Østremsetra

Budeiene på samla på Grønevollen. F.h.: Olga Østrem, Margit Flydal, Randi Olsen, Laura Akslen, Molla Bjørkavåg, Petra Hesseberg, To stk. Hanken og Judith Akslen (g. Kvangarsnes) bak kua. Det er Judith som har lånt ut dette biletet.

På Østremsetra: Johan Torvik, Laurits Hanken, Judith Akslen, Elise Torvik, Jakob Hanken, Randi Olsen, Harry Akslen, ukjend, Trygve Emblem, ukjend, Olga Østrem, Fremst: ? Hanken. Biletet er lånt ut av Judith (f. Akslen) Kvangarsnes

Utanfor Thorvikselet påska 1949. Namna på ungdomane er enno ikkje på plass, men du kan sjå Einar Thorvik lengst til høgre og Trygve Østrem frå Abrahamsgarden i første rekkje. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten

Bilete og tekst som syner kvar gamlestølen på Østremsetra låg. I dag er fleire sel vorte ombygd til hytte, bygd opp att som hytte på nye stader eller rive. Når det gjeld plasseringa av Larsgardselet og Mattisselet så er dette berre ei kalkulert gjetting. Det er truleg at den same hellinga har vorte nytta så lenge som det har vore setring på denne stølen. Årsaka til dette er at det har vore enklare og ein meir rasjonell måte å bygge selet på. Eit tradisjonelt sel hadde ein lav fjøsbyggning underst.

Østremsetra ein gong kring 1945. F.v.: Hans Østrem, Aslaug Magerholm (g. Østrem) frå Larsgarden og grannen i Mattisgarden, Fredrik Østrem. Jenta Frame i midten er truleg Karen Marie Østrem. Det er moglegeins ein søndag og i bakgrunnen kan ein skimte hestekarjolen til Fredrik. Fotografen er ukjend.

Bilete frå påska 1949 på Østremsetra. Namna er ikkje på plass enno. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten.

Østremsetra påska 1949. i mørke klede Tulla Nedregotten og Olav Nedregotten ved sida av med pipe. Foto: Gunvor "Tulla" Nedregotten. Biletet tilhøyrer Arne Nedregotten

Ein annan biletvinkel av ungdomane utanfor Thorvikselet påska 1949. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten

Østremsetra påska 1949. f.v.: Tulla Nedregotten. ukjend og Olga Skrede. Foto: gunvor "Tulla" Nedregotten. Biletet tilhøyrer Arne Nedregotten

Østremsetra påska 1949. f.v.: Egil Hansen og Olav Nedregotten ved gramofonen. Foto: gunvor "Tulla" Nedregotten. Biletet tilhøyrer Arne Nedregotten

Østremsetra påska 1949. f.v.: Egil Hansen og Olga Skrede. Foto: gunvor "Tulla" Nedregotten. Biletet tilhøyrer Arne Nedregotten

Skitur til Østremsetra ein gong tidleg på 1960-talet. Du kan sjå Mattisselet i bakgrunnen. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten

Østremsetra ein gong tidleg på 1960-talet. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten

Ny-hytta i Larsgarden. Bak f.v.: Lovise og Oskar Emblem, Hans og Aslaug Østrem Framme f.v.: Brødrene Viddal, Liv Østrem (g. Brevik) og Karen Marie Østrem. Biletet er utlånt av ROar Emblem

Jonsok på Østremsetra 1963. Borna ved einebålet er f.v.: Johan Akslen med Arild Østrem framføre seg, Unni Akslen, Laila Lundanes, Sonja Lundanes og Per Ottar Østrem. Karl "Kallen" Østrem sit å kosar seg inntil Abrahamselet medan Flydalselet kan skimtast i bakgrunnen. Det vart rive i 2017. Foto: Odd Lundanes. Biletet er lånt ut av Sonja Lundanes.

Det er ikkje så lett å finne historiske tekstar om Østremsetra. Vel ein å lite på bygdebokforfattaren, Ragnar Øverlid, så skal Østrem og Nedregotten ha hatt felles seter frå gamalt av på den same plassen som setra ligg i dag. Nedregotten har truleg vore ein gard i tidlegare tider og det er difor mogeleg at Østremsetra har vorte utvida med eit større antall sel.

Den første store utvidinga kom med frådelinga av Nedregotten ein gong før 1600. På 1800-talet kom det til stadig fleire sel. Det er mogeleg at setrerettane har vorte delt opp, men det viser seg også at kvar gard har fått rett til å sette opp eige sel. Eit eksempel på dette er garden Ytrebø, eller Flydalsgarden. Bruket vart frådelt Steinsgarden i 1892 av Iver Karlson Furset. Nokre stadar i landet vårt kan ein sjå at slike frådelingar seint på 1800-talet ikkje har gitt rett til eige sel. Slike to brukarar har soleis blitt nøydde til å klare seg med å dele på bruken av det eine selet. På Østremsetra har derimot både Ytrebø og Steinsgarden fått sett opp sitt eige sel. I dag er det desverre berre Flydalselet som stend att av desse to. Steinsgarden selde sitt sel. Det førte til at dei nye eigarane måtte ta ned og flytte selet vekk frå setra.

I dag er det ikkje alle gardane som har sel på Østremsetra. Frå vest kan ein sjå Mattisselet, Abramsselet, Solvangselet med Ytrebøselet like bak, Elvemyrselet, Skare-hytta og Larsgard-hytta lengst i aust. Skarehytta ligg på samme grunn som det gamle Skareselet låg, mens Larsgard-hytta ligg så langt aust at det er lite truleg at det er same plass som selet ein gong låg. Kvar dei andre sela har lagt, og kor mange gardar som har hatt eige sel på stølen, er det vanskeleg å vite i dag. Det er lite truleg at Vestrem har hatt sitt eige sel, men Guttormgarden og Sirigarden har vore so pass store bruk at det det er ei viss mogelegheit for at dei kan ha hatt sel eing gong i tidlegare tider. Det som er rart, er at Elvemyr har sel på stølen (i dag kalla Thorvikselet på folkemunne).

Ved ei kort befaring på stølen hausten 2012 er det fleire tydelege tufter å finne. Det er også mogeleg å ane konturar av  det som ha vore enda eldre tufter også, men der må det ei utgravning til. Synfaringa gir ein viss peikepinn på korleis setra kan ha sett ut i mot slutten av 1800-talet. Dagens Mattissel vart bygd nytt frå grunnen av medan Fredrik Østrem dreiv garden og Larsgardselet lengst aust var det Hans Austrem som bygde saman med sønene Olav og Per Kåre på 1960-talet. Desse sela stod altså opphaveleg på andre stadar. Eg har laga eit enkelt kart som syner kvar desse sela kan ha stått i si tid. Det er tydeleg at sela på Østremsetra har stått mykje nærare og truleg i ei husrekkje i hellinga inn mot berggrunnen frå Skarehytta i aust til Abrahamselet i vest. Steinsgardselet låg ikkje i den samme husrekkja, men selet var heller ikkje like gamalt som dei andre. Ved synfaringa viste det seg at alle tuftene utmerka seg ved mosegroing og tilstand, slik at det var mogeleg å sjå kva som var eldst og kva aldersrekkjefølge dei hadde. Dette er grunnlaget for påstanden min om kvar Mattisselet og Larsgardselet kan ha lagt. Problemet er at stein kan ha vorte flytta på og seltufter nytta om att slik at mi hypotese kan vere feil. På den andre sida så verkar det som om det var nok stein å ta av, så delar av tuftene fekk vere i fred. Likevel må eg undre meg på kvifor Elvemyrselet står i den gamle sel-rekkja. Kan det vere at ein eldre tuft har vorte nytta om att? I så fall kan mi hypotese vere feil også. I biletalbumet kan du sjå kva eg trur. For nokre av dykk så vert kanskje dei gamle gardsnamna litt forvirrande. Eg har sjølv vore vand med å nytte namna Eriksen-selet i staden for Mattisselet, Flydalselet i staden for Ytrebøselet og Thorvikselet i staden for Elvemyrselet.

Opphaveleg har Østrem og Emblem hatt del i det same beitefellesskapet fram til utskiftinga i 1890 Etter utskiftinga fekk Østrem og Nedregotten felles utmark. Dei var einige om å dele på beiteretten på fjellet. Det var setring på stølen heilt fram til om lag 1955 på både Østremsetra og Akslasetra. Det var kona til Skare-Nils, Olave Johansdotter Akslen som var den siste budeia på Østremselet. Ho var svigermor til Inge Emblem og heldt til i Skareselet. Far min meiner bestemt at det var setring det året som Hans Austrem kjøpte Gråtassen, og det var i 1954. Dyra beitte for det meste austover mot Skurene like aust for Setrevatnet. Eg er ikkje heilt sikker på om det har vore slik heile tida, for både Reiten og Aksla har hatt setrane sine i dette området fram til 1925. 

Det finst ikkje særleg mykje kunnskap eller historier om Østremsetra, men eit og anna er det truleg mogeleg å finne framleis. Ei lita historie frå nyare tider skal Alfred Østrem ha fortalt. Han kom opphaveleg frå Abrahamsgarden og broren Trygve var i samme ungdomsgjengen som Olav Nedregotten. Dei to feira også påska saman der oppe i 1949, som du kan sjå nokre bilete av i albumet her på sida. Historia skal ha vore frå ei tid like etter 1950. Olav og Tulla hadde lånt Abrahamselet ei helg. Nokre gutefantar frå mellom anna Abrahamsgarden hadde sett seg fore å ha det litt artig med paret. Om kvelden hadde dei klatra opp på taket og lagt på ei torv slik at all røyken frå omnen trekkte inn i staden. Gutfantane rekna at det tok kort tid før paret måte evakuere og stod klar til å ta imot dei. Men det gutane ikkje var forberedt på var at Olav kom ut med hagla først og fyrte av eit skot i lufta. Gutane sprang raskt av garde og ingen våga å forstyrre dei fleire gongar.

Setra har no vorte meir som ei lita hyttegrend og dei fleste gamle sela er no pussa opp eller bygde om. Det er enno nokre sauer frå Reiten og Fursetgarden som bidreg til å halde noko av graset nede, men det veks likevel opp mykje einekratt og bjørkeskog på setervollen.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.12 | 22:33

Veldig trivelig lesing, takk! Knut Salvesen Tjugen var onkel til min tipoldefar.

...
17.10 | 22:52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
17.10 | 20:35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

...
16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE