tønne blandakorn, 6 tønner havre og 6 tønner med potet. Ein kan med andre ord sjå at kjøtproduksjonen var på veg opp i forhold til korndyrkinga. Johan var gift med Karoline P. Olsdotter frå Haram Prestegjeld og dei hadde vore berre 23 år når dei tok over garden to år tidlegare. Dei hadde to born på denne tida, Olivia på 2 år og Oline på 1 år. Oline S. Klausdotter var 18 år og «tenestepige». Ho kom frå nabobruket Negarden og truleg hadde ho ansvar for borna, som det vart fleire av etter kvart. Sidan er det litt vanskelegare å fastslå nøyaktig kor mange born som Johan eigentleg fekk. I 1900-tellinga finn eg i tillegg borna Ole, Andreas, Elias, Marie Sofie Henriette, Ragna og Berthe, så 8 born hadde dei i alle fall. Jentene kunne truleg lettast verte gifte til eit anna gardsbruk, og eldstedottera, Olivia, fann seg også ein kar frå Eikrem. Johan dreiv begge Ebbegard-partane som eit samla bruk heilt til 1906, og so lenge ville truleg ikkje eldstesonen vente. Nils vart skipper i staden, og busette seg først i Ålesund, før eg finn han på Giske i 1910-tellinga der han er gift med Karen Larsdotter Giske, har ei datter og har vorte fiskar igjen. Eg fann han også med tittelen skipper i den 24. november 1901. Då var han forlovaren til yngstesøstera si, Berthe Jensine Johansdotter Emblem, som gifta seg med snekkersvenn Peder Olaus Martinus Ekrem. Dei busette seg også i Ålesund. Andreas finn eg ikkje att i digitalarkivet etter at han vart registrert som ugift og heimebuande bygningsnekker i 1910, men eg veit at han fekk seg frådelt eit stykke frå farsgarden.. Berthe vart oppatt kalla etter farmora si, som døydde 7 år tidlegare. Ragna gifta seg med Tor Ingvald Johansen Indresæter frå Stordalen i 1909, Marie gifte med Hans Ramsvik og Elias gifte seg med tjenestejenta Johanne Oline Helene Rasmusdotter Aakre frå Haram i 1917. Eg skal kome attende med litt fleire opplysningar om nokre av desse.

Dessverre gjev ikkje 1865-tellinga noko svar på kor mange hus som stod på garden dette året. Det eg derimot veit, er at Johan var ein dyktig gardbrukar. Allereie i 1868 hadde han like høgt dyretal og avling som Ystebøen, med hest, 11 kyr, 20 sauer, 12 tønner bygg, 35 tønner havre, 34 tønner potet og 72 skippund høy. Det var tydeleg at noko var i gjere. Det var rett nok ikkje så mykje meir dyr på garden, men avlinga hadde vokse enormt. Kanskje var det resultat av omfattande nydyrking dei siste åra? I panteregisteret finn eg berre informasjon om at oppsitterane på Emblem og Nedregård hadde sett opp «Hagaard» i utmarka i 1872. I 1900-tellinga finn eg heller ingen nøyaktige tal på hus på garden, men det var nok slik at det ikkje var særleg fleire hus i tunet på den tid, enn det me kan sjå på biletet frå tida kring 1910. Då stod det eit stabbur, løe og eit hus i tunet. Tida med mange små og spesialiserte driftsbygg var uansett forbi. I 1904 vart foreksempel dei to små driftsbygningane i Larsgarden på Austrem tatt ned og erstatta av ein langt større låve med alt inkludert under eit tak. I kartet frå det same året kan ein framleis sjå omriss av dei to gamle husa. Restane etter dei vart nytta til å byggje opp veggar i fjøsen og kring brøten. Nokre av desse veggane stend enno. Det var på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet at slike store driftsbygg for alvor kom opp i bygda vår. Dei som rydda nye plassar gjorde dette mykje tidlegare, men med mindre tal kvadratmeter om det var på ein husmannsplass. Liknande bygg finn ein også på 1850-talet, så det kan vere mogeleg at ei slik stor-løe kom opp på eit tidleg tidspunkt i Ebbegarden.

1900-tellinga gjev derimot andre opplysningar som er nyttige. Dei hadde i alle fall potet, og truleg litt korn framleis. Der var ingen kjøkkenhage på garden, men derimot frukthage. Dei hadde framleis krøter og fjærkre, men det finst ikkje nokon eigen kolonne for småfe som geit og sau. På meir generelt grunnlag kan ein likevel seie at geitehaldet hadde vorte dramatisk redusert sidan 1860-åra og at det var hovudsakleg mjølkekyr og kjøtproduksjon som det vart satsa på i bygda vår frå omlag 1900. Ved Røssevoll-elva rett vest for tunet hadde ein også sett opp eit bygdemeieri med smørproduksjon som satsingssområde frå tidleg på 1890-talet. Det var etterspørselen frå den veksande byen som var i ferd med å påverke kva bøndene på Emblem skulle produsere. Noko småfe fanst likevel på garden. Det kan me sjå av kårbrevet frå 1906, som eg skal refere frå lenger ned i denne teksten.

Fleire i Ebbegards-ætta hadde flytta mot Ålesund og fiske var framleis ei god kjelde til kontantar attåt kjøt og smør. I 1900-tellinga var det berre yngstedottera, Ragna Johansdotter på 17 som var heimeverande og «sysselsat med Kreaturstel, Husgjerning og Indhøstingsarbeide. Brødrene Ole, Andreas og Elias var alle i Ålesund på fiske saman med far sin som hadde eigen båt. Andreas var snekker attåt, medan Marie var meir varig busatt der ute som «sypige». Få av desse vart verande særleg lenge i Ålesund. Fisket var sesongbasert og dei budde der fordi det vart lettare å kome seg ut på felta på utrorsfisket. Ole tok som tidlegare nemnd over farsgarden nokre år seinare, Andreas fekk altså skild ut ein litan parsel på farsgarden og fortsette som snekkar, medan Elias fekk kjøpe det som skulle verte «kårstykket», Den vestlegaste delen av garden som fekk namnet Tunheim i papira og Skillingen på folkemunne. Ingen som eg har snakka med veit i dag opphavet til namnet «Skillingen», nokre meinar at det kan ha samanheng med ein meir spøkfull tone i bygda. Det var ikkje vanleg å halde att ein så stor del av garden til kårstykke attåt kårbrev på den andre gardparten. Johan vart også kalla «Skillings-Johan», så kanskje det var hentyding til at dette vart «Spareskillingen» hans? Dottera Marie Ragna gifte seg altså som tidlegare nemnd til namnet Indresæter i Stordalen i 1909.

Ole tok over Ebbegarden i 1906. Skøytet vart underskrive 8.11.1906. I 1912 og 1914 tok han opp lån i Borgund sparebank. Det første var på 300,- og det siste på heile 3000,-. Det er mogeleg at det største beløpet kan ha hatt samanheng med enten vøling av husa eller båtkjøp. Broren Elias fekk kjøpe det vestlege stykket, som vart særksild skyldsett med namnet «Tunheim», eller Skillingen på folkemunne. I Skøytet frå Johan til Elias i 1913 finn eg att Andreas. Faren hadde skylddelt eit stykke til han rett før han overlet det austre stykket av Ebbegarden til Ole i 1906. (dette skal eg kome attende til) Denne «parcellen» hadde fått namnet «Fagerheim» og bruksnummer 17. Så vidt som eg har funne ut, så vart det sett opp ei lita hytte der Andreas hadde stykket sitt. Hovudbruket hadde framleis rett til å ta mold på stykket hans på «Toskhaugmyra». Plassen låg mot utmarksgrensa i nord og Fursetgarden og Jakobgarden i vest. Denne delen vart nokre tiår seinare kjøpt av Alfred Østrem frå Abrahamsgarden, som no hadde eigen gard med namnet «Solvang». Alfred var gift med Marie Lovise Olsdotter Emblem (1916-1983) frå Ebbegarden. Ho var niesa til Andreas og dessutan næraste nabo. Marie og Alfred skal ha tatt seg av Andreas og fekk difor kjøpe denne parsellen frå han seinare. Andreas sin plass låg der som Rolf Østrem frå Solvang bur i dag.  Alfred Østrem kom frå Abrahamsgarden og fekk rydda seg ein ny gard på Abrahamsgarden, Steinsgarden og Ebbegarden si utmark (samt et stykke frå Jakobgarden og Fursetgarden/Nybø) som fekk gardsnamnet Solvang.     Andreas hadde også vore i Amerika. Han drog med utvandringsattesten i handa i det store utferdsåret frå bygda i 1911. Han kom likevel attende og døde i heimbygda i 1948 som ugift.

I det tinglyste skøytet på Tunheim/Skillingen frå 17.12.1913 går det fram at Elias kjøpte denne delen av farsbruket for 1500,- frå faren. Det går vidare fram av doumentet at Elias sjølv hadde sett opp hus, fjøs og løe der allereie. På dette tidspunktet hadde broren Ole tatt over den austelgaste delen av Ebbegarden, men med nokre unntak. Fjøsen på setra og kvennhuset skulle delast likt mellom Ebbe på Tunheim og Ole i Ebbegarden, Ebbe-Elias skulle også få ein halvpart av trerøringsnaustet i Jagtevika i Emblemsvågen, men det skulle delast med broren Andreas Johansen Emblem på «Fagerheim», som altså er det stykket som Rolf Østrem eig i dag. Elias skulle også overta kårytingane til faren og mora Karoline. Det vart likevel ikkje så langdrygt kår, for faren døydde allereie den 22. mars året etter av kreft. Han var kanskje sjuk allereie når han selde Skillingen. Mora Karoline Olsdotter levde 6 år til og døydde 30. august 1920. Mora, Karoline, rakk, i motsetning til faren, å få med seg at Elias vart gift. Den 11. november 1917 stod 39-årige Elias Johansen Emblem ( 1877-1970) brudgom i Borgund Kyrkje. Den utkåra var den 4 år yngre tjenestejenta Johanna Oleana Helena Rasmusdotter Aakre (1882-1970) frå Haram. Det vart truleg skikkeleg bryllaupsfeiring i bygda, for plassemann og dampskipsekspeditør Ludvik G. Ingebrigtsen Emblemsvåg gifta seg også den same dagen. Ved sidan av gardsdrifta dreiv Elias ein god del med fiske når det va vér til det. Inge Emblem fortel at han har vore med på torskefiske i ein 28 fots motorbåt saman med Elias, faren sin Martinus frå steffågarden og onkelen Lars Olsen Emblem frå Auregarden. Inge er fødd i 1919, så det må ha vore på 1930-talet. Båten hadde då fått ein liten lugar der 3-4 mann kunne sete på same tid. Du kan finne meir og Ebbe-Elias i ein eigen tekst her på www.emblemsbygda.com

Ole Johansen Emblem (1870-1914) var altså sonen til Johan, og fjerde generasjon med sjølvstendige bønder. Ole gifte seg med Sofie Jørgendotter Valde (f. 1883) frå bruk nummer 13 på Valle. Soleis var det ei forbinding mellom Ebbegarden og Oppigard på Hesseberg også. I 1910-tellinga finn eg 4 registrerte born. Kristine var eldst og fødd 23.4.1904, Johan vart fødd 13.1.1906, Ingrid 8.12.1907 og Jørgen vart fødd 17.12.1909 og døde 25.11.1986. Klara Fredriksdotter Emblem frå Negarden var berre 14 år og tjenestejente i Ebbegarden det året. Etter 1910 er det litt vansklegare å finne alle borna som vaks opp i Ebbegarden. Eg har likevel funne Asbjørg Elfrid Olsdotter som vart fødd 22.9.1914. (Ho deler gravstein med broren Johan og søstera Kristine på Borgund kyrkjegard.) Asbjørg døydde 18.12.1985. vidare har eg fått opplysningar frå Eli Sofie Skogstad om resten av borna. Solveig Olsdotter Emblem (1912-2002) Ho gifte seg med Egil Hansen (1913-1986), Marie (Maja) Lovise Olsdotter Emblem (1916-1983) var ho som gifte seg med Alfred Østrem, Kristine Olsen Emblem (1922-1996) vart "yngste Kristine", oppattkalla etter storesøstera si som døde i 1921. Til slutt kom Anny. 

Kjenner du til fleire etter 1910, så er det berre å ta kontakt. Ein finn ingen kårfolk på garden, for dei var det broren Ebbe-Elias som tok ansvaret for då han overtok den vestlegaste delen (Tunheim/Skillingen) som no hadde fått gardsnummer 12 og var skild ut som kårstykke allereie på 1890-talet. Kårkontrakta var det likevel Ole som måtte signere då han tok over i 1906. Kvifor han valde å overlate den til Broren kan ein kanskje få eit svar på i sjølve skøytet som vart tinglyst 17.6.1907:

«Underskrevne Johan Nilsen Emblem tilstaar og vitterliggjør herved at have solgt, ligesom jeg herved til min Søn Ole Johanssensælger , skjøder óg overdrager mit eiende Gaardsbrug paa Emblem Gaards No 6, Brugs No 8 i Borgunds Herred af Skyld 1 mark 84 øre med paastaaende Huse med Undtagelse af 1/2 Del i Nøstet, Halvdelen i Kvernbruget, samt Halvdelen i Sæterhusene, som jeg forbeholde mig til Eiendom. # Med Hensyn til den nordre Grænse for anførte Brug henvises til en under 8. Oktober sikleden foretagen Skylddelingsforretning mellem Hovedbruget (Hvis gjenværende Skyld ovenfor er anført) og en fra samme fraskildt ... af. At de Bestemmelser, som i nævndte Forretning er fastsatte bliver gjældende saavel for Parcellen som Hovedbruget. Ved dette Salg forbeholder jeg mig og Hustru karoline Olsdatter for vaar Levetid følgende aarlige Kaar, der hviler paa Bruget, som en reel Byrd i hvis leie eller Besiddelse samme i Fremtiden maatte Komme, nemlig: #1 125 kg – et hundrede Kilogram. Havre og 3,6 Hl. Poteter. #2 Hver 3ie Dag, saalenge de samme Også giver Melk, forbeholdes Ret til melkning af 4 -fire- Kjør samt 1 -en- Spædkalv levert aarlig. Naar Kreaturene holdes i Udmarkenbesørges melkningen af Kaaryderen og for Kaarfolkene, og om det paa Grund af Sygdom eller Alderdom tiltrænges ogsaa hjemme og til leveret i deres Bolig.Likeledes Ret til Fodring af 1 -en- Sau og 2 -to- Være, samt Ret til Beitning for disse saavel hjemme som i Udmarken sammen med Gaardens Smaafæ. #3 Frit Brug og Benyttelse af den østre Halvdel i Stuebygningen og ligeledes østre Halvdel i Stabburet. #4. Frit Brændefang til fornødent Brug som naar Kaarfolkene ikke selv er istand dertil bliver at besørge i brugbar stand. #6. Frit forndent Brug af Hest og Kjøreredskaber, dog ikke til Benyttelse ved Driften af den forbeholdte Parcel. #7. Tilsyn og Pleie om saadan tiltrenges, særlig i Sygdom og Alderdom. #8. For  Langenden de fremgaar af ovenførte Kaar: 36 kg -tredve og eks kilogram Byg, 1,2 Hl. Poteter ... Fodring af 1 -en- Vær og Melkning af 4 -fire- Kjør de kun hver 4te Dag ... svares alt uforandret. Kaaret og des til sædvanlig Tid og Forsvarligt såvel med Hensyn til Kvalitet som Kvantitet. Foranstaaende Kaar oversættes efter beste Skjøn, hvad Brugen af fast eiendom angaar til Kr. 40,00 -firte Kroner for 1 -et- Aar og Kaaret i det Hele for 5 -fem- Aar til 750 Kroner. # Det herve solgte Brug overdrages med Herligheder og Rettigheder, men ogsaa Byrder og Forpligtelse saaledes som det har Tilhørt mig for en Kjøbesum af Kr. 3200,00 -tre tusende og to hundrede Kroner- og da nævnte Sum tre tusende og to hundrede Kroner er mig indbetalt, skal bemeldte Gaard herefte tilhøre Kjøberen, hans Kone og Arvinger som en lovlig Kjøbt og betalt eiendom, og forbliver i hans Hjemmelse efter Loven. Ovenbemeldte sum er mig udbetalt # Emblem den 8de November 1906.

Johan Nilsen Emblem. Ole Johansen Emblem# Til Vitterlighed: K. Furseth Lars O. Emblem.

Så vidt som eg kan sjå så var ikkje kårkrava urimelege på nokon måte. Samstundes vaks ungeflokken og borna kom tett frå 1906. Broren Ebbe hadde truleg betre plass i nybygd hus på Skillingen. Faren må sjølvsagt ha vore med på eit slikt byte han óg, så det var truleg praktiske årsaker som førte til at Johan og Karoline heller tok kår på Skillingen. Stemmer opplysningane i Borgundboka, så var årsaka at Johan (også kalla Skillings-Johan på folkemunne) budde der på denne tida. Han overlet ikkje dette bruket til Ole, og selde det først til Elias i 1913. Han må ha klart seg godt på eiga hand frå 1906, og Skillingen var jo utskild minst ti år før dette. Det må i so fall ha vore ein annan stad tunet låg enn i dag, for på eit bilete frå 1909-11 finst ikkje Skillingen på den staden tunet ligg i dag. Kanskje har det aldri lagt der før Elias bygde husa sine der?Dette får me truleg aldri fullgodt svar på. Karl O. Emblem (f. 1907) fortel også at han dreiv borgundfjordfiske på denne tida med eigen båt. Johan fekk soleis dobbelt kår frå 1913 til 1914. Til trass for kårkrava, så greidde Ole seg temmelig bra på det som var att av Ebbegarden. Den 11. februar 1918 vart det også tinglyst eit overskjønn frå Borgund Kommune på erstaning for kommuna sin bruk ag grunneigerane sine grustak. Ole var ein av desse, og det vert opplyst følgande:

« #12# Grustaget paa Ole Johnsen Emblems eiendom. Det ligger paa Søndre side av bygdeveien straks vestenfor Spændbroen over Østremselven. Langs veien paa stedet skal H. P. Mittet ha kontrakt paa hustomt i en bredde av – efter hvad der blev oplyst – omtr. 10 meter fra veikanten i østre kant og omtr. 11 m i vestre kant. Grustaget ligger på søndre side av Mittets tomt og er 13 meter bred i østre kant (sår til et bjerketræ i bakkeskraaningen) til en nedsat sten, og vestre kant fra denne sten til en .. større bjærk er 16 meter # Mændene bestemte ertatningen til kr. 50,oo en gang for alle eller 8 Kroner aarlig. En stemte for Kr 50,00 og 6 Kroner # Grundeieren Ole J Emblem mente, at de opnævnte skjøns- of takstmænd, der er skatteborgere i Borgund kommune maatte anses inhabile til at utføre takstforetningen. # Ordføreren var ikke enig her. Naar fogden har opnævnt mænd fra Borgund som Skjøns. Og takstmænd, saa er det skeet overenstemmende med gammel hevdbunden praksis og tidligere retsavgjrelser # I denne ordførerens betragtning av forholdene var administrator enig.»

50 kroner var uansett gode pengar på denne tida. Det fanst også grustak eit par plassar til i bygda til vedlikehald av bygdevegen, men nokre år etterpå hadde fleire sett at det var ei kjærkomen ekstrainntekt å selje sand og grus til husbygging når utrorsfisket for det meste tok slutt og større båtar tok over på 1930-talet. Og med dårlege tider, så fekk ikkje alle arbeid på selfangst heller. Rett mange ungdomar gjekk å sparka i grusen,bokstaveleg talt, men no byrja ein å sjå inntekter og arbeid i sandhaugane på heimgarden. På Østrem vart det seld sand både i Abrahamsgarden, Larsgarden og Steinsgarden. Konrad i Steinsgarden hadde vore ein av dei tidlegare arbeidsledige ungdomane kring Aksla-buda, men no vart det med eitt meir å gjere. Når Alfred Østrem fekk kjøpt seg gard rett nord for staden der fotballbana på Emblem ligg i dag, vart det til at også han selde sand. På denne tida vart stadig nye hyttetomter frådelt gardane på Emblem for sal, og dei som ikkje hadde odel, fekk likevel frådelt tomter til hus og hage på heimgarden. Slik fortsette det i stort monn fram mot 1970-åra. I Ebbegarden vart det ikkje skild ut så mange tomter etter at Andreas hadde fått sitt stykke og Skillingen vart eigen gard. Det einaste unntaket er parsellen «Bjørktun» som vart tinglyst i 1932. Dette er truleg tomta til Egil Hansen og kona Solveig, som kom frå Ebbegarden. Dei kjøpte hustomt med plass til hage på denne tida. Huset er i dag ombygd, men ligg på den same staden på høgre side av innkjøyringa til dagens Emblem Skule. Huset ligg i bakkehellinga og grensar i vest til gangvegen mellom skulen og barnehagen. Det vert fortalt at Egil vurderte å kjøpe huset på den då nylig nedlagte Daleplassen i Magerholmdalen, men var frårådd dette av snikkarlaget. Det fanst ingen skikkelig køyreveg dit, og nedtaking og frakt av tømmeret ville langt på veg overstige prisen på eit nybygg. Slik vart det nybygd hus i staden.

Det var den nest eldste i borneflokken som tok over Ebbegarden i 1941. Han heitte Johan Olsen Emblem (1906-1973) og var broren til Yngste-Kristine O. Emblem (1922-1996 ). Dei var dei siste som dreiv garden og budde der samstundes. Så lenge eg kan hugse så har det vore slekta på Solvang, Asbjørn Østrem som slo markane, og dette tok i alle fall til etter 1980. Det er ikkje så lett å finne kjeldemateriale etter 1940 på grunn av kjeldevernet. Skal den nyare historia skrivast, så treng eg soleis hjelp til dette etterkvart. I våre dagar er Ebbegardsnamnet vidareført i den nye andelbarnehagen som ligg på innmarka tett ved huset. Det bur fortsatt folk i Ebbegarden, sjølv om garden i likheit med dei aller fleste bruka på Emblem er nedlagd no. 

Har du ytterlegare opplysningar eller minne, så vil eg gjerne høyre frå deg på telefon: 95801801 eller e-post: sveostrem@hotmail.com

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
25.05 | 17:31

Skulle gjerne visst mer om Johan, min bestefar.

...
11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE