VELKOMMEN TIL EMBLEMSBYGDA.COM

Velkomen hit til historiske bilde og tekstar frå  Emblemsbygda på Sunnmøre. Det er nokre år sidan dette var butikken og poståpneriet i bygda, men det er faktisk ikkje meir enn 123 år sidan bygda fekk butikk, og 128 år sidan posten vart sortert i bygda vår i moderne tid. Sidan den spede starten har denne sida hatt nærare

to millionar treff, men med ny leverandør startar vi dessverre på null att. Alle undersider må dessutan formaterast om. Det tek mykje tid dessverre. Alt er derfor ikkje slik det skal på denne nettstaden.


Sida er tenkt som ein slags kladd til tekstar som gradvis kjem på prent i meir varig form. Det er også meininga å gradvis legge ut tekstane frå bygdeboka i dei ulike gardsalbuma. Der er vi så vidt i gong.

Hovudfokuset er enn så lenge på bokproduksjonen. Følg oss også gjennom facebookgruppa "Gamle bilder fra Emblem". Det var med den gruppa heile dette historiske prosjektet starta. 


Ta gjerne kontakt med oss via e-postadressa sveostrem@hotmail.com. På sikt vil den gamle løysinga med

Kontakt og gjestebok komme på plass igjen. Nedanfor kan du sjå kva bøker som er utgjeve per i dag

og ikkje minst, den komande årboka for 2023 med fokus på næring og levvevegar i bygda.



LOKALHISTORISKE BØKER FRÅ BYGDA


Bygdeboka


Kom i salg hausten 2019 etter

ti års arbeid. Boka er dessverre

seld ut, men er tilgjengeleg på 

fleire bibliotek. Du finn den

som e-bok på Nasjonalbiblioteket

på nett også.

Årboka frå 2021


Fokuset var segner og livsminne i den gamle bygda, frå Blindheim til Hesseberg, men der er også andre spennande tekstar å lese

Kan kjøpast gjennom

ARK-kjeden via nett.

Ny årbok 2023


Fokuset denne gongen er næringar

og levevegar i den gamle Emblemsbygda, frå Blindheimsgrensa til Hesseberg

Hovudfokuset er frå om lag

1870 til 1989, men vi skal sjå

nærare på dei første næringane

også. Kleberhammaren er ein av

desse. Trykkedato er i oktober