VIKTIG OPPDATERING: Salget av bygdeboka har gått utruleg bra. så og seie heile opplaget forsvann ut frå distributøren i desember 2019, og no er det straks tomt. Men ikkje fortvil, for ARK Moa, i Ålesund, har framleis nokre bøker att på lager. Du kan sjekke statusen via www.ark.no og dei kan også sende til heile landet.
Store ting er i gjerde. Etter mange års arbeid er no manuset til bygdeboka klar. Det begynner å nærme seg 60 år sidan Borgund og Giske Bygdeboknemnd gav ut den første bygdeboka for Emblemsbygda. Det er altså på høg tid med ei ny.
Forfattarane Egil Rabbevåg og Svein Ove Dale Østrem har no lagt siste hand på manuset til den komande bygdeboka. Innaumnesingen Forlag er oppretta for å ta seg av det praktiske ved utgivelsen av bygdeboka. Så vidt som vi kjenner til, så er dette den første bygdeboka i sitt slag som ikkje er eit resultat av finansiering frå kommune eller sogelag. Bokprosjektet er resultat av reinhekla entusiasme, og eit sterkt ønske om å få sett gardsoga til Emblemsbygda mellom to stive permar.
I etterpåklokskapens lys har dette prosjektet kosta mykje, men utan dette tiltaket hadde det no vore mykje vanskelegare å samle inn den samme detaljkunnskapen. Nokre av våre aller viktigste kjelder har nemleg allereie gått bort. Etter som tida går, så er det stadig færre att med førstehands kunnskap om bygda vår på tidleg 1900-tal. Vi er derfor utruleg takksame for alle som har tatt seg tid til å fortelle, lese korrektur og rettleie oss på opplysningar og livsminne frå sin eigen gard.
Det er så utruleg mange vi ønskar å takke. Ei bygdebok blir ikkje til av seg sjølv, og den kjem aldri til liv utan velvilje frå bygdefolket og slekta til dei einskilde gardane. Soleis er ei bygdebok like mykje heile bygda sitt prosjekt, som no får liv mellom to permar.
Den nye bygdeboka kostar dessverre litt å skaffe seg. Det kostar å gje ut bok, sjølv om ein arbeidar gratis. Vi må finne ein pris, som kan finansiere kostnadane til utgivelsen, og der er fleire kostnader enn ein skulle tru, sjølv om vi har forsøkt å gjere det heile så nøkternt som mogeleg. På den andre sida så kostar også dei klassiske bygdebokprosjekta ein heil del. Der er mykje på sett og vis finansiert på førehand gjennom skatteseddelen, sidan det er kommunene som betalar mykje av kostnadene. Vi har klart oss med berre brøkdelar av det som er vanleg, og målet er kun å gå i null, men det er alltid vanskeleg å fastslå nøyaktig kor mykje alt vil koste, eller kor mykje vi får seld. I første opplag satsar vi derfor på 250 trykte bøker, så får vi heller trykke meir etter kvart. Eit tilbod om langt billegare e-bøker vil også komme, når bøkene er selde.
Vi håpar at boka blir tatt godt i mot. Det er ei omfattande bok, og det er ikkje mogleg å telle kor mange timar som har gått med i løpet av alle desse åra. Ta gjerne turen innom forlaget vårt på nettstaden www.innaumnesingenforlag.com, eller Innaumnesingen Forlag på facebook. Kanskje vert Bygdebok for Emblemsbygda ei populær bok under juletreet i år?