Akslasetra

Kan det vere f.v. Hjørdis Akslen og John Emblem? Fotografen er ukjend. Biletet er lånt ut frå fotoalbumet på Stigen av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Kanskje setrehelg på Akslasetra F.v.: Jofrid Emblem med ryggen til, ukjend dels skjult, Karen Akslen, ukjend jente, Petra Hesseberg dels vend mot bordet med lys kappe og Antonette "Anti" Akslen lengst til høgre. Ser ut som John Emblem i døropninga til Høleselet. Foto: Karsten Terøy delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.

Samling ved Stigeselet. Bak f.v. Perdy Østrem?, Petra Hesseberg, Harry Akslen Framme f.v. Jofrid Akslen g. Emblem, Antonette "Anti" Akslen og Johanne Hesseberg. Takk til Harry Akslen for hjelp med namna. foto: ukjend. Lånt ut av Mariann Randi FIskerstrand Bjørdal

Kanskje ei setrehelg? Kaffikos utanfor Høleselet. F.v. Jofrid Emblem, Karen Akslen, Antonette Akslen og Petra Hesseberg med ryggen til foto: ukjend. Delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Alfred Hesseberg frå Brennhaugen framfor Brennhaugselet på Akslasetra. Biletet er truleg tatt etter at selet vart flytta til sin noverande plassering vest for Setrevatnet

Kartet syner omlag kvar Urdastølen låg i forhold til dagens Akslaseter og Østremsetra

Akslasetra ca.1959 f.v. Arthur Østrem, Olaf Engeseth og Magnar Skrede foto: Karsten Terøy. Delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v.: Olaf Engeseth, Magnar Skrede og arthur Østrem på vei til Magerholmsetra. Foto Karsten Terøy. Delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

f.v. Magnar og Kjell Skrede har fanga ål. Foto. Karsten Terøy delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v. Alfred Hesseberg, Kjell Skrede og Magnar skrede har fanga ål i småelva. Fotograf er Karsten Terøy. Biletet er lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.

f.v. Inge Akslen, Rigmor Leira og Erna Østrem utanfor stigespelet ca.1959. Kan det vere eit humoristisk svar på biletet av ålen? foto: Karsten Terøy delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v. karl Johan Hesseberg, Kari Terøy og Oddhild Østrem eingong på 1950-talet. Sela bak er f.v. Brennhaugselet og selet til Øvste-Aksla. Foto: Karsten Terøy og delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v. Oddhild Østrem og Sverre Hesseberg Foto: Karsten Terøy og delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v.Erna Østrem Ola Brendfur og Magnar Skrede ca.1959 foto: Karsten Terøy delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

F.v.Ruth Terøy, Ola Brendfur og Kjell Skrede ca.1959 foto: Karsten Terøy delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

John Emblem foran Stigeselet. Foto: Karsten Terøy delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Lillian sæter. Foto: Karsten Terøy og delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Oddhild Østrem framfor Stigeselet. Foto: Karsten Terøy. Delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Sverre Hesseberg utanfor Brennhaugselet. Foto Karsten Terøy. Delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.

Kan det vere ei påske seint på 1950-talet? F.v. Ruth Terøy og Sverre Hesseberg med trekkspill. Foto Karsten Terøy. Delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Lillian Sæter med kyrne på Akslasetra. Foto Karsten Terøy. Lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Akslasetra sett frå Høleselet (bak fotografen). Det brune selet er Brennhaugselet og bakerst er hytta til Øvste-Aksla bygd på tuftene av gamleselet. Foto Svein Ove Østrem

I dag ligg det ei hytte omlag der som Urdastølen låg. Staden vart i dag omtala som "Huldrestølen" i staden for det opphavelege stølsnamnet. (Flyfoto)

 Akslasetra har ikkje lagt so lenge der den ligg i dag. Opphaveleg hadde brukarane på Aksla setra si inn under Skurene på austsida av Setrevatnet. Det er godt mogeleg at setra har lege andre stadar tidlegare, men det er også mogeleg at stølen ved setrevatnet var den fyrste setra som akslakarane bygde. Eg er ikkje sikker på kvifor denne setra fekk namnet «Urdastølen» opphaveleg. Eg veit at det finst feire setrar i landet med same namn. Det er ikkje utenkjeleg at namnet har samanheng med «steinur» eller «steinrøys». Det er interesant å merkje seg at Mattis-bua på berga rett aust for Østremsnausta, nede i bygda, har vore omtala som «Mattisbua neonde urda».

I følge gardsoga har også Reiten hatt sela sine på Urdastølen. Stemmer dette, så kan det vera medverkande årsak til at stølen ikkje har fått namn etter matrikkelgarden slik som Østremsetra og Gamle Emlemseter. På den andre sida så har det vore litt ulik praksis opp gjennom åra. Nils Ingvald Akslen fortalde foreksempel kring 1984 at Aksla flytte sela sine «ned til Reitesetra» før krigen. Det inneber at brukarane på Reiten hadde flytt sine sel frå Setrevatnet før Aksla-folket, og at namnet Reitesetra kan ha vore i bruk ei tid. Likevel fekk setra namnet Akslasetra hjå både kartverk og bygdefolk. Heller ikkje historikaren Karl O. Emblem stiller spørsmålsteikn ved dette. Namnevala stiller med andre ord fleire spørsmålsteikn enn svar. Har foreksempel Aksla og Reiten si gamle seter alltid heitt Urdastølen, og kvifor bytte ein eigentleg namn frå Reitesetra til Akslasetra? På det siste spørsmålet finn eg ingen andre forklaringar enn at namnet kan ha følgd den største garden, slik som Østremsetra, der det også står sel som høyrer til garden Nedregotten.

Urdastølen

Det finst ikkje så mykje kunnskap att om setringa på Urdastølen, men ei og anna historie er det likevel mogeleg å spore. Den eine historia er truleg frå 1800-talet ein gong. Det vert fortalt at bjørnen gjekk til åtak på ei kvige ved Urdastølen. Kviga klarte å komme seg uti Setrevatnet og la på svøm med bjørnen på ryggen. Det vert fortalt at den saug blod av kviga som symde for livet. Etterkvart som ho kom seg på land igjen så helt bjørnen seg fortsatt fast. Folk på setrane ikring var ikkje særleg skvetne av seg. Dei kom til med rop, stokkar og staur. Bjørnen var som besett då han kom på land. Han gav seg ikkje sjølv om dei heldt eit lurveleven utan like. Ei gamal dame hivde då ta seg klea, vende raua åt bjørnen og feis. Då gav han opp jakta og rusla av garde. Kvar det vart av han er usikkert, men tidlegare munnlege kjelder fortel at dei jaga bjørnen med hund heilt til Eikremsetra, der bjørnen kom seg unna ved å leggje på svøm. Ei nyare kjelde fortel derimot at bjørnen vart funnen att, etter ei tid i Magerholmdalen. Det vart sett i gong bjørnejag over nakkane mot Reiteløypa, og at den vart skoten der. Bjørnen hadde i tillegg drepe fleire kalvar nede på bø-markane i bygda og ein kunne ikkje føla seg trygge når den kom så nært inn mot husa. Det var med andre ord ikkje like artig å vere setrejente i tidlegare tider med både bjørn og ulv ikring seg. Ei budeie skal jamvel ha opplevd at bjørnen sette i å hamre på seldøra med labbane. Jenta var snarrådig nok til å trive tak i grautkjelen idet ho hadde opna døra og sett kven som stod utanfor. Ved å kaste den glovarme grauten på bjørnen, fekk ho jaga den på flukt. Denne historia har ukjend opphav og det er ikkje nemnd på kva seter dette skulle ha hendt. Dei fleste bjørnehistoriene er fortald i fleire versjonar, men med eins hovudstruktur, så det er grunn til å tru på hovudinnhaldet i fleire av dei. Dei fleste har og vorte fortald kring 1920 av dei eldste i Emblemsbygda på denne tida, så det har hendt i endten foreldrene eller besteforeldrene deira si tid.

Det har truleg ikkje vore nokon fast sommerbusetnad på Urdastølen, slik som det var på Gamle Emblemseter. Budeiene gjekk til seters om kvelden og nytta berre selet til overnatting, før dei bar mjølka til bygda at om morgonen etter morgonstellet. Med ein 5-6 kyr kunne mjølkebøra verte på omlag 20 kg. Det var heller ingen setreveg på fjellet slik som i dag. Ein måtte fote seg fram som best ein kunne i myr og på dårlege stiar, gjerne berføtt. Til tider kunne det verte vanskeleg å kome seg over Storelva og ein måtte av og til gå heilt fram til Melsvatnet for å finna ein passe vadestad.

Urdastølen var tungvint å kome til og frå med mjølka. Likevel var setra i drift heile tida som Smørmeieriet i bygda vart starta på 1890-talet. Like eins gjekk budeiene trottug til gards i gryotta for å møte køyrelaga som skulle frakte mjølka frå Aksla til Emblemsvågen der dampskip og seinare motorbåten skulle frakte mjølka heilt til Ålesund etter 1906. Desse nyvinningane i mjølkeproduksjonen krevde at mjølka skulle vere i bygda langt tidlegare enn før. Sjølv om ein klarte å levera mjølka i tide i 20 år, så var det er sannsynleg at det var den kronglete vegen som var årsaka til at ein valde å flytte setra ned til Reitesetra der ho ligg den dag i dag. Det var med andre ord i 1925 at aksla-folket tok til å flytte stølen. Mauritz Akslen var ein av dei og han fortel at tømmeret var merka og demontert. Deretter bar ein stokkane ned til Setrevatnet og festa dei saman som ein flåte. Flåten vart fløytt over vatnet. So vart dei våte stokkane tatt frå kvarandre og frakta med hest eller handemakt dei vel 500 meter nedover myrane til den nye setervollen. Ein kan framleis finne merke etter Urdastølen. Det ligg ei hytte der i dag og plassen er no også omtala med namnet «Huldrestølen».

Det brenn

Den 9. juli 1933 byrja det å brenne på Akslasetra. Ungjentene Hjørdis og Laura Akslen var budeier dette året. Då dei skulle fyre opp i omnen fauk det opp gneistar gjennom pipa som antende det knusktørre torvtaket. Taket tok full fyr og dermed var gode råd dyre for dei to ungjentene. Det var ein særs tørr sommar, så den eine måtte springe heilt opp til setrevatnet for å få fyllt bøttene med vatn. Elva som renn forbi setra var for tørr til at ein kunne fylle bøtta . Vatnet låg omlag 200 meter frå selet og dermed vart kvar tur etter ti liter vatn på heile 400 meter. Furuskogen stod tett inn til setervollen, så det kunne ende med at både stølen og skogen på heile Emblemsfjellet strauk med. Den andre jenta kleiv opp på taket og forsøkte å begrense elden. Etter ein iherdig innsats lykkest det jentene å få slokt brannen. Torvtaket brende opp og veggane vart sterkt svidde, men resten av stølen og skogen vart heldigvis berga.

Den nye Akslastra var berga, men fekk ikkje noko langt liv som levande seter med budeier. Til tross for at traktorvegen kom omlag 1934. Setra rakk likevel å gjere god nytte for seg under andre verdskrigen, men i 1947-48 var det likevel slutt. Østremsetra like ved fekk same sjebne. I dag er dei gamle sela vorte omgjorde til fritidshytter og jamvel dei som fall ned har faått eit nytt liv, om enn i litt større og mer moderne utsjånad, bygd av ny material. Det finst desverre ingen bilder frå Urdastølen, og det er ikkje så mykje å finne frå den nye setra heller, men eg håpar at dykk tek kontakt om nokon har eit bilete eller to.


Kjelder:

Øverlid, Ragnar: «Borgund og Giske Band 2, Gardsoge gardsnr. 1-51». Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1961

Mauritz Akslen (eige skrift om garden Hølå og intervju med Sigurd Langleite kring 1984)

Nils Ingvald Akslen (Intervjua av Sigurd Langleite kring 1984)

Ole Larsen Nedregotten (Intervjua av P. Stensager kring 1925)

Sunnmørsposten 10.7.1933 (kopi av teksten om brannen vart også trykt i Sunnmørsposten 10.7.2008)

->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->->-->

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
10.09 | 20:55

Fantastisk at du skrev ned dette Kjartan ,Har hørt en del fra før ,men dette var utfyllende .

...
12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE